Sidan me i dag har rekord i å sykle gjennom turistplassar, kan me godt seie at Albufeira er ein av dei finare. Eg hadde ikkje trudd det var marknad for så mange hotellrom, resortar og feriewohnungen som me har sett i dag. Og at alle ligg i Algarve! Det er helst engelsk og tysk rundt øyrene våre, og litt portugisisk. Det er vel ikkje så farleg om skandinavane ikkje har oppdaga desse plassene når våre store naboar har det. Men når vi syklar ser vi også baksida. Femti meter frå sjøen er inntrykket eit heilt anna og meir lurvete enn det fine turistpreget på strandpromenaden.
Under frå .Carvoeiro. Slike stader skulle me først bratt ned, deretter like bratt opp igjen. Varmt. Men me gjer det frivillig. Høyrer det er tre grader i Noreg.
Me fekk litt naturreservatet i dag også, Salgados, som er eit viktig fuglereservat. Sykling dels på treplankar sumpområder i reservatet. I tillegg til fuglane, fekk Hu der og fotografert ville skilpadder.
Me var nedom kapellet Nossa Senhora da Rocha frå 1600-talet og langs klippene mot Carvoeiro og Ferragudo og over ei imponerande bru over elva Rio Arade til Portimao.
Portimao er tidlegare fiske- og skipsbyggingsby, nå turistby. Me overnattar på Hotel Jupiter. Eit firestjerners hotell av typen flott. Me kom fram kl 17.30. Lang dag med pauserekord: kaffe, is, vann, utsikt, fotografering, juice, fyrpausar og lang lunsj! Godt gjort.
Nokon hadde rekna feil. Det var oppgitt at turen i dag var 40 km. Då me hadde sykla 40 km, var det langt igjen, og Strava viste 58,7, sjå under. Då hadde me rett nok ei lita feilsykling på slutten, men maks ein kilometer.
I dag har me sykla mest på asfalt. Skal innrømme at det er litt godt etter dagar med mykje grus, trass i at ein del av dette er på trafikkerte vegar. Eg har sykkel med demping, det er godt på desse vegane, både grusvegar og halvdårlege asfaltvegar. Både demping og hanskar er godt å ha.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar