I Haltwhistle (3-4000) har me vore før, og tenkte nok då at me ikkje kom igjen nokon gong. Der tok me feil. Haltwhistle var ein romersk stad. Den romerske vegen Stanegate (steinvegen) mellom Carlisle og Corbridge gjekk like nord for staden, og det er ikkje langt mellom elva Tyne og muren på dette punktet.
Seinare har staden vore lasteplass for kol og metall frå gruver i området over på jernbane. I dag er staden i vesentleg grad ein turiststad: Fotturar og Hadrianmur-turisme.
Hall Meadows i Haltwhistle var ein svært rolleg og hyggeleg b&b i ein fin hage. Me var dei einaste gjestene, og blei tatt godt vare på.
Elles er Haltwhistle ganske kjedelge om kvelden, og hotellet var fullt, så me åt på baren, ok, men ikkje god service, og det dei kalla espresso var traktekaffe. Men me klaga ikkje, me meir smilte av dei, slik er det på landet.
Me vakna av eit veldig tordenver, men det hadde slutta då me starta syklinga etter ein engelsk frokost. Turen går mykje langs traseen til Hadrianmuren, og etter ei kraftig stigning kom me til Vindolanda utgravingsfelt og museum. Veldig mange gjenstandar frå romartida er funne fullt bevart i Vindolandautgravingane fordi jorda har blitt lukka, det har blitt anaerobt. Derfor fann dei sko og klede, og veldig interessant, små trestykke som romarane brukte slik vi bruker papir, til brev, notat og beskjedar. Det blei spekulert i om dei som budde rundt og handla med romarane måtte lære å snakke latin , og til og med lære å skrive.
Heile dagen har me sykla på vegar, men lite trafikk, som lova. Me sykla vel ca 10 km og møtte bere tre bilar, for eksempel. Desse små landevegane er lite brukte, og veldig få folk bur på landsbygda i høgda her. Nede i Tynedalen blir det straks fleire.
Hadrian/Adrian var keisar frå år 117 til år 138, og overtok styret av det store riket etter grandonkelen sin, Trajan. Trajan var ekspansiv og utvida riket, men Hadrian var meit forsiktig og konsoliderte det. Den romerske kspansjonen i Britannia stoppa opp i hans keisartid, og han begynte å byggje muren som fekk namn etter han. Seinare (142 - 154) bygde keisar Antonius ein mur lenger nord, kor landet var smalare (64 km), men denne er ikkje så kjend eller synleg lenger. festningsverket ved muren var bare i bruk i 20 år, då måtte romarane igjen trekkje seg tilbake til Hadrianmuren.
Fell Croft b&b er spesiell med norsk vertinne, Tove. Det ligg litt utanom sjølve byen, ved jernbanen. Middag på Black Bull i byen med besøk frå Ovingham igjen. Bra.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar