Nå har me kome til elvelandet til Tyne, og vidare følgjer ruta vår stort sett elva. I Corbridge kryssa me elva frå bed and breakfasten til sjølve byen, vidare gjekk turen til Ovingham kor me fekk kaffe hos Siri, Ranveig og Arvind. Andre elvekryssing var brua mellom mellom Ovingham og Prudhoe, og me sykla vidare på sørsida av elva på fin sykkelsti til Wylam, kor vi igjen kryssa over ei flott bru, nedlagd jernbanebru, sjølvsagt. Hagg Bank Bridge, jernbane i drift frå 1867 til 1968, mest for frakt av kol og liknande. Etter Wylam heldt me oss på nordsida av elva, og det gjekk fint heilt inn til byen.
Langs Tyne har Newcastle fått eit imponernade sykkel- og gangveinett, toppa av milenniumbrua over til Gateshead. Absolutt å anbefale, sjølv om det er ganska mange fotgjengarar i vegen ein fin dag. Me tok så lunsj der me leigde syklane i Cycle Hub, og så viste det seg at sjølve sykkelturen skulle enda der. Han der var nøgd, leverte sykkelen inn og tok buss og metro til Whitley Bay. Hu der var ikkje ferdig, tok sykkeltaskene med regntøy og freste avgårde på Hadrianvegen. Me så hadde dei Newcastlefantungane knust flasker på den fine sykkelvegen og hu der punkterte. Første gong åleine på slik sykkeltur, og første punktering.
Enden p visa blei å leie sykkelen tilbake til Cycle hHub, leverer han inn og gå til sentralstasjonen og ta metroen til Whitley Bay (36000) på austkysten. Whitley Bay har sandstrender og var frå 1882 (jernbanen kom) til 1980 ein turistby. Nå er han mest ein soveby for Newcastle. Oaktree Lodge Hotel, 15 Esplanade med ni rom var absolutt ein stad å bu, The Brasserie hadde særs god sjømat, og Siri kom og koste seg med å bade i sjøen.
Sjølv om avslutninga var eit antiklimaks, så er konklusjonen at det har vore ein interessant og herleg tur. Veret har vore bra, ein føremiddag med regn var bare ein kontrast. Å bu på bed and breakfast greit og interessant, sjølv om teppe på badegolvet er litt spesielt for oss. Å lære meir om romartida i Engalnd, og næringsgrunnlag og tilbakegang i nordengland har også vore interessant, og å oppleve det grøne landskapet, badebyane og dei blømande landsbyane i roleg tempo har vore flott. Under frå Whitley Bay.
Hjelparane våre har først og fremst vore Discovery Travel, som har organisert for oss. Dei som har transportert bagasjen var Brigantes til Carlisle, og Hadrian Haul etter Carlisle. Men bagasjefrakt er ein industri langs Hadrianruta med mange vandrarar, så det fins mange byrå. Vidare hadde vi hjelp av Cycle Hub, som leigde ut gode syklar. Cycle Hub gjorde oss merksame på Saddle Skedaddle som arrangerer guida og sjølvguida turar i England og andre stader, www.skedaddle.co.uk. Dei har også sykkelutleige, som er greit.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar