søndag 13. november 2011

På tur i Københavns gater 30 km.

Fredriksborg - fin bydel på 1900-talet
Vi hadde lokalkjente guider: Frank og Lotte, som tok oss på ein byhistorisk rundtur med meir.

Vi sykla først gjennom Fredriksborg bydel, kor vi fekk sjå korleis det var fasjonabelt å bu ei tid tilbake. Deretter sykla vi til Nørrebro. Eit strøk som har vore arbeidarstrøk, men som har blitt rehabilitert i dei seinare år, og er i ferd med å bli populært igjen. Det som er gjort for å gjere området atraktivt er for det første å pusse opp husa og innrede dei med bad og heis. Men viktigare for miljøet er at det er blitt rive mange hus, slik at det i kvart kvartal har blitt store bakgårdar, nesten parkar der det før sto hus. Og luft og lys slepp til over alt i dei husa som står igjen. Riktig vakkert.

Tidlegare tettbygd, nå indre park i eit kvartal i Nørrebro


Midt i København ligg Søerne, idylliske vatn med sykkel/ gangvei og kafear. Fordelen med å sykle i ein by, er at det alltid er lett å få tak i noko å ete og drikke. Som for eksempel i den nybygde Torvhallen, eit tidlegare torg som nå hadde fått ei lekker innraming. Vi prøvde Københavns beste sandwich: Andekonfit i brød. Bare lekkert. Og Frank hadde drikke i sekken!

På kafe i Christiania











Før vi drog til Christiania og dei gjengløymde hippiane der, måtte vi ein tur innom Amalienborg slott. Både Frederik og Joachim var heime, men ikkje mor Margrethe. Dei hadde det ganske romslig i slotta sine, interessant å sjå korleis dei budde.


Kontrasten til fristaden Christiana var stor, men det var mange idylliske stader der og. Svært uvant for oss med åpenlyst salg av hasj på gata. Og skilt med fotografering forbudt, her skulle ikkje ting dokumenterast. Toalettdøra på kafeen lot seg ikkje lukke, og dopapir var der slutt på, men ellers var det fint å besøke fristaden.

Fasadeklatring på Ottetallet

Sør for København blir det bygd opp ein svær, ny bydel på tidlegare ubebygd myrland, Ørestad. Bydelen strekker seg over 5 km, og er bygd langs den nye metroen. Universitetet skal flytte ut der, og Danmarks Radio har allerede gjort det. Rette linjer, betong og metro på søylar pregar området, litt kaldt, men nytt. Spennande å sjå korleis det blir etterkvart.

Vi besøkte Ottetallet i Ørestad, eit særprega og spennande kompleks som har fått prisar: Bygget er forma som eit åttetall rundt to atrium. Det er gode lysforhold i dei fleste leiligheter, og det er mulig å gå tur utvendig på bygget, nedanfrå til topps, heile åttetalet rundt. På veien heim sykla vi om Islands brygge, kor det også blir bygt nye leiligheter, over ei flott gang og sykkelbru, kor fotgjengarar og syklistar hadde separate banar med midtskiljar og tilbake til hotellet.

Det er verkeleg flott å sykle på byferie. Spesielt i København!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar