Bladet Folkevett skriv om grøn lykke, i kontrast til OECD sine lykkemål, som mykje baserer seg på økonomisk velstand. Dei ti overskriftene er:
- Naturopplevingar gir velvere.
- Ta vare på dei gode, små augneblinkane.
- Lykkeleg med trening.
- Prioriter pengar lågt.
- Ver altrustisk, gi bort pengar, ting og eiga tid.
- Smil meir enn du føler for.
- La grøda gro. (Jobbe med jord utan hanskar auker nivået av serotonin).
- Bli oppslukt, ha flyt.
- Vær takknemleg.
- Ha meiningsfulle mål i livet.
Så å sykle smilande gjennom naturen på ein billig sykkel på veg for å besøke ein gammal far, men ha tid til å stoppe opp og sjå på blomane langs vegen og vere takknemlig for både blomane og helsa, og nyte naturen slik at ein gløymer tida, då er det ikkje mykje som manglar! Dersom ein då kan kome heim og hauste sjølvdyrka mat i tillegg....
Vil du lese artikkelen i Folkevett? Side 20 - 21.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar