søndag 17. juni 2018

St. Amands - Temse - Antwerpen (47/59 km)

På grunn av tidevatnet starta dag 3 med at båten gjekk kl 7. Zwantje har nokså svak motor, og når ho må gå mot straumen, tar det lang tid. Derfor gjekk båten før frokost. Det betydde at syklinga blei korta mykje ned, vi starta i Stendorp i staden for St. Amands. Vi hadde god tid, og hadde derfor tid til å gå inn på slottet Kruibeke, som opna tidlegare enn vanleg for å sleppe vår gruppe inn. Det spesielt flotte med dette slottet var at det var to turar gjennom det, den eine viste det herskapet opplevde, den andre viste tenarane si verd. Utruleg forskjellige - og det i same huset. Tenarane gjekk inn og ut av dører som var ein del av tapetet!

Vi blei altså med gruppa denne gongen og, Hu der melde seg frivillig til å sykla sist, og var plutseleg tilbake til tida som gymlærara, og sistemann på tur. Ikkje alle er like vane med å sykle. Men det var kjekt å sjå kor godt utplasseringa av personar i svingar og kryss verka. Alle kom heilskinna fram til båten i dag og. 

Ei spesiell oppleving i dag var å ta rulletrapp 60 m ned, så sykle under Schelde, og så ta rulletrapp opp igjen. Det er eit gammalt system, rulletrappa er av tre, og frå første del av 1900-talet. Interessant! Det går også ferjer over Schelde, som er nokså brei her i utløpet. - I Antwerpen er det masse gamle hus også, vi hadde tid til å sjå på alle dei flotte husa frå 14-1500-talet, husa til dei rike lauga som konkurrerte om å ha dei finaste husa. Kyrkja var også flott. Og sidan Antwerpen er ein levande by, har han også sin del av moderne bygg. 

Lauga kappast om å pynte husa mest. Dette er St. Georg og dragen.

Slottet i Kruibeke

HU Der med vest og walkie talkie klar til å være sweeper

Om kvelden låg båten langt ute i elva, om morgonen hadde elva krympa, sjå under.




lørdag 16. juni 2018

Med Tove og Google som vegvisar i saltmarkene utanfor Torrevieja

Ny dag, nye eventyr. Jærsyklisten er klar til ny innsats, det er me også, og vegen er forklart på baksida av ein av sekstiårstalane frå kvelden før. Tove, som bur i Torrevieja, hadde eit fint turforslag til oss. Denne gongen starta turen til høgre på kanalen, mot nord, til St. Miguel. Vidare rundt St. Miguel, kort på trafikkert veg, og deretter inn langs ein kulvert til Montesinos. Alt etter ark 1 på Tove si beskriving av vegen.  Montesinos hadde kafear på torget med nydeleg serranoskinke - akkurat det me hadde bruk for.

Ut frå Montesinos var Tove sine notater noko meir sparsommelege, og Jærsyklisten fann fram han Google. Og han Google viste veg, ned til saltsjøen, til hagesenteret, og ut på den nedlagde jernbanetraseen heilt inn til og delvis gjennom utkanten av Torrevieja. Flott for syklister! Men deretter tok han Google oss ut på N-322, med farleg trafikk. Det var merka kant ut mot bilvegen, men me likte det ikkje! Ved første avkøyring kunne me ta av frå den store vegen, og så hjelpte Han Google oss å snirkla oss gjennom urbanisasjonane, fram til vår stad. Takk til Tove, Jærsyklisten og han Google for fin tur. Utan skog.











Eventyr i Orihuela

Andre gong i Miraflores, anledning 60-årsdag, ga anledning til meir utforsking av området rundt Torrevieja på sykkel. Selskap av ein ivrig Jærsyklist, som har grunnlag frå jobbsykling mellom Klepp og Nærbø, gjorde at Han der kom i mindretal, og at det ikkje var like aktuelt å snu/gjere turane korte, som dei ofte kan bli.




Altså, ein rask tur frå Miraflores til kanal Campo de Cartagena, og så til venstre langs kanalen, etter råd frå eit norsk par, ca ei mil til San Pedro. Det er ein veldig fin tur og lett å finne fram, både forbi hotell, golfbane og appelsinlundar. Me skulle prøve å kome tilbake til ein avtale kl 13, og skar derfor nedover mot sjøen i Pilar de Horadada. Det var flaks, i den byen hadde dei laga park med sykkelsti i eit tørrlagt elveleie, heilt ned til sjøen, verkeleg flott.




Frå Horadada følgde me sjøen heim, delvis supplert av Google, delvis av retningssans. Området er flott, og turismen noko meir dempa enn lenger nord. Men som lenger nord, er dette området også brote opp av ganske djupe gjel som ligg igjen som ubebygd urskog. Og når retningssansen til Hu der trumfa Googlekartet til Jærsyklisten (det viste ein lang runde inn i landet), blei den frå før ganske varierte turen til eit eventyr.



Hu der lokka både Jærsyklisten og Han der 30 meter ned langs trapper ned i gjelet, deretter var planen å gå opp ein liten veg på andre sida av gjelet. Problemet var bare at vegen var stengd med hengelås. Alternativet var å finne ein ny veg opp frå gjelet lenger oppe, men lettare sagt enn gjort. Buskaset blei bare tettare og tettare, til slutt var det nesten ingen sti å sjå. Men me høyrde bilane på vegen, og Google synte bilveg rett fram. Problemet var at «vegen rett fram» gjekk på ei bru høgt oppe. - Me måtte snu! Surt. Men me fann ein veg opp likevel, på den sida me kom frå, og deretter til sykkelsti langs den store vegen N-322 til kjende trakter, og opp til Miraflores. Turen var 25 km, det føltes som 40, og me kom 2 timar for seint til avtalen. Men ingen sure miner, verken hos Jærsyklisten, Han der eller dei som venta. Dei hadde hjelpt til med å lage mat til sekstiårsdagen. 

søndag 8. oktober 2017

Sommaren 2018 - planlegging i god tid - Brügge - Amsterdam

Gode erfaringar med sykling i Nederland, kombinasjonen båt og sykkel, anbefalt rute og kjekk sykkelguide gjer at me alt i oktober har bestilt båt&sykkeltur for juni 2018. Det blir denne gongen Zwantje (lille svane) frå Brügge til Amsterdam, med Rikko Bulten som guide og Boat and bike som arrangør.


Ruta er slik Brügge - Gent - Dondemonde - St. Amands - Antwerpen - Kreekrak sluser- Tholen - Willemstad - Dordrecht - Kinderdijk - Schoonhoven - Vianen - Breukelen - Amsterdam. Me vil besøke fire større byar, alle historisk interessante, og passere mange interessante landsbyar kvar dag. Me vil reise på kanalar og elver (Rhinen, Meuse, Schelde), ei tidevasselv og passere store dike, sjå dei 19 berømte vindmøllene på Kinderdijk, som blei laga for å pumpe ut vatn frå innsida og ut i havet. Dette er nok ein veldig flott tur.

Til ein viss grad kan me velje kort eller lang sykkeletappe, oppsettet viser dagsetappar frå 25 til 50 km. Ikkje til å slite seg ut av i det flate landskapet, men nok til at det kjens godt. Det skal også normalt vere ein del medvind denne retningen.



lørdag 7. oktober 2017

Moivika nærmiljø: Utforsking av sidevegane mellom Moivika of Sirevåg

Kvar gong me køyrer til hytta ser me dei: Skilta som viser inn til Haver, Bekkjarvik, Stølen, Kinnarvåg, Holmane og Tuevegen (Tuå), stadar som ligg mellom Sirevåg og Moivika. Lenge har me tenkt at det må vere spennande å sjå kva som skjuler seg på stadane med dei flotte namna. I dag tok me turen, og det var spennande: Me oppdaga ei verd me ikkje visste om, og som absolutt var verd eit besøk. Då får det ikkje hjelpe  om kartoversikta over turen ser litt spesiell ut, sidan me måtte sykle fram og tilbake på småvegane. Rundtur var ikkje mogleg i det landskapet.

Me oppdaga tre små hamner: Holmane er den største, med molo, kommunal brygge og fortid med velstand, gjestgjevar og kro. Nedanfor  Holmane hyttefelt var det eit flott havneanlegg utan bilveg ned (bilete 2), men med hengebru ut til ei øy med fleire båtplassar.
Vidare sykla me gjennom det siste gardsromet på Bekkjarvik og kom ned til sjøen på ein kjerreveg (bilete 3), ei lita hamn var det der og, ein nydeleg stad kor det går an å gå ut på havet med båt både mot nord og mot vest. Me møtte ein lokalkjent mann der som forklara oss det. 

Fiske var næringsveg for området tilbake i tid, og med så mange naturlege hamner var det kanskje ikkje så vanskeleg, sjølv om Nordsjøen nok kan vere vill.  

Men me såg at det er fleire enn ein skulle tru som bur i området, og ikkje minst er det mange hytter som er plasserte overalt. Ikkje bare nye hytter, her er hytter frå mange tider, spreidde rundt omkring. 

Postkassar kan gi opplysningar; gjennom postkassestudium fann me ut at det er ganske mange fastbuande. I Tuevegen var det 7 postkassar, på Stølen 4 og dei aller fleste postkassane på Haver hadde eigarar som heitte Haver. Haver var spesiell: Det var mange fleire hus enn dei andre stadane, også nye hus, og to palass under oppføring. Dei nye husa har utsikt og vind, dei gamle har ly og lite utsikt. - Frå gammalt var Haver, eller Hafver, kyrkjegods under Apostelkyrkja i Bergen 1724.  

Turen blei avslutta med ein "fartsetappe" gjennom skogen frå Sirevåg til Ogna, båtis på bensinstasjonen på Ogna og rake vegen heim. Det gjekk fort.


lørdag 30. september 2017

Skottland bikeandgo

På jernbanestasjonar i UK har dei nå eit nytt tilbod med sykelutleige på stasjonen, bikeandgo. Etter bryllup på Fingask castle hadde vi 1,5 dagar til å sjå oss rundt i Perth. Vi måtte regisrerere oss (10 pund pr år), og fekk så ein kode som vi kunne bruke til å leige sykkel med. Då billettkøen var unnagjort, hadde billettøren på jernbanestasjonen tid til å leige ut dei to syklane han hadde på sin stasjon. Det kostar oss då 3,80 pund/dag (24 timar).


Med flott haustver kunne vi så cruise rundt i dei store parkane på begge sider av Perth, ha ein tur i gågata og treffe slekt, ete på tea room Small Talk, kome oss på krigsmuseet (Black Watch Museum) og sykle til og frå kveldens restaurant. Vi fekk sett mykje av denne vesle skotske byen utan større strev.


Litt spesielt med venstretrafikk, og tilrettelegging for syklistar: stykkevis og delt. Sykling utan hjelm føles også syndig, sykling i kjole - herlig! Syklane var nye og gode med 7 gir. Gode til bysykling. Dei var tunge, men vi bar dei ikkje, så det gjorde ikkje noko. Dei trilla godt. - Og så eit lite tillegg: Ordninga var slik at ein kjøpte årsabonnement - men ei tid etter fekk me beskjed om at sidan Bikeand go såg at me hadde adresse i utlandet, så ville det ikkje kome fleire krav til oss, dersom me ikkje ga beskjed om at me ville halde fram...


lørdag 23. september 2017