Kneskade har hindra sykling lenge, men nå ser det betre ut, og i helga prøvde eg forsiktig sykling på anleggsvegar i Sirdal.
1. Frå Haugen opp Hønedalen til vegen slutta, ca.13 km innover. Ein del stigning i starten, deretter innover i småkupert terreng. Heile tida på asfalt, vegen var stengd med bom, så freden var der, og fjellfølelsen. Eit herleg, bilfritt tilbod. Litt regn og vind, men fint.
2. Frå Kvæven til Deg. Ca. 3 km, men kan forlengast med å sykle i sjølve Sirdalen. Degdammen er stor og imponerande, fantastisk! Mye ein kan oppleve med sykkel. Grusveg, men fin å sykle. Turen vår var fra hytta og blei 11 km. Og kneet held!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar