onsdag 18. mai 2011

Jesolo - Caorle - Portogruaro 70 km

Kala i grøfta framfor eit hus
Heldigvis kom sola. Turen blir slik me hadde tenkt.
Ut av turistland og inn i jordbruksland. Det er vår i Veneto og Friuli, men kornet og grønnsakene veks friskt. Det paddeflate området er fulldyrka, me ser ris, mais, kveite, frukt, vinranker. Det er velstelt overalt, og rosebuskar blømer. Spesielt legg me merke til store, snøkvite kala i mengder litt nede i dreneringsgrøftene utafor husa. Fantastisk flott.

Det er paddeflatt, og området er heilt sikkert utsett ved flaum. Derfor er det bygd svære jordvollar på sidene av kanalane og elvene. Ein god del av tida syklar me oppå slike jordvollar, herleg, med godt asfalterte vegar på vollane. Ein sjeldan gong møter me ein bonde i bilen sin, og det er ikkje noko problem. Dei gule syklane me har leigd rullar lett. Sykkeleksperten som er med, meiner at dekka er knallharde, sidan desse relativt tunge syklane med oppakning er så lettsykla. - At syklane rullar lett kan også ha noko med vindretningen å gjere. Vind i ryggen er ein god ting på flat mark.

Mange elever og kanalar i Portugruaro
Me får eit veldig godt inntrykk av italienarar: ein stad me spør om vegen til ein sykkelbutikk, kastar gutten me spør seg på sykkelen sin og syklar framfor oss, i staden for å forklare på dårleg engelsk. I Portogruaro får me tilsvarande hjelp i ein kafe når vi spør om vegen til hotel Antigo Albergo Spessotto****! Me har ikkje noko å klage på.

Me er i Portugruaro ein måndag. Må får sjå alt det fine, gamle i byen, men mange av restaurantane er måndagsstengde.



søndag 15. mai 2011

Mestre - Venezia - Lido de Jesolo 40 km


Veret rundt Middelhavet skulle vere fint i mai, trudde me. Der tok me feil. Men trass i regn og motvind har me hatt ein flott tur frå Mestre via Venezia til Lido de Jesolo.

Mestre er bakgarden til Venezia, byen på landet "bak", der ein har putta alt det der ikkje er plass til i Venezia, bilar, bussar, fabrikkar og dei lokale som ikkje har råd til å bu på Venezia-øya. Men me budde godt der på Ai Pini, firestjerners hotell i liten park, elles var området me starta syklinga i så som så. Men lett å finne fram.

Mellom Mestre og Venezia er det ei 5 kilometer lang fylling/ bru med veg, jernbaneskinnar og sykkelsti av middels kvalitet, sjå biletet. Med vind i ryggen gjekk det kjempefint ut til Venezia. det vil seie, ikkje heilt inn i byen, nei me svinga av til høgre og fann ferjeleiet til Lido de Venezia, og kom oss på ferja. Ferjeturen gjekk forbi Markusplassen og mykje kjekt, før me gjekk i land på Venezia si strandøy. Derfrå skulle me finne ein annan båt vidare til fastlandet. Me tulla litt med vegen i regnet, litt vanskeleg å lese kart då, men fann båten til slutt. Etter denne kom ein verkeleg flott sykkeletappe langs sjøen, men me hadde motvind og piskande regn i ansiktet og fekk ikkje heilt nyta den flotte naturen, kan du seie. Fullt regnutstyr var beste påkledning då, dei som ikkje hadde det, blei veldig våte og kalde. - Me kunne ha ringt til følgebilen frå Funactive som kunne ha kjørt oss og syklane til hotellet. Det kom ikkje på tale, første dagen.

Jesolo er må vel vere inkarnasjonen på turistghetto. Kilometervis med hotell, restarantar og butikkar. Vårt hotell Bali fann me først etter litt leiting, delvis på grunn av at kartet var klissvått og vanskeleg å lese. Me sakna dei grøne pilene som skulle vist oss vegen store delar av turen, hadde sikkert sykla litt feil, men kartet var godt så lenge det var tørt, og vegbeskrivelsen var god. Me hadde også god hjelp av sykkelcomputer son målte avstanden. Dessutan hadde me med oss kompass, barometer, termometer og utsyr til å måle høgda over havet, så me klarte oss. Legg også merke til at sola var på plass dag to, sjå strandbiletet.

søndag 8. mai 2011

Sykkel og jernbane



Dagens tema blei jernbane


1. Vi sykla den herlege nye ruta langs dobbelsporet frå Lura til Stavanger (sjå eige innlegg). Vind frå sør gjorde det veldig lett.

2. For å sleppe motvind, tok me syklane på toget til Bryne. Heldigvis kom me ikkje i sykkelkø på toget. Tidlegare i veka las me om at syklistar som skulle trene til Nordsjørittet måtte bruke bil til Egersund, det blei for mange syklar på toget! God logikk: Kven skal så kjøre bilen tilbake! - Og dumt i vår verden når både kollektivtrafikk og sykling bør stimulerast. - Men me og syklane våre kom med denne dagen.

3. Frå Bryne sykla me til Orstad og innom han Elkjøp. Han tipsa oss om ei herleg, ny rute: Frå Håbakken inn i Kalbergskogen og nedover mot Figgjoelva og den nedlagde Ålgårdbanen (Del av trase for Garborgriket rundt). Me sykla der oppover langs den gamle banen til skytebanen og kom ut på E36 ved Bråstein. Tenk der har det vore ein tversforbindelse mellom Sandnes, Time og Klepp heile tida, for syklistar vel å merke.

Ålgårdbanen skulle gå frå Ganddal til Helleland, kor han skulle møte Flekkefjordbanen. Første etappe blei bygd i tidsromet 1921 til 1924, og i 1955 var det stopp ved: Holane, Vagle, Foss-Eikeland, Kalberg, Bråstein, Figgjo Fajanse, Figgjo fabrikker og Ålgård. Det var ti daglege avgangar kvar veg. Den må ha vore viktig for dei som arbeidde på Foss-Eikeland Figgjo, før bilen var vanleg. - Prisdumping på buss konkurrerte ut persontrafikken i 1955, men godstrafikk var det heilt til 1988. På Figgjo er jernbanetraseen broten fordi brua over vegen er borte, men nå har dei vore finslege med sporet i arbeidet med den nye brua på Foss-Eikeland.

I England hadde dei laga god sykkelveg i staden for jernbane, sjå Cinder Trail. Her låg skinnane ennå, men på sida var det grei sti å sykle på. Men han står ikkje på sykkelkartet for Sandnes. Det burde han

.

onsdag 4. mai 2011

Aktivitetskonkurransar

På jobben har me vore med på ein aktivitetskonkurranse som heiter dytt.no. Det gjeld å gå med stegteljar, og kvar dag rapportere kor mange steg ein har gått. Vi er lag, og vi konkurrerer mot kvarandre som lag. Heile tida blir listene oppdaterte, og kampen blir illustrert med små figurar som flytter seg. Mykje kjekkare enn eg hadde trudd, og det har gått sport i det. (Laget mitt ligg forresten på andreplass på jobben.) Nå er det og slik at det tel med å sykle. Når eg syklar, melder eg inn tid eg har sykla og intensitet, og så blir det omrekna til steg. Til og frå jobben min gir 19000 - 20000 steg. Det er det som reddar min innsats i denne konkurransen. På kontoret blir det ikkje mange steg. Nå ligg eg så godt an at eg må sykle kvar dag for å halde meg på høgda. Det passar ikkje alltid med oppgåvene mine, så det blir eit problem.



Måndag starta også "Sykle til jobben". Eg melde meg også på der. Så så lenge som både Dytt og Sykle til jobben er i gang, får eg dobbelt for kvar sykkeltur! Det er ganske langt frå heimen til jobben, men eg kjem nok til å sykle så sant det ikkje kolliderer med oppgåvene mine: Skolebesøk, Osloturar og andre reiser. Kva med dusj og sykkelparkering på flyplassen? Vi som reiser på dagsreiser kunne godt ha sykla dit!

søndag 1. mai 2011

Rundt med Bersagel 44 km (Frå Austrått)

 Jødestad. Legg merke til intakte steingardar langs vegen.
Ei litt lang rute som er fin å sykle, er denne ruta som går i austre del av Sandnes kommune.

Veldig variert, litt krevjande fordi ho er kupert, og veldig kjekk. Vi startar i by, syklar langs trafikkert veg på sykkelsti mot Hommersåk, sjå eige innlegg om den. Før Hommersåk svingar vi av retning Li. Her er det fredelegare, og du får fin utsikt i retning Ryfylke. Landskapet er åpent og fritt, med fine gardar. Lurer på om dei som bur der set pris på den storslåtte utsikta! (Første mil er unnagjort)

Kvitveis
Det ber så ned mot sjøen, og til Hommersåk, med butikkar, kafe og to kyrkjer. Så tar vi av retning Bersagel, vi kjem inn i idyll og hytteland. Vegen er smal, utan sykkelsti, men det er lite trafikk. Herleg!

Men også ein del bratte bakkar, så det blir god trening. Kvitveis i bakkane, blømande frukttre og rød Rhododendron gjer turen ekstra flott om våren. (Milpause 2, ned mot sjøen i Eltervåg.) Denne delen av Sandnes kommune er ein smak av Ryfylke og øyane utover.

Etter Bersagel, som ennå har trekk av "gamle dagar" med hus med glassveranda like ut i vegen, svingar ruta vår innover Lutsivassdraget: Vi får landskap nr. 4 på turen: Ferskvann/fjellandskap. Framleis idyll og hytter, forbi Horve og Fløysvik, (milpause 3) før vi kjem inn på den velkjende vegen mellom Sandnes og Hommersåk, brei veg, mange bilar og sykkelsti igjen. Milpause 4 på Vatne. Me er i tettbygde strok igjen.

tirsdag 19. april 2011

Cinder trail frå Whitby via Robin Hood Bay til Scarborough.


21 miles/ 33,5 km. Del av nasjonal sykkelrute nr. 1.

Mange jernbaneruter i England er nedlagde, etter at Richard Beeting hadde sett i verk ei sterk modernisering av britisk samferdsel på 1960-talet. Frå siste del på 1800-talet hadde England jernbanespor på kryss og tvers, det blei for dyrt og gjekk for langsamt, fann dei ut, og 3000 stasjonar blei nedlagde, og mange kilometer jernbanelinjer blei tatt ut or drift.

Heldigvis er mange av dei nedlagde linjene omlaga til sykkel- og turvegar. Ein slik turveg er Cinder trail mellom Scarborough og Whitby. Å gjere ei jernbanerute om til sykkelsti er heilt genialt, når ein først er så dum å leggje ned jernbanen: traseen ligg klar med bruer og undergangar. Det er bare å ta bort svillane og jevne ut underlaget. Verken syklistar eller tog likar sterk stigning eller bråe svingar, så ein jernbanetrase er perfekt for sykling.

Eg sykla bare ein del av Cinder trail på min medbrakte Brompton samanleggbare sykkel. Ein dag frå vårt utgangspunkt i Robin Hood Bay til Whitby tur- retur, ein annan dag t/r Ravenscar, halvvegs til Scarborough. Cinder trail heiter som han heiter fordi jernbanen var lagd på cinder, slagg, i staden for på småstein. Dette underlaget er det nok litt igjen av, for underlaget var godt og hardt å sykle på for det meste, som oljegrus, nesten.  Det gjekk stort sett veldig greit å sykle, sjølv med små Brompton-hjul.

Denne ruta var fantastisk godt merka. Eg sykla utan kart, hadde bare sett ruta i ein reklamebrosjyre, og visste kor eg skulle starte ved stasjonen i Robin Hood Bay.

Dersom vi startar i Whitby, er den største utfordringa å finne utgangspunktet, sjå biletet over.  Finn ein bare dette, er ein redda. Resten av vegen er svært lett å finne. Nokså fort etter Whitby kryssar ein elva Esk på Larpool viadukten, ei meget avansert gang- og sykkelveibru, ta ein kikk på lenka.

Derfrå kjem ein til Hawsker gamle stasjon, med sykkelutleige og gamle jernbanevogner, kryssar vegen eit par gonger (utan større problem), for så vidare, totalt bilfritt, sykle langs frodige, grøne bakkar ut mot havet med ei fantastisk utsikt, før ein ser Robin Hood Bay. Dei la jernbanen flott til i dei tider sist på 1800-talet då dei bygde linja. 

Syklar ein heile ruta, må ein ikkje la vere å dra ned i Robin Hood Bay. Tidlegare ein isolert fiskarlandsby og smuglarhamn ( for eksempel for te, brennevin og tobakk), nå ein malerisk turistby med svært mykje opprinneleg sjarm intakt. Robin Hood Bay er også avslutningspunkt for dei som går Coast-to-coast, tvers over England, og mellomstasjon for the Cleveland Way, ei lang, samanhengande vandrerute i Yorkshire, først på moors og dales, så langs kysten på klippekanten. Heilt nydeleg.

Frå RHB syklar ein derimot litt lenger inne i landet sørover mot Raven Hill/Ravenscar og Scarborough. Her varierte underlaget noko. Nokre stader vel ujamt, men stort sett bra. Det er interessant å sjå korleis dei har fylt ut ravinar og plassert toglinja i det kuperte og skrånande landskapet. Det er litt av eit landskap i nordaustre Yorkshire, klippekanten ligg høgt over havet, og kvar minste bekk har skore seg djupt ned i landskapet. Difor er det svært bratt her og der. Mellom Robin Hood Bay og Ravenscar er det ganske aude. Eg passerte fire-fem gardar. Ikkje mykje for ein jernbane.


Då jernbanen kom i 1885, blei det bygt hotell og satsa på turisme både i Whitby, Robin Hood Bay og i Ravenscar. I Whitby har det vore suksess, i Robin Hood Bay ganske vellukka, men i Ravenscar er tilgjenget til stranden for vanskeleg og bratt, og staden har ikkje blitt nokon turistsuksess, heller ein fiasko. Vidare går traseen til Scarborough, men der har eg ikkje sykla. Derimot hadde eg meg ein tur på sykkelsti/ nedlagd jernbane inne i York by, men det er ein annan historie. 




søndag 3. april 2011

Endeleg vår

Det er vår både ved Bråsteinvatnet og andre stadar. Fleire av sykkelvegane er feia, og veret er godt. Ut og trø!!