Ny dag, nye eventyr. Jærsyklisten er klar til ny innsats, det er me også, og vegen er forklart på baksida av ein av sekstiårstalane frå kvelden før. Tove, som bur i Torrevieja, hadde eit fint turforslag til oss. Denne gongen starta turen til høgre på kanalen, mot nord, til St. Miguel. Vidare rundt St. Miguel, kort på trafikkert veg, og deretter inn langs ein kulvert til Montesinos. Alt etter ark 1 på Tove si beskriving av vegen. Montesinos hadde kafear på torget med nydeleg serranoskinke - akkurat det me hadde bruk for.
Ut frå Montesinos var Tove sine notater noko meir sparsommelege, og Jærsyklisten fann fram han Google. Og han Google viste veg, ned til saltsjøen, til hagesenteret, og ut på den nedlagde jernbanetraseen heilt inn til og delvis gjennom utkanten av Torrevieja. Flott for syklister! Men deretter tok han Google oss ut på N-322, med farleg trafikk. Det var merka kant ut mot bilvegen, men me likte det ikkje! Ved første avkøyring kunne me ta av frå den store vegen, og så hjelpte Han Google oss å snirkla oss gjennom urbanisasjonane, fram til vår stad. Takk til Tove, Jærsyklisten og han Google for fin tur. Utan skog.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar