Sykkelveinettet i København er det beste og mest omfattande eg til dags dato har sykla på, og dei blir stadig utvida. Men trafikken er stor, og det kan vere fullt i sykkelstien. Så fullt at "ladcykelene" er upopulære fordi det er vanskeleg å kome forbi dei. Stavanger Aftenblad skriv 28.07.2012 at det kvar dag blir sykla 1,2 millionar kilometer i København, og at det nå er 37% jobb-/skolesykling. Det er 350 km sykkelstiar, 23 km spesielle sykkelruter og 43 km grøne sykkelturar. Tilrettelegging for sykkel har vore ein villa politikk heilt sidan 60-talet. Noko for Noreg å tenkje på!
Folkeskikk: Syklistane i Danmark er meir oppmerksomme og følgjer trafikkreglane i større grad enn i Norge. Det er stor fart på sykkelvagane, men dei syklar ikkje i fotgjengarfeltet. Ganske ofte er fotgjengar og syklist i ulike filer. Det er ei mengd butikkar som sel syklar, og utanfor butikken kan ein pumpe dekket.
Medan ein i Norge har fått ein sportsleg syklekultur, med dyre syklar, spesiallaga sykkeltøy og stor fart, har ein i Danmark ein kvardagskultur der ein syklar i allslags klede, inklusive dama med smalt skjørt og drakt som er ute med hunden. Sykkelen er for mange eit transportmiddel, korg framme og bak er utbreidd, og det blir laga syklar med stor lastekapasitet. Det er fint i ein by kor mange klarer seg utan bil, kanskje spesielt i fristaden Christiania, som ikkje ser ut til å ha bilvegar.
Dei fleste hotell har sykkelutleie, så også vårt hotell Comfort Excelsior. Pris for ein dag er 125 danske kroner. For det får ein leie ein grei rett-i-ryggen-sykkel med tre gir. Tre gir er nok, dei største stigningane er når ein skal over ei bru eller ein overgang.
Ruta vi sykla? Sjå På tur i Københavns gater
Ruta vi sykla? Sjå På tur i Københavns gater
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar