Igjen ut på Voie Verte, i hovudsak det gamle jernbanesporet, men fleire stader er sporet brote, og då fekk vi merke det kuperte terrenget, i kontrast til det utjevna sporet.
Mykje natur:
Det var ikkje snø, men mengder av frø som gjorde sykkelstien bomullskvit.
Mest spesielt var det å sykle gjennom den 1,6 km lange tunnellen Tunnel du Bois Clair, den lengste sykkeltunnelen i Europa. I den fans det verneverdige flaggermus, og i periodar er tunnelen stengd for å verne desse. Herleg og friskt å sykle, godt opplyst, og med svært godt sykkelunderlag. Kanskje litt nedover, der gjekk raskt å trille gjennom.
Ellers flott og grønt landskap, både vimarker og anna jordbruk, og noko skog. Og landsbyar. Fantastisk natur.

I Prisse
fann Pilfinnersken og Han der kooperativet si vinsmakaravdeling, og kom ut med
verdens beste kvitvin, Pouilly-Fuissé. Etter vinsmaking sykla dei kortaste vegen
til mål,
det vil seie Voie Verte til Macon. Macon har fin promenade langs elva Saône.
Ørnulf og Hu der tok omvegen om vinmarkene i Fuissé, der Pouilly-Fuissé og andre gode vinar blir dyrka. Fantastisk og magisk å kome opp til dei små landsbyane med vinstokkar absolutt overalt i skråningane. Etter kloke overlegningar fann dei ut at nokre av desse druene måtte plukkast for hånd. Og at det nok har lønna seg i mange generasjonar å lage god vin, det var stor velstand.

Dag 1 - 3
på denne turen er mellom dei
finaste etappane vi har sykla. 95 prosent av tida har vi sykla på eigne sykkelvegar i ein
fantastisk natur mellom vakre landsbyar. Lett medvind og fin temperatur, sol
heile tida.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar