Fantastisk og til å drøyme om: Langs den 8000 km lange grensa mellom tidlegare Aust- og Vest-Europa, er det i ferd med å vekse fram eit gigantisk nettverk av sykkelvegar og grøne friområde. Frå Grense Jakobselv i nord, til Svartehavet (Bulgaria/ Tyrkia) i søraust var det under den kalde krigen ei stengd grense som mange stader var ganske brei. Dei fleste landa som ligg inntil grensa har slutta seg til arbeidet med å utvikle sykkelveg og å skape eit grønt naturbelte med friområde og naturreservat. I og med at områda langs grensa har vore uutnytta så lenge, har utrydningstrua artar overlevd der.
Den tyske EU-politikaren Michael Cramner er ein av dei som har stått på fot å sikre ruta, og ein av støttespelarane er Green Cross, starta av Mikhail Gorbatsjov. Planen er at ruta skal vere ferdig i 2020, men ein god del er alt gjort. Eg legg merke til at sommarens tur frå Lübeck til Stralsund er med i ruta, eg har alt sykla litt av strekket! Sjå under etiketten Østersjøen.
Offisiell side for Iron Curtain Trail. Eit mektig fredsmonument og ei påminning om kor mykje ressursar det blir sløst på å oppretthalde grenser.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar