mandag 31. mars 2014

Bysyklar i London

London by, sponsa av Barclay, har klart å få til eit svært godt bysykkelsystem. Det er mange syklar, tett med oppstillingsplassar, godt vedlikehald og ei svært god internettside med alle typar opplysningar, mellom anna kor mange syklar som er inne på kvar oppstillingsplass. Ein grunn til at det var mange syklar inne heile tida, var betalingssystemet slik at den første halvtimen var gratis, etterpå steig prisen ganske mykje kvar halvtime. - Sette du frå deg sykkelen, kunne du begynne på ny halvtime etter fem minutt. 

Pippi hadde vore i London før, og gjorde eit godt arbeid med å få med både Tommy, ho som ikkje er Annika og Prussiluskan med på tur den søndagen vi hadde i London etter ein dysleksikonferanse.



Pippi fekk oss raskt På Sporet frå marknad til marknad, de var jo søndag. Først til Camden-marknaden kor det blei litt handling, peruiansk og etiopisk mat frå buer og forfriskningar. I folkemengda var det herleg å sleppe å bry seg om syklane, det er tydeleg å sjå på Pippi og ho som ikkje er Annika at dei slett ikkje bekymrer seg for syklane --->

Etter Camden sykla vi eit heilt stykke til blomemarknaden i Shoreditch. Og før vi trykka oss inn i marknadsgata Columbia Road, var syklane parkerte.

Etter tredje sykkeluttak klarte Pippi  å finne vegen tilbake til hotellet sjølv om kartet hadde reist frå oss. Godt gjort. - Einaste typiske Pippihandling var då ho skar til høgre tvers over fire filer for å ta ein sving.

Så var det kritikken. Vi måtte sykla i gatene. Det beste London hadde å by på, var bussfiler, men der var jo dei irriterande bussane. Like før nokre lyskryss var det laga nokre rørande sykkelfiler, ca fem meter, og plass for syklistar framfor bilane i sjølve krysset. - Det skla vere sykkelmotorvegar i London, men ikkje der vi var.

Wikipedia har ei fin side om sykling i London.

søndag 2. mars 2014

2014 Knall og fall

Tidleg i januar pumpa eg opp den vesle Bromptonsykkelen, monterte ny, sterk lykt og rulla glad og nøgd nedover lia mot Sandnes stasjon. Første gong i sesongen, frisk luft, men ikkje vind, fire - fem grader. Godt!

Eg veit ikkje kva som hende, men plutseleg låg eg der. Med store smerter i venstresida som eg landa på, og endå verre smerter i høgre hånd. Det viste seg seinare at tommelen var ute av ledd, eit bein brekt og eit leddbånd var av.

Det gjekk litt tid før det kom folk, og eg fekk ringt han der som kom med bil og frakta meg først til Sandnes legevakt, derettet til SUS for røntgen. Det enda med gips, operasjon av leddbånd ei veke seinare, og sjukemelding i tre heile veker + ei med 40 prosent sjukemelding. Det tok mykje meir på enn eg hadde trudd. Nå, 2.mars, har eg begynt å trene opp handa att, men eg skal framleis vere forsiktig.

Sånn kan det gå! Men eg skal bli heilt bra att. Øvst er det bilete av hånda med såkalla skinne, stadiet etter gips og før opptrening.

lørdag 4. januar 2014

Sykkeltur nr 3 i 2014: Peloponnes med resten av familien

Middelhavet i haustferien? Ikkje dumt seier Lille rektor, Pilfinnar, Elkjøp og Hans kone, Dei foreslo Sardinia, men Sardinia viste seg å vere vanskeleg, både å kome til på ein rask måte, og å sykle på. Andre øyer blei vurdert, men til slutt fann Han der ein fin tur på Peloponnes hos Pedalo, og alle ville sykle der, og vere litt ekstra i Athen. Lille rektor og Pilfinnar har vore mykje i Athen, og skal også vere plassfinnarar der for oss.

Vi landar i Athen, blir henta og kjørt til Tripolis. Første dag er rundtur rundt Tripolis, 50 km, neste dag syklar vi til Paralion Astros, 60 km, derfrå til Nafplio, 45 km. Dag fire er det rundtur langs kysten og dag fem er det rundtur til Mykene og
siste dag er det rundtur til Epidauros.

Dette er fleire av dei mest kjende stadane i det klassiske Hellas, det antikke teateret til Argos, løvetårnet i Mykene og amfiteateret i Epidaurus. Me har vore fleire av desse stadane, men ser dei gjerne igjen. Amfiteateret i Epidauros har den mest fantastiske akustikken eg har høyrt. Frå eit punkt midt på scenen, kan ein høyre ganske låg stemme langt opp på benkeradene.

Alt dette skal vi oppleve om hausten, når det ikkje lenger er så varmt. 

Sommaren 2014: Paris - London

Det bli tur frå Paris til London i juli. Turen består av fire sykkeldagar i Frankrike, ferje over kanalen og to sykkeldagar i England, totalt mellom 300 og 370 km på to hjul. Turen skal store delar av tida gå på Avenue Verte, sykkelvei som dei prøvde å få ferdig til London-OL 2012, men som ikkje er heilt ferdig ennå.

Vi syklar ut frå Paris langs Seinen, gjennom Eptedalen, kor Monet måla vannliljene sine, inn i Epte-dalen kor mange av impresjonistane, m.a. Cezanne og van Gogh, henta inspirasjon til maleria sine. Vidare på nedlagde jernbanestrekk, småvegar og parkar gjennom Normandie til havnebyen Dieppe. Derfrå går ferja til Newhaven, kor vi syklar langs dei kvite klippene til Brighton, så inn i Sussex til London på sykkelstiar og gjennom parkar.


Sykkelmotorveg kan kome!

Stavanger Aftenblad har i dag eit stort oppslag om sykkelmotorvegen som nå blir planlagd mellom Sandnes og Stavanger. Overskrifta er 800 millionar for fem minutt, Dei framstiller det slik fordi ein syklist frå Stavanger til Forus kjem fem minutt fortare fram med ein slik veg i staden for slik han syklar i dag. Dei gløymer betra sikkerheit for syklistane, færre bilar på vegane og mindre behov for vegar og helsegevinst for syklistar. Eg synest motorvegen ser bra ut, men er ikkje sikker på om han kjem så raskt at eg kan bruke han til og frå jobb før eg blir pensjonist.

Film om dette, og reportasje, med ganske mange dumme kommentarar under, akkurat det Aftenbladet legg opp til med overskrifta. Dei bit på!

søndag 17. november 2013

Sekstiårssykling i Alsace - mai 2014

Første varsel gjekk ut til barn og barnebarn 1,5 år på forhånd: Vil de bli med på tur når eg fyller 60 år? Alternativa var å sykle i Europa (Bourgogne foreslått), tur i Sør-India (Tamil Nad og Kerala) eller tur i Nord-India (Sikkim eller Ladakh). Varselet gjekk ut til ein astrofysikar i Trondheim, ein jurist i Newcastle, ein dyrevenn og språkkunnig i Ovingham, ein sjuåring i Ovingham, ein vinimportør i Oslo og ein politi i Hønefoss. Dessutan til pensjonisten på Sandnes.
Og tru det eller ei: Det blei semje om sykkeltur ganske fort! Pensjonisten sette søkemoteoren i sving, og kom med eit forslag som kunne passe alle: Stjernetur i Alsace. Stjernetur betyr at vi bur same staden heile tida, men syklar i ulike retningar kvar dag.

Her er ei redigert  utgåve av invitasjonen (og alle blei med!!)

Eg vil gjerne ta dykk med på noko av det beste eg veit, sykkelferie.

Reisemålet blir Alsace, Frankrike, for der trur eg vi kan finne noko som kan interessere alle, i tillegg til syklinga: Vinmarker og vinproduksjon, tidleg skrift og utdanning, historiske byar, idylliske landsbyar, kyrkjekunst og god mat og vin. (Eg veit ikkje om dei driv med Crossfit.)

Turen blir ein så kalla stjernetur rundt byen Colmar. Stjernetur betyr at vi bur på same hotellet i Colmar (Hotel Beauséjour), og kvar dag dreg ut frå det. Det betyr òg at alle ikkje nødvendigvis må sykle kvar dag.

Alsace har tre nasjonale kulturskattar, og vi skal heilt sikkert få med oss dei to siste, ja kanskje alle tre:
  • Katedralen i Strasbourg 
  • Issenheimaltartavla i Colmar
  • Det humanistiske biblioteket i Sélestat

Colmar

Gamlebyen i Colmar har bruer og kanalar som har gitt opphav til kallenamnet "Petite Venise" – lille Venezia. Han er som ein eventyrlandsby med skeive bindingsverkshus og blomar i alle fargar; bysentret står på UNESCO si verdsarvliste. Sjå biletet på side 1.

Men den største skatten i Colmar finn ein innandørs, i det fredelige kapellet i Musée d’Unterlinden.

Her kan vi sjå Mattias Grünewald sitt meisterverk, Issenheimaltaret. Dette meisterverket gjorde djupt og varig inntrykk på oss som såg det i 2007. Detaljane her kan gi eit lite inntrykk av kva vi kan vente. 






Det humanistiske biblioteket i Sélestat
Bøkene i Det humanistiske biblioteket i Sélestat frå 1542 gjer oss i stand til å studere utviklinga av boka frå 7. til det 16. århundret. Her finn vi mange håndskrivne bøker, blant andre ei merovingisk lectionary (= preikenbok) frå det 7. århundret, den eldste boka i Alsace. Bøkene ligg under fløyelsteppe, slik at lyset ikkje skal øydeleggje dei.

Katedralen i Strasbourg

Den gotisk-romanske katedralen, Notre Dame, er eit av dei vakraste og mest imponerande kyrkjebygga i Europa. Han har bare eitt tårn (142 m), som vart ferdig i 1439. Det gir bygget ein asymmetrisk og særeigen profil. Kyrkja er eit eksempel på brytninga mellom fransk og tysk gotikk. Ho har ei ualminneleg rik utsmykking med vakre glassmaleri, skulpturar og eit astronomisk ur frå 1571.



Vin i Alsace
Bortsett frå litt raudvin og rosévin, lagar ein her kvite, tørre vinar (92 prosent av produksjonen) samt god musserande vin, AOC Crémant d’Alsace. Men vin skal Marie få fortelje meir om. 









Program:
       Kome til Colmar - best med fly til Basel eller Strasbourg
       Rundtur i dei berømte vinlandsbyane, m.a. Riquewihr, Turckheim, Eguisheim. Ruta er 60 km, men det er ein rundtur rundt Colmar, slik at det heilt sikker går an å korte ned.
       Sélestat: enten med tog frå Colmar til Sélestat utan sykkel og 0 km sykling, eller tog + 37 km liten rundtur, eller sykling heile vegen frå Colmar tur/retur 60 km for dei sprekaste.
       Tog + sykkel til Strasbourg, sykling 25 km - oppleve Strasbourg
Fødselsdagsmiddag om kvelden.
       Reise heim eller forlenge.

My little pony har lov å bli med. 



Etter kvart blei også ein lærar frå Klepp, ei helsesøster og ein osteopat frå Skudeneshavn påmelde.
 


torsdag 10. oktober 2013

Fra Gaudi til Gaudi på sykkel.

Casa Batilo i Eixample.

Mykje av det Barcelona er mest kjent for rundt om i verden, er bygningar laga av den "geniale eller skrullete" Gaudi. Bygningane er spreidde rundt om i Barcelona, og igjen: Sykkel fungerer bra når ein skal dekke eit ganske stort område. Sykkel og kart. (Sykkelkartet fekk vi på Green Bikes(

Når vi finn vegen sjølv, er sykkelvegane eit funn. I dag sykla vi eit heilt rett strekk langs Passeig St Joan. Lille Rektor heldt styr på kvartala vi passerte: Det blei 15. Og 15 lyskryss. Heilt flott, og vidare var det lett å finne fram til Park Guell, sjå under. Park Guell var eit prosjekt den rike Eusebio Guell hadde saman med Gaudi. Dei ville skape eit ideellt bustaområde på ei høgd. Prosjektet blei ein fiasko, bare tre tomter av seksti blei selde, men fellesområda står der, og er nå park til glede for turistar og dei som tener på turistar i Barcelona. (App for Park Guell var 7 bortkasta kroner).
Frå Park Guell.
Eit anna Gaudi-hus i Eixample. Casa Mila.