Skadbergvågen? ved Hellvik. Sørlandet neste! |
Tur 2 gjekk sørover, utforsking av Hellvik, som hadde mykje meir å by på enn eg trudde. For det første er det ganske stort, med industri, fleire byggefelt og nybygg. Me tok av RV 44 inn mot Hellvik havn, sykla gjennom havneområdet og utover Trosavigvegen og kom til idyll etter idyll på "utsida" av Hellvik, turveg, badestrand, skjærgård og hytter. Hurra for norsk strandlov som gjer at hyttene er bygde eit stykke frå strandkanten, slik at det er mogleg å ferdast for alle ut mot havet.
Tilbaketuren gjekk gjennom ganske store,velstelte byggefelt, deretter ut på RV 44 og raskt tilbake til hytta. Lengde 14 km. Det hadde vore mogleg å sykle Vestlandske hovudveg til Ogna dersom vi ville ha hatt ein lengre tur. Men Han der måtte heim og slikke såra sine frå gårsdagens velt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar