Tredje tur med hytta som utgangspunkt, truleg det som blir "turen".
Ut frå Moivika, Vatnamot. Sørover på riksvegen (44), som ikkje er å unngå i starten same kor me skal. Forbi
Hellvik og til venstre mot Eige. Vegen over Eige er ein strålande god og fin sykkelveg, sjølv om det er ganske god stigning i starten. Men det er god asfalt
heile vegen og vegen er så smal at bilane som kjem har rimeleg fart. (Det kom
fem bilar). Oppå høgda er utsikta slåande, og i eit vegkryss ligg idyllen Eige
med ca fem hus. Det går ein veg til høgre på Eige, skilta St.Olav-sykkelvei.
Den var grus, så me tok ikkje sjansen, men me såg han igjen seinare, og hadde
me tatt den, hadde me unngått eit ganske langt strekk langs Tengselva med ein
del trafikk.
Det kan hende det var ekstra stor trafikk også frå Vikeså denne dagen, for
det var Egersundveke, med eit yrande folkeliv og tivoli i gatene i Egersund. Me fekk med oss ein gjeng gode hip-hopdansarar og utsikt til ein karusell då me
hadde lunsj. Det er mange kafear i Egersund, me hadde først kaffe og sjokolade
på Mocca kafé, så lunsj på Roxmann. Alt var godt. Og det minna oss litt om ein fransk
eller tysk by, bortsett frå at folka snakka norsk. Kjendisar var også å sjå,
yngste bror fotballspelar Berisha var på Roxmann og fylkesordførar Tengesdal
passerte i gata.
Tilbaketuren gjekk på langt fredelegare stiar. Først sykla me i retning Eigerøy, men før me kom så langt fann me den gamle traséen for
jernbanen Egersund-Hellvik. Me har sykla han fleire gonger før, men blir stadig
overraska over kor fint det er langs vegen, og kor bratte dei fem kryssingane
det er over jernbanen. Ved Hellvik måtte me ut på riksvegen igjen, var innom
Joker og kjøpte eit brød, deretter trødde me raskt tilbake til hytta. Herleg
tur!
Veret var nydeleg, og blomane langs vegen nok på sitt beste.
Ein flott fridag - feriefølelsen er der, sjølv om eg har tre veker igjen på kontoret før eg verkeleg får ferie.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar