Carlisle (vel 70000 innbyggjarar) ligg 16 km frå grensa til Skottland, og har vore eit viktig militært støttepunkt då England og Skottland var to rike. Det er i dag godt bevarte bymurar, og Carlisle slott frå 1092. Byen har og vore skotsk og har eit skotsk preg. I Tullie house finn vi historien til området og til Hadrianmuren. Til fin nettside om romarane i Cumbria.
Hadrianmuren var ein voll bygd av stein og torv, bygd frå år 122, for å forsterke grensa og verne mot piktarane. Muren var 4 - 5 m høg og 6 m brei, ikkje slik som denne resten som fins i dag. Muren går frå Wallsend til Solway Firth. Muren er 117 km og den sterkaste befesta grensa i Romarriket. I tillegg til at muren var festningsverk, var det også kontroll med trafikken gjennom portane, slik at det kunne krevast toll for varer frakta gjennom dei. Sjølv om stein er tatt frå muren til annan bruk, står mykje igjen. Muren er på UNESCO si verdsarvliste.

Inn og ut av Carlisle gjekk turen i grøntområder og parkar. Frå Warwick Lodge var det ganske kort veg til Rickerby Park (med ungfe på beite), og fin veg ut sv byen. Elles var 72-ruta mellom Carlisle og Brampton eit godt døme på at den rette veg mellom to punkt ikkje er den finaste sykkelvegen. På små landevegar med hekkar på begge sider gjekk det i kryss og tvers og opp og ned til søte landsbyar som Linstock, Crosby-on-Eden, Newby, Warwick Bridge, Allenwood, How, Hayton, Low Gettbridge og Aarons Town før kaffepause i Brampton. Cupcakes og kaffe. I Brampton kjøpte me også med oss sandwiches på eit bakeri, som me fann den perfekte stad å ete ein time seinare, etter ei lengre stigning, i Banks.
Sykkelturen i høgda langs muren var veldig fin, gode vegar, og eigne vegar der det var litt trafikk. Fekk med oss Birdoswald romarfort og lærte litt meir om romanane, før me trilla fint og flott inn i Haltwhistle, midt i England, og fann overnattingsstaden Hall Meadows veldig lett. Der blei me tatt imot i ein fantastisk hage av hund, mann og kone.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar