På vegen kan vi sjå mendronho-busken som gir smak til brennevinet aguardente de medronho. Heimebrent og sterkt skal det vere. Bæra treng eit år på å bli modne. Først er dei grøne, deretter gule, så orange og til slutt røde og svarte. Og då saman med neste års blomar.
Denne turen er klassifisert med vanskegrad 2. Og i katalogen ser han lett ut med etappar på mellom 40 og 45 km. Vel, for det første har kilometertalet vore betydeleg for lite mange fleire gonger. For det andre er det trekk ved løypa som gjer henne vanskelegare enn ein skulle tru, underlaget er ein ting, grus, stein sand er nemnt, stiar har. Me og vore innom. I dag sykla me for det meste på veg, men nå på. Slutten begynner me på klippelandskapet ut mot Atlanterhavet, og nå er det ikkje litt opp og ned lenger, det er NED og OPP. Stigning på 20 grader, sto det på skiltet. Og Hu der får ikkje full nytte av nedstigninga, ho bremsar! Godt at sykkelen er ny og bremsene i orden.
Det fungerer godt med GPS og kart. Av og til styrer Han der med GPS inn i eit parallelt alternativ, og havnar på sandstrand med fire etg trapper for å kome opp på vegen. Hu der syklar heller tilbake og rundt. Eller, plutseleg er vegen blitt ein veldig fotturaktig sti ytters på kanten mot Atlanterhavet. Det går litt langsomt, men det gir ei fin oppleving og fine bilete:
Veret? Mellom 20 og 30 grader og lett medvind. Ikkje ei sky å sjå. Har kjøpt ny singlet mrf Portugal på, hadde bare t-skjorter med, og dei er vel varme! Noko negativt? Litt vel varmt i stigningare. He me det ikkje godt!
Hotel Recidencial Salema
Hotel Recidencial Salema
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar