Ravenglass, utgangspunktet for Hadrians sykkelveg, er ganske langt sør for sjølve Hadriansmuren. Forklaringa på at turen startar i Ravenglass, er at staden i 300 år var ein romersk garnison (castra) med 500 soldatar, og då var ein del av same forsvarsystemet som Hadrianmuren. Namnet var i romersk tid Glannaventa. Romarane fekk inn forsyningar til soldatane sine i nordvestengland over Ravenglass, og frå staden gjekk det ein romersk veg over Hardknottpasset til det romerske fortet i Ambleside. I dag er einaste resten etter romarane eit bad, Walls Castle.
I dag har landsbyen under 1000 innbyggjarar. Hovudattraksjon er den nedlagde jernbanen Ravenglass and Eskdale Railway. Vi bur i Bay Horse Bed & Breakfast, eit restaurert vertshus kor farande tidlegare tok inn for å vente på lågvatn, slik at dei kunne kome seg over Esk-vadestaden (ford). Tre elver møtest i Ravenglass: Esk, Irt og Mite. Kastar ikkje bort energi på lange elvenamn der på staden.
Hadrians sykkelveg starta ved det romerske badet. Vi forsto ikkje heilt av kartet kor vi var, så vi sykla opp til badet og snudde og sykla same vegen tilbake. Då vi komnedover igjeb, såg vi skilta som viste inn på ein smal sti, langs jernbanesporet. Stien, som var akkurat brei nok for ein, gjekk over ei bru og vidare langs stranda.Det var flott å sykle der, bare vi og havet. Underlaget varierte, grus, utlagde plastmatter som gjorde laust underlag stabilt, murplater og asfalt, relativt seinsykla. Nokre stader var det plutselig heilt laus sand, vanskeleg å sykle, men det gjekk utan uhell.
Midt i det flotte strandlandskapt dukka Sellafield atomkraftverk opp, heilt usjarmerande, men sikkert bra for energitilførselen i Engalnd, og sysselsettinga i området her. Rett utanfor kraftverket var det naturvernområde og fuglereservat.
Vi kom gjennom fleire pittoreske landsbyar på turen: Drigg, Seascale, Beckermet og byrn Egremont. Overalt blomar, i hagar og ville langs vegen. For det meste gjekk turen på eigne sykkelvegar eller småvegar, ein gong ut på ein større veg, men der var det sykkelsti. Ved Egremont og inn mot Whitehaven dukka det umisskjennelege preget av nedlagd jernbane opp: Fyllingar, over- og undergangar og rette strekk. Igejn ein nedlagd jerbane, og igjen ein nedlagd jernbane omgjort til sykkelveg, denne gong Whitehaven, Cleator & Egremont railway frå 1856.
I åra midt på 1800-talet blei det bygd minst åtte jernbanestrekningar i området hovudsakleg for å frakte kol og jern frå gruvene i området. Allerede då jernbanane sto ferdige, minka gruvedrifta, og i løpet av 1900-talet blei dei nedlagde. Sustrans starta eit stort arbeid her med å bruke desse jernbanestrekka til grunnstamme i eit samanhengande sykkelvegnett tvers over England: C2C.
Ved Egremont mista vi ruta ein stad. Vi fekk straks hjep av forbipassserande, den første ga oss villedande hjelp, men den andre sykla framfor oss og hjelpte oss inn på sykkelvegen igjen. Kjekke engelskmenn. Ruta er veldig kort, så for ikkje å kome for tidleg fram, tok vi lunsj i havna i Whitehaven for vi kom oss oppover bakkane til Glenard Guesthouse. Lyst og romslig rom, stor, flott hage, men nok meir tradisjonelt b&b enn dagen før. I fint ver ser Whitehaven ut som ein heilt annan by enn de vi opplevde sist gong vi var her. Vi avslutta dagen med eit utmerka måltid med superlokal sjømat på The Waterfront, kan anbefalast. www.waterfrontwhitehaven.co.uk
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar