Jeremy frå Discovery Travel hadde rett: Kvar dag på denne kyst-til-kyst-turen var flott og forskjellig. Denne dagen sykla vi gjennom mange landsbyar på flatlandet før det igjen bar inn i eit aude område med sauer igjen: North York Moors. North York Moors er ei grøderik lynghei, det meste privat, men med over 1000 miles "public paths". Så også her var det mange vandrarar. Ei hei, er ikkje den nokså flat? Eg trudde det, men tok nok feil. Plutseleg var det ein bakke med 20% helling ned til ein bekk (sjå skiltet på biletet), og så opp på andre sida, like bratt. Over heia og ned Esk Dale går det jernbane til Whitby ved havet, og mange vandrarar tar toget eit stykke for å få nye utgangspunkt for turane sine.
Vi hadde overnatting i The Downe Arms i Castleton, ein landsby som låg på ein åsrygg med flott utsikt på begge sider. Rommet var bra med kjempefin utsikt, men maten var typisk engelsk. Til då hadde vi prøvd å unngå alt smultkokt. Her bestilte vi ein frisk forrett med masse småting som vi kunne plukke: Sopp, løk, reker... trudde vi. Det var feil: Alt var vendt i deig og frityrsteikt. Vi som nesten har vent oss av med å ete feitt her i Noreg, blei stapp mette av bare fire-fem småting (det var godt), og då sto hovedretten igjen. Eg hadde bestilt hamburger. Gjett om det var med haugar med chips? Smelta ost? Bacon? - Eg skrapte ut sjølve hamburgarene og åt kun dei. - Og eg som er oppdradd til å ete opp maten...
Frokost i England er også eit kapittel for seg. På alle overnattingsstader var det tilbod om cooked breakfast, full English. Det vil seie det meste av dette: Bacon, egg, pølser, tomatbønner, blodpudding, steikt sopp, steikt tomat, juice, te eller kaffi + toast. Dessutan kan ein få kornblanding, frukt, yoghurt, syltetøy og smør. Serveringa var i alle variantar, frå sjølvbetening til meny ein kunne bestille frå, og kelner som fylte på. Downe Arms tilbaud sjølvsagt full pakke.
torsdag 5. august 2010
onsdag 4. august 2010
England: Reeth - Osmotherley 56 km

Etter Reeth sykla vi nedover Swaledale til byen Richmond og vidare utover på slettelandet. Det var kjekt å kunne sykle litt på flatt land også, å kunne trø på litt, delvis på større vegar, men mest på gards- og skogsvegar.
Sykkelstiar var det svært lite av på heile denne turen. Ruta tok i bruk småvegar med svært lite trafikk, og bilane som kom tok svært godt hensyn. Desse småvegane følgjer sjølvsagt terrenget, og når terrenget har ei mengd med elver og bekkar (mange heiter beck), så blir det mange elveovergangar. Bruer er ein fin ting, og det var det mange av, men litt spesielt var det også at fleire plassar passerte ein elva ved hjelp av ein "ford", ein vadeplass, som på biletet. Nokre stader var det laga fotgjengarovergang ved sida, som vi bar syklane over, for når det hadde regna, var det ganske stor vassføring over fordane. Tørrare dagar såg vi tørrlagde fordar, til og med midt i landsbyar.
Ei anna kjekk oppleving var hotellet: The Three Tuns i Osmotherley, i fleire samanhengande, nyrestaurerte gamle hus.Vi fekk rom med peis, liten gang ut til badet og direkte tilgang til salongen, alt i fin gammal stil. Og restauranten hadde same kvalitet. Kan anbefalast!
Osmotherley er truleg eit navn frå vikingtida: Åsmund sin rydning. Det var elles svært mange -by-namn på turen, kan nemne Swainby, Faceby, Kirkby, Ingleby, Great Buby. Antar by betyr det same som på norsk: Bu, by, bust (gard, bustad), og at i det minste ein del av namna opprinneleg er skandinaviske. Dessutan la vi som sagt merke til at elvene heitte beck, og dalane dale. I York heiter gatene gate, og ei elv heiter Foss. Vi er ikkje dei første nordmenn i dette distriktet, nokon var her for over 1000 år sidan. Dessutan var gamalengelsk eit germansk språk, og kanskje er det også ei forklaring på likskapen.
tirsdag 3. august 2010
England: Appleby - Reeth 53 km
I den grad England har fjellovergangar, er strekningen mellom Appleby og Reeth over Penninene ein av dei. Sjølv om ein bare kjem seg opp på mellom 500 og 600 m.o.h., gir det aude og snaue preget ein viss fjellfølelse, og legg ein til vind og sauer, er fjellfølelsen komplett. Ein mellomting mellom Høgjæren og Hardangervidda, går det an å tenke seg det?
Vi forlot Cumbria og Lake District og kom inn i Yorkshire Dales National Park. 33 miles uten butikk, vi var varsla og hadde med niste frå siste større plass: Kirkby Stephen. Vegen var grei å sykle, men etterkvart forsto eg kvifor vi møtte så få bilar, vegen var skikkeleg smal, og spesielt nedover Swaledale etter fjellovergangen var vegen smal og kanta med solide steingardar (dikes) som gjorde passering vanskeleg. Dessuten var det svært bratte heng, 20% opp eller ned fleire plassar. Litt stress å sykle, til og med nedover.
Det gjekk nesten for fort nedover gjennom dei pittoreske småstadane Keld (også namn på finare flaskevatn i England), Thwaite, Muker, Gunnerside og Low Row til Reeth, kor vi tok inn på The Buck Hotel, som nok i våre auge var meir ein koseleg pub enn eit hotell. Truleg på grunn av turismen er desse fjellbygdene tekne godt vare på.
Engelskmenn er flinke med stein. I Cumbria og øvre Yorkshire bruker dei stein til det meste: Hus, tak, gjerde. Biletet viser eit parti ca. frå Keld i Swaledale som viser det flotte systemet med åkrar avgrensa av steingjerder, og med ei høyløe av stein på kvar åker. Amatørteori: Å oppbevare høy i løa på åkeren er lettare enn å frakte det heim til garden, For alle husa som folk bur i ligg i oppi lia.
Lenger nede på flatlandet blir steingjerdene avløyst av hekkar.

Etiketter:
England,
Pennines,
Swale Dale,
Yorkshire
søndag 1. august 2010
England: Keswick - Appleby 60 km
Denne dagen vurderte vi som ein av dei hardaste dagane, 60 km i eit terreng som ordet kupert er for svakt til. Dessutan var nok ruta lagd slik at vi skulle få med oss mest mogleg utsikt, etterkvart oppdaga vi at dersom vi såg ein bratt bakke på avstand, så viste det seg at vi skulle opp den. Men vi var flinke: Vi sykla langsomt, vi tok mange pausar og passa på å ete og å drikke nok. Andre dag på ein sykkeltur er ofte litt spesiell, og då dagen var slutt hadde vi løre mår (møre lår). Heldigvis fekk vi rom i andre etasje på Tufton Arms Hotel i Appleby, så vi klarte å kome oss opp. Dette hotellet var også gammalt og fint med god restaurant, og Appleby var ein liten, søt by.
Ulike turoperatørar har valt ulike måtar å vise ruta på: Merking, kartkopiar, eigne kartbøker (som langs Donau). Discovery Travel ga oss ei bunke med gode kart kor dei hadde streka opp ruta med rosa transparent tusj, samtidig med ein god beskrivelse. Dette fungerte utmerka, vi var aldri i tvil om vegen, slik vi kan vere når vi mistar ei pil eller to i ei merking. Så då må ein heller dra på sju store kart, og brette litt. Eit råd: Sjekk om alle kart er med! Vi mangla eitt, men reserveløysinga vår fungerte saman med beskrivinga. Eit anna råd: Les deg gjennom løypa på forhånd.

England: Whitehaven - Keswick
Whitehaven (The Chase Hotel) på Englands vestkyst viste seg frå si mest vestkystaktige side den kvelden vi kom: Ganske vått, regn og vind. Heldigvis hadde vi investert i nye gore-tex-bukser som kompletterte regnutstyret vårt, vi stålsette oss, og tenkte på at vi skulle nok klare ei veke med sykling i regn. Men før vi kom i gang, hadde regnet gitt seg, og slik blei det heile turen: Regnet trua, men det regna ikkje på oss nokon gong. Likevel: Sykling i England inneber nok fare for regn. Vi møtte ei australsk dame som hadde gått same vegen me sykla, ho hadde til då hatt to fine dagar av ti.
Keswick var fin, og større enn me hadde tenkt, butikkane tydeleg prega av vandreturisme. Men det var også mykje å finne på på kviledagar. Vi budde på Crow Park Hotel, type gammeldags og har vore flott. Eit lite sykkelproblem blei fint fiksa av ein kjekk ung mann på Keswick bike, øyeblikkelig, med god forklaring dersom same problem skulle oppstå seinare, og gratis! Hurra for engelsk hjelpsomhet.
Ruta første dag var Whitehaven - Ennerdale - Loweswater - Keswick. Ca. 58 km. i krevjande terreng, aldri flatt, opp eller ned heile tida, og mest opp, sidan vi starta på havnivå. Området heiter Lake District, og det stemmer at det er mange sjøar. Nydeleg, og eit paradis for vandrarar. Vi hadde ei forestilling om at det var eit aude naturområde, slik som ein finn mange av i Noreg. Det var ikkje akkurat tett befolka, men heller ikkje så langt mellom landsbyane, og sauer og sauegarder var det overalt.
Keswick var fin, og større enn me hadde tenkt, butikkane tydeleg prega av vandreturisme. Men det var også mykje å finne på på kviledagar. Vi budde på Crow Park Hotel, type gammeldags og har vore flott. Eit lite sykkelproblem blei fint fiksa av ein kjekk ung mann på Keswick bike, øyeblikkelig, med god forklaring dersom same problem skulle oppstå seinare, og gratis! Hurra for engelsk hjelpsomhet.
Etiketter:
Cumbria,
England,
Keswick,
Lake District
mandag 5. juli 2010
Finnøyrunden
Vil ein sleppe å sykle fram og tilbake, er Finnøy staden for sykling i runde, 3 mil. Finnøyrunden er skilta, kanskje ikkje så vanskeleg å finne vegen, men kjekt likevel. Vi sykla der før Finnfast var opna, og då var det svært lite trafikk. Antar det er litt meir bilar i dag, men ikkje så mykje gjennomgangstrafikk.
Finnøy har mykje historie. Hesby kyrkje frå 11- eller 1200-talet, ei kvit, stilfull steinkyrkje. Kyrkja er bygd på eigendommen til Hesby som var eit gamalt hovdingsete, og Ogmund Finnson frå Hesby var drottsete i Noreg på 1300-talet. Sølvsmeden Folke Helle lagar produkt i sølv og tinn med utgangspunkt i seglet til Finnson.
Elles er det mykje jordbruk, fint og grønt, og Finnøy er stor produsent av tomatar. Meieriet på Finnøy er lagt ned, men lokala er i bruk som undervisningslokale for Rygjabø vidaregåande skole. Skolen sel fisk og kråkeboller frå eige oppdrett. På Kaihuset på Judaberg kan ein kjøpa mat, men bare på vekedagar, søndag er det best med niste.

søndag 4. juli 2010
Rennesøy
I dag har vi prøvd Rennesøy. Det er bare 4 mil å kjøre frå Austrått til Vikevåg. Derfrå er det fin gammal bygdeveg til Sørbø (Sørbøveien) parallelt med E39 til nordvestre del av øya, og i motsatt retning, veg til Østhusvik (Østhusvikveien) på austre del av øya. Dei kan setja namn på vegane, karane der på øya!
Planen var å sykle først mot vest, så tilbake forbi Vikevåg mot aust, kjøpe middag på Fjordbris hotell i Østhusvik, og sykle tilbake til Vikevåg og kjøre heim. Det gjekk ikkje heilt slik.
Det starta fint. Å finne vegen er ikkje noko problem, det er ikkje så mange val. Det var ikkje bilfritt på Sørbøveien, men på to timar møtte me 14 bilar (7 sølvbilar, 6 mørke bilar og 1 melkebil - Q), det kan me akseptere. Opplevinga er først og fremst nydeleg natur ein fin sommardag med blå sjø, blå himmel og grøn øy.
Men det er meir å oppleve: Sørbø kyrkje frå 1130 (1140?) var open. Flott kyrkje i mur! Biletet her er av glassmåleriet ved alteret i kyrkja. Nørevågen er ei lun hamn med feriehus, der tok vi kaffipause, sjå bilete. Låder ei anna hamn, ikkje fullt så lun, men ennå brukt av fiskebåtar. Det er turstiar fleire stader, på Reianes, Bøheia og søraust frå Vikevåg.
Dessutan går dyr på beite overalt. Det betyr mange ferister (sei øø når du syklar over, det blir øh-øh-øh) og eit snaubeita kulturlandskap. Det er fint. Det er ennå tidleg på året, vi såg mange lam, kalvar og til og med shetlandsponniføl. Idyll.
Idyllen blei broten av eit skrekkeleg girbråk. Rolf sin sykkel skar tenner før det blei stilt. Giret var knekt, sykkelen blei til sparkesykkel! Anna og eg måtte frese tilbake og henta bilen, og turen enda med at vi henta Rolf ved Sørbø kyrkje. Vi reiste heim og tok middag heime. Turen Vikevåg - Låder t/r tok 1 time og 50 min. inkl. pause. Vi hadde nok klart den andre delen av turen til Østhusvik også. Men det får bli ein annan gong, Fjordbris!
Abonner på:
Innlegg (Atom)