onsdag 10. juli 2019

Hassfurt - Raum Volkaach 55 km


Så begynner det å rulle perfekt. Mange timars søvn på Altstadthotel Hassfurt hjelpte godt. Ut av den vesle byen var det nokre hundre meter på vegen, så var det 55 km i eitt bare på vegar utan bilar!!! Vi var innom eit par stader der lokale bilar kunne få kjøre inn til husa sine, men akkurat då me var der var det ingen bilar som ville det. Så 55 km bilfritt! Det er jo fantastisk. Og når det meste av vegen er asfaltert også, så er det perfekt.




Tyskarane er glade i elvene sine, og ser ut til å ha laga sykkelvegar langs dei fleste. - Og denne vegen er tatt i bruk: Det var ganske mykje folk på vegen, mange over 60, og svært mange med elsykkel. Det er jo bra at folk kjem seg ut! Alle vi har møtt, er tyske og turistar i eige land, fleire frå nordlege delar av landet. - Byen Volkach, som me er i nå, er ein gammal, søt liten by med svært mange turistar. Likevel ikkje slik at det er plagsomt, nordmenn har ikkje funne denne plassen i verda. Absolutt ingen har snakka norsk, alle snakkar tysk.


Måndag og delvis tysdag er kviledagar for restaurantane.Det betydde at me i går måtte nøye oss med ganske så middels mat, men det tok me igjen i dag: Steikt laks med kantareller og bekkørret med potetsalat, samt vin frå området på Gasthof Rose. Akkurat i området rundt Volkach er det mykje druedyrking, og dei to typane vin me har smaka i dag har vore svært gode. Den eine var Schreube (Karl Muller). Bamberg og Hassfurt var ølområde, og det blir visst det i morgon også, me syklar ut av  vinområdet langs Main som me ikkje visste om før me kom hit.

Ellers langs vegen er det mykje korn å sjå, så ikkje så rart at det har blitt tradisjon for ølbrygging. Og så er det mykje frukt, epletre, pæretre og kirsebær veks faktisk langs sykkelstien, veldig fint.

Pedalo har funne sentrale, gamle og fine hotell, I dag hotel Behringer, på markedsplassen! Idyll.




mandag 8. juli 2019

Main Radweg: Bamberg - Hassfurt 40 km

Det starta dårleg. På Sola. Flyet til København var kansellert, men me blei booka om, og måtte «bare» vente seks timar på Sola først. Det såg godt ut då me endeleg kom avgarde, og sjekk på internett viste at med flaks kunne me rekke eit tog og vere framme i Bamberg før midnatt. Men det gjekk ikkje, flyet frå København blei 30 min forsinka, og einaste tog var eitt som var framme 01.52 dagen etter. Vente ein time, og så GÅ PÅ FEIL TOG. Eit lokaltog som gjekk 2 min før det me skulle ha tatt. Det blei overnatting på hotell i Frankfurt, tidleg opp, og avgarde til Bamberg kl 05.54. Då rakk me sykkellevering på hotellet kl 9. Me skulle ha henta dei kl 18 søndag, men då var me i København. Ansvareleg i Pedalo var så grei at ho leverte på hotellet samtidig med at ho henta koffertar. At sykkelen til Han der var øydelagd, oppdaga me først då me begynte syklinga, men selskapet ordna opp. Me besøkte sykkellageret og fekk ny sykkel


Bamberg ligg litt sør, men midt i Tyskland, og ved ei sideelv til Main, Regnitz. Gjennom Bamberg er Regnitz delt i både elv og kanal. Byen ligg på sju høgder, og er derfor også kalla Frankarnes Roma. Bamberg er greveby frå 900-talet, og har hatt både verdsleg og kyrkjeleg makt i området. Grevedømmet var uavhengig til 1802. Men byen fekk me altså sjå lite av. Ikkje smake på ølet heller.


Gamlebyen frå mellomalderen er i dagleg bruk, og er på UNESCO-verdsarvlista.
Bamberg er kjent for dei ni bryggeria sine, men like utenfor veks det også vinranker. Både øl og vin, altså.

Hotel Best Western Bamberg.

Turen startar gjennom Bamberg til elva Regnitz, følgjer denne til ho møter sjølvaste Main, og deretter går turen meir eller mindre langs Main heile vegen til Mainz. Landsbyane ligg tett langs elva, små og større: Gaustadt, Bischberg, Viereth, Trunstadt, Rosstadt, Dippach og så vidare. Sand am Main og Zeil am Main er litt større stader. Frå Zeil til Hassfurt tar sykkelvegen ein tur bort frå elva.

torsdag 16. mai 2019

Bysykling med guide i Stockholm

Ein tre timar guida tur i Stockholm viste at sykling i denne byen både er lett og lurt, For det første er det ganske godt tilrettelagt for sykling, for det andre er det nokså lite biltrafikk (høge bompengar) og for det tredje er det mange fine stader ganske langt frå kvarandre. Og byen overraska stort. Byen ligg på mange store og små øyer, ned til den minste, Kastellholmen. Det betyr at det er mykje vatn, Malaren på den eine sida og det baltiske hav på den andre, bruer og mykje grønt. Fint.


Vi sykla på Kungsholmen, på Riddarholmen, Gamla Stan, Norrmalm, Skeppsholmen, Kastellholmen, Østermalm og Djurgården. På Djurgården sykla vi i landskap til Rosendal Tradgård, kor det var eit stort utendørs spiseområde. Nydelig.

Guidebyrået var Stocholm Adventures som hadde eit godt opplegg. Syklane var noko for seg sjølv, heilt enkle, med to gir. Girskiftet skjedde ved eit ett trø bakover, Det var faktisk lett å lære. Greit for byrået, eg antar at syklane ikkje var så dyre, Men dei var gode å sykle på.

Ein tur på tre timar med sykkel, hjelm og guide kosta SEK 350. Nå var vi veldig heldige med veret den 16.mai, men eg trur eg kan anbefale ein slik tur i dårlegare ver også.



lørdag 22. desember 2018

Main Radweg 2019



  • Me har sykla i Tyskland mange gonger, men alltid på grensa, på grensa mot Frankrike, på grensa mot Polen og på "grensa" mot Østersjøen. Denne gongen syklar me midt i landet, langs elva Main som slyngar seg i store bogar gjennom landskapet. Turen startar i Bamberg og endar opp der Main møter Rhinen, i Mainz. 

    Landskapet består av vinområde, skogar og ikkje minst gamle byar og landsbyar med slott, borger, kloster, kyrkjer og fine gamle hus. Bamberg er ein gammal keisarby og står på UNESCO si verdsarvliste. Würzburg er gammal residensby, småbyene Miltenberg, Klingenberg og Volkach er kjende for dei flotte bindingsverkshusa dei har halde i stand og Mainz har gamlebyen og Johann Gutenberg. Gutenbergmuseet må eg nok innom ein gong til, det er meir enn 10 år sidan sist.

    Denne gongen har me funne ein tur på 10 dager med strekk på 40 til 65 km. Det blir roleg og fint. Ein slik tur kan godt vare 10 dagar, då er ikkje turen over før han har begynt. Main Radweg er sykkelveg langs elva frå Bayreuth til Mainz. Er det ei elv tyskarane ikkje har laga sykkelveg langs? Eller ein kanal? Det er ein flat og lett tur. Her kan me gli roleg gjennom landskapet fram til neste vinkjeller eller ølstove. 

  •  
  • Tag 2: Bamberg - Haßfurt
  •  
  •  
  • ca. 40 km
  • Tag 3: Haßfurt - Raum Volkach
  •  
  •  
  • ca. 55 km
  • Tag 4: Raum Volkach - Würzburg
  •  
  •  
  • ca. 65 km
  • Tag 5: Würzburg - Marktheidenfeld
  •  
  •  
  • ca. 40 bis 80 km
  • Tag 6: Marktheidenfeld - Raum Miltenberg
  •  
  •  
  • ca. 55 km
  • Tag 7: Raum Miltenberg - Aschaffenburg
  •  
  •  
  • ca. 45 km
  • Tag 8: Aschaffenburg - Raum Offenbach
  •  
  •  
  • ca. 50 km
  • Tag 9: Raum Offenbach - Mainz
  •  
  •  
  • ca. 50 km
  • Tag 10: Abreise von Mainz

søndag 29. juli 2018

Skuderunden - Karmøy sør

Karmøyrunden vår har utgangspunkt i vakre Skudeneshavn, går litt vestover, så nord, så på tvers over Karmøy, og deretter sørover igjen på austsida på Rv 11 tilbake til Skudeneshavn. Turen tar ca 3 timar. Tidlegare gjekk Nordsjøruta frå Skudeneshavn og nordover. Men med undersjøiske tunnelar er den ruta lagd om, og syklistane må nå reise med båt frå Stavanger til Nedstrand. Synd for Karmøy og synd for Nordsjøruta.

Ein av dei varmeste dagane ein av dei varmaste somrane fann me ut at me skulle sykla på Karmøy. Vinden var frisk og det var fint å sykle (så lenge de var medvind). Frå Skudeneshavn er både Karmøyrunden og Skuderunden skilta på Gamle Syreveg til Syre, og vidare til Sandve. Denne vegen er idyllisk og lite trafikkert og flott å sykle. Frå Sandve og nordover til Ferkingstad er det sykkelsti, og på Ferkingstad tok me til høgre inn på Burmavegen. Heile kyststripa i sør og vest er ganske tettbygd, for det meste med kvite, fine hus. Då blei kontrasten stor då me svinga inn på Burmavegen.

Burmavegen på tvers midt på øya kan samanliknast med ein fjellovergang (maks 60 m.o.h.!). Det er grusveg, ingen hus, nokre ganske få hytter, nokre få sauer på beite og drikkevatnkjelde (med låg vatnstand) for Karmøy. Vegetasjonen er skog og myr, og me møtte 5 bilar på den 9 km lange turen. Me såg også skilta vandreveg over heia både til Skudeneshavn og Kopervik, endå meir fjellstemning.

Burmavegen blei bygd under andre verdskrigen for å trygge transport av krigsmateriell og troppar. Forklaringane på kvifor det heiter Burmavegen er fleire. Ei forklaring er at det var serbiske krigsfangar som bygde vegen, og dei snakka eit uforståeleg språk, og det blei då til burmesisk. Ei anna forklaring er at Burmavegen ofte er eit namn på ein veg bygd av krigsherrer etter namn av den opprinnelege Burmavegen som var forsyningsveg for kinesarane under den japansk-kinesiske krigen og den andre verdskrigen (bygd 1938).




Grusen på Burmavegen var litt laus, men det var bare å sykle litt forsiktig, og heilt på slutten, då Hu der grua seg til ei nedkjøring på laus grus, så var det plutseleg asfalt! Og me var nede i Blikshavn. Siste delen av turen skulle gå fort unna, men det gjorde han ikkje. Motvinden frå søraust var sterk, så det blei eit strev. Men vegen var god, og trafikken var ikkje så stor.





lørdag 21. juli 2018

Overgang Jæren - Dalane

Tur 1. Nevland - Ualand. Tur-retur 12 km.

Like sør for der vi tar av frå Rv 44 til Vestlandske hovudveg går det ein veg inn til Gjermestad. Me kjørte til Nevland, parkerte der, og hadde ein fin sykkeltur på litt laus grus opp til det som ein gong var ein skysstasjon og tre gardar, Ualand. Garden ligg ved Ognaelva, som går frå Ognedal i Bjerkreim til Ogna i Hå.  Det ser ut som det er mogleg å gå frå Ualand til Ogna, men ikkje sykla, så dette blir ein fram og tilbake-tur i nydeleg landskap med skog og vatn.

På Ualand var det dugnad då me kom. Jæren Skoglag eig staden, som ligg i Hå. Men det er Jæren jakt- og fiskeforening som vedlikeheld staden. Ognaelva renn forbi like ved, og det er den det blir fiska i. Sommaren 2018 er ein tørkesommar, og det er lite vatn i elva. Det er også mogleg å sykle til garden Øvrabø, då tar ein av til høgre ved bommen.



Tur 2. Rundtur Brusand - Aniksdal- Vigrestad - Brusand 20 km.

Frå Brusand går vegen over jernbanen og austover. Her er det fleire val, men denne gongen sykla me langs Bjåvatnet og tok til venstre i Aniksdalsvegen. Det er roleg stigning ei stund, slik at me kom fritt og høgt og hadde godt utsyn over den sørlegaste delen av Jæren og såg havet. Men før den tid sykla me forbi Haugsenga, India (!), Aniksdal, Herikstad, Rugland, Hadland og Ødegård, alle, bortsett frå India, kjende etternamn i distriktet. Her kom familiane frå ein gong. 

Det er drift på gardane, og det er sett opp vindmøller i landskapet. Vi hadde rast ved ein nedlagd skule eller bedehus der det heiter Rugland eller Herikstad. Vidare gjekk turen til Vigrestad, der kan ein gå på kafe eller i butikk. Frå Vigrestad sykla me til Haugstadskogen og Stokkelandsmarka og tilbake til Brusand. Stokkelandsmarka har fått flotte, store vegar. Neste gong skal me finne den nye sykkelstien. 

Fin tur på asfalt heile vegen, lite trafikk, og passe stigning.




Tur 3. Eigerøy fyr. 

Vi kjørte retning Egersund, følgde skiltinga til Eigerøy fyr, men parkerte på idyllen Skadbergsanden. Dels for å sleppe å kjøre den smale vegen inn til parkeringsplassen for turvegen til Eigerøy fyr, dels også for å få en fin sykkeltur.  - Og det var flott å sykle på bilvegen fram til parkeringsplassen, men så vil eg seie det passar betre å gå enn å sykle vidare inn til fyret. Det er 10 grinder på vegen inn, og det blei likevel mykje grindopning og sykkelstopp på vegen. Når grinda i tillegg var nedst i ein bratt bakke, blei det mykje bremsing. Terrenget er i tillegg svært kupert, nesten for bratt til å sykle einskilde stader. Trur heller eg neste gong vil sykle rundt på Eigerøy på bilvegar, og gå til fyret.

Men Hu der kom seg ut til fyret denne gongen! (Utan sykkel det siste stykket) Det var tredje gongen ho var på denne turen, men første gong ho kom heilt ut til fyret.

Siste del av ruta var det laga trapper og lagt ut gangvegar over det som sikkert normalt er myr, og det var fint å gå. Aller siste stykket mellom bustadhuset og sjølve fyret var det ein veg der ein nok kunne trekke ei kjerre i si tid.

Eigerøy fyr er laga av støypejern, etter inspirasjon frå engelske fyrtårn. Då Hu der gjekk ut til fyret, byrja det å regne for første gong på to månader. Det var friskt og godt, og det dampa av fjellet!



tirsdag 17. juli 2018

Ytterøya rundt i åttetal



Terje, 8 år, og mormor i fin stil nedover bakken. Dei andre kjem bak.

Sykling i Norge er også fin-fint. I Trondheimsfjorden utanfor Levanger ligg Ytterøy, sjølvsagt utanfor Inderøy. Inderøy er ei halvøy, medan Ytterøy er ei øy med ca 600 innbyggjarar. Ytterøy var eigen kommune inntil 1964, men blei då ein del av Levanger kommune. Det går ferje frå Levanger by til Ytterøy nesten kvar time, så det er bilar på øya, men likevel begrensa trafikk og fint med sykling rundt på øya. Vi drog med 7 personar i alderen 8 til 76 år, og det var ganske mange andre med sykkel på ferja. Kjekt å sjå at folk finn fram til ein slik fin stad å sykle, småkupert på asfaltert veg. Dei fleste syklistene var trøndarar, men det var også nokre danskar.



Vi sykla eit åttetal på øya, ca 20 km. Midt i åttetalet ligg ein plass som heiter Rampa, med kafe, og det var butikk på ferjeleiet, elles må ein ha med mat og drikke sjølv. Denne dagen var det fantastisk flott ver, havblikk på fjorden og strålande sol å sykle i.





Jørstadsjøen dampskipskai var interessant. Trebrygge som var i drift som dampskipskai lenge, med brygge som måtte ta hensyn til store forskjellar mellom flo og fjøre sjø. Ei gruppe entusiastar hadde restaurert kaien, som var ein av få igjen i sitt slag.