søndag 17. mai 2015

Salema - Cabo de Sao Vicente - Sagres 30 km


Fra Salema bratt opp på klippene til landsbyane Figueira og Raposeira. Henrik Sjøfararen budde av og til i huset sitt i Riposeira og han fekk også bygt eit kapell der som ennå står. Men vi sykla bare forbi, 

Vidare går turen gjennom Portugals andalusiske sletter, eit bølgete landskap utan eit tre, men bare låge vekstar. Her er det tørken og vinden som avgjer kva som klarer seg, og det er mykje kaktus, tistlar og sukkulentar. Spor etter landbruk, men få i drift. 


Vidare gjennom Vila do Bispo til Det sørvestlegaste fyrtårnet i Eurpoa, Cabo de Sao Vincente. Alt dette i herleg medvind, mest  grus, men også nesten åleine på vegen. Etter fyrbesøket snudde vi og fekk dermed motvind inn til Sagres (2000 innb.) i det ville klippelandskapet.  I festningen i Sagres var det sjøfartskole, og her samla dei beste kartografane, astronomane og sjøfararane og bygde karavellar til oppdagingsreisene. Tunger av klipper stikk ut i Atlanterhavet fleire stader, og det er flott å sjå bølgene som bryt, både frå sør og frå vest.


Hotel Mareta View er eit topp, nytt hotell med svært lekre fargar i interiøret, og ei nydeleg utsikt. Her ute i vest er temperaturen fem grader lågare enn bare få kilometer lenger aust, men 22 grader er ikkje dårleg det heller.


Hyggelege Petra og Horst frå Dusseldorfområdet syklar same turen, og har same gleden av slik anstrenging som vi har. Oppsummert: Herleg temperatur, men bør ikkje vere varmare. Svært gode hotell, og stor variasjon. Med både kart og GPS var det lett å finne fram, men det var to små ulikheter mellom dei. Karta var gode, men avstanden som var oppgitt var feil minst to av dagane, slik at turen var meir anstrengande enn han ser ut i brosjyren. Stader med restaurantar og kafear var oppgitt på kartet, det var også fint. Landskapet flott! Spennande! Interessant! Løypevalet godt, vi var innom det meste som var av interessante stader og fekk sjå mykje natur og alle typar turisme. Maten har vore god, spesielt når vi bruker råd frå Trip Advisor (Agua da Boca i Salema var eit godt val). Når sykkelvegen går på trafikkert veg, er det malt eit sykkelsymbol i gata, ikkje alltid lett å sjå, så Hu der var glad for å kome ut av vegen, sjølv på grus. Men alt i alt, 262 svært bra kilometer.



Portimao - Salema 52 km


Frå Portimao på lang strandpromenade, Alvor (Rio de Alvor) som faktisk ennå er ein fiskarlandsby, samt turistby. Lagunelandskap til byen Lagos, og langs gullkysten Costa d'Oiro til Burgau og vidare til Salemna, som framleis også har aktive fiskarar. I Salemna får vi hotell på stranda. Vi har sykla gjennom fleire turiststader i dag også, og desse ser fine ut, Alvor, Lagos, Luz og Salemna. Kanskje er dei to siste spesielt fine, ikkje så store. 


På vegen kan vi sjå mendronho-busken som gir smak til brennevinet aguardente de medronho. Heimebrent og sterkt skal det vere. Bæra treng eit år på å bli modne. Først er dei grøne, deretter gule, så orange og til slutt røde og svarte. Og då saman med neste års blomar.


Denne turen er klassifisert med vanskegrad 2. Og i katalogen ser han lett ut med etappar på mellom 40 og 45 km. Vel, for det første har kilometertalet vore betydeleg for lite mange fleire gonger. For det andre er det trekk ved løypa som gjer henne vanskelegare enn ein skulle tru, underlaget er ein ting, grus, stein sand er nemnt, stiar har. Me og vore innom. I dag sykla me for det meste på veg, men nå på. Slutten begynner me på klippelandskapet ut mot Atlanterhavet, og nå er det ikkje litt opp og ned lenger, det er NED og OPP. Stigning på 20 grader, sto det på skiltet. Og Hu der får ikkje full nytte av nedstigninga, ho bremsar!  Godt at sykkelen er ny og bremsene i orden.

Det fungerer godt med GPS og kart. Av og til styrer Han der med GPS inn i eit parallelt alternativ, og havnar på sandstrand med fire etg trapper for å kome opp på vegen. Hu der syklar heller tilbake og rundt. Eller, plutseleg er vegen blitt ein veldig fotturaktig sti ytters på kanten mot Atlanterhavet. Det går litt langsomt, men det gir ei fin oppleving og fine bilete:


Veret? Mellom 20 og 30 grader og lett medvind. Ikkje ei sky å sjå. Har kjøpt ny singlet mrf Portugal på, hadde bare t-skjorter med, og dei er vel varme! Noko negativt? Litt vel varmt i stigningare. He me det ikkje godt!
Hotel Recidencial Salema

Albufeira - Portimao 58 km


Frå hotell Valemar i Olhos de Agua kl 08.30 i fin stil. Terrenget er i ferd med å bli atskillig meir kupert enn dei første dagane, humpete. Det er også varmt, derfor kaffestopp etter få kilometer i Albufeira, kor me også prøvde å kjemme oss igjen frå ca år 2000. Hu der fann hotel Sol de Mar, bildet er i gata med frå hotellet. 
Sidan me i dag har rekord i å sykle gjennom turistplassar, kan me godt seie at Albufeira er ein av dei finare. Eg hadde ikkje trudd det var marknad for så mange hotellrom, resortar og feriewohnungen som me har sett i dag. Og at alle ligg i Algarve! Det er helst engelsk og tysk rundt øyrene våre, og litt portugisisk. Det er vel ikkje så farleg om skandinavane ikkje har oppdaga desse plassene når våre store naboar har det. Men når vi syklar ser vi også baksida. Femti meter frå sjøen er inntrykket eit heilt anna og meir lurvete enn det fine turistpreget på strandpromenaden. 

Under frå .Carvoeiro. Slike stader skulle me først bratt ned, deretter like bratt opp igjen. Varmt. Men me gjer det frivillig. Høyrer det er tre grader i Noreg.

Me fekk litt naturreservatet i dag også, Salgados, som er eit viktig fuglereservat. Sykling dels på treplankar sumpområder i reservatet. I tillegg til fuglane, fekk Hu der og fotografert ville skilpadder. 
Me var nedom kapellet Nossa Senhora da Rocha frå 1600-talet og langs klippene mot Carvoeiro og Ferragudo og over ei imponerande bru over elva Rio Arade til
Portimao.

Portimao er tidlegare fiske- og skipsbyggingsby, nå turistby. Me overnattar på  Hotel Jupiter. Eit firestjerners hotell av typen flott. Me kom fram kl 17.30. Lang dag med pauserekord: kaffe, is, vann, utsikt, fotografering, juice, fyrpausar og lang lunsj! Godt gjort.

Nokon hadde rekna feil. Det var oppgitt at turen i dag var 40 km. Då me hadde sykla 40 km, var det langt igjen, og Strava viste 58,7, sjå under. Då hadde me rett nok ei lita feilsykling på slutten, men maks ein kilometer.

I dag har me sykla mest på asfalt. Skal innrømme at det er litt godt etter dagar med mykje grus, trass i at ein del av dette er på trafikkerte vegar. Eg har sykkel med demping, det er godt på desse vegane, både grusvegar og halvdårlege asfaltvegar. Både demping og hanskar er godt å ha.
      

Ny sykkelsti langs diagonalen!

Heilt i det stille, uten eit ord i avisa, blei det i år (eller i fjor) åpna ein ny bit sykkelsti på sørsida av diagonalen mellom Gausel og Hinna, sjå rosa stilpa linje midt på kartet. Eg blei gjort merksam på dette alternativet av kollega Mary, som syklar el-sykkel frå Lura. Hadde dette vore ein bilveg, hadde det vore store oppslag i avisa, til samanlikning er ein viktig del av ein sykkelveg tilnærma hemmeleg.

Når eg syklar denne vegen, og over Lurahammaren, er vegen til jobben ca 1 km kortare enn andre alternativ. I tillegg er han ganske rask, fordi det er gode vegkryssingar og ikkje så mange farlege sidevegar/utkjørslar. Det betyr ca 14 km (istf 15 - 16) og 50 - 55 min. (istf 55 - 60).

I leit etter kart for å illustrere dette innlegget, kom eg over Stavanger kommune sine planar for sykkelvegnett. Det ser bra ut! - Og Stavanger har også hengt ut pumper og servicestasjon for sykkel, mellom anna i Sørmarka der eg syklar. Eg ser ikkje at Sandnes har noko liknande, verken servicestasjonar eller sykkelplan. Eg trur eg merker det og, på mi løype er det betre å sykle i Stavanger enn i Sandnes. Hurra for Stavanger!