Med ny hytte i Moivika i heilt sør i Hå, på grensa til Egersund, må det bli meir sykling i Norge ei stund, og mindre i utlandet. Første helga i juni kom med eit fantastisk ver, over 20 varmegrader og nesten ikkje vind. Me lasta syklane på bilen og var klar for først å utforske nærområdet rundt hytta.
Tur 1 gjekk nordover til Sirevåg, Ogna og Brusand. Hytta ligg slik at vi alltid må sykle litt på Rv 44, og det er ikkje så kjekt. Men trafikken er ikkje så stor, og bilistane tek hensyn. Vi utforska Sirevåg, som er mykje meir enn det vi ser langs vegen, med mange nye hus og levande industri tilknytta sjøen, og litt turisme. Etter Sirevåg er det flott sykkelsti, og før vi kjem til Ogna, ved Vedafjell, er det gang- og sykkelvei på vestsida av jernbanen og heilt ned mot sjøen til Ogna Camping. Finfin turveg og fine badeplassar. Sidan vi ikkje ville ha så lang tur, sykla vi tilbake same vegen, utan å ta turen om Sirevåg. Heile var 22 km, og gjekk heilt fint til Han der sklei på grusen på parkeringsplassen i Moivika og måtte doktorerast på tre skrubbsår med mykje grus i. Men det gjekk godt.
|
Strand mellom Ogna og Brusand.
|
|
Sirevåg konferansesenter |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar