Brügge er ein velutstyrd turistby, også på sykkelfronten: Fleire sykkelutleigestadar sentralt i byen, sykkel velkommen i alle gater, også mot einvegskøyring, og fine, skilta sykkelvegar frå knootpunkt til knootpunkt. Me leigde sykkel hos ein kombinert frisør og sykkelutleige, nei ikkje Sola video og tepperens, men nesten. Haar Zone Kapsalon og Bike Rental Med rabatt frå hotellet, kosta det 10 euro pr dag pr sykkel! - med kart og sykkeltaske, og service på telefon dersom behov. Veldig kjekke folk.
Me sykla langs ein av dei mange kanalane ut av byen og 8 km langs Damme Vaart kanal til Damme, ein søt landsby. På torget var det marknad, det vil seie tre velutstyrde trailarar oppstilt, ein med kjøtt, ein med fisk og ein med ost og liknande. Etter kaffe og is sykla me ei anna løype gjennom mais- og potetåkrar tilbake til Brügge, med god skilting og nye knooppunkt var det aldri tvil om vegen, Rundt Brügge går det ein sykkelring av svært god kvalitet, og inne i byen er det greit å sykle. Det einaste problemet er at i sentrum er det mange turistar i vegen. Men ein skal ikkje langt ut før det problemet gir seg. - Sykling er vanleg i byen, bilane tar omsyn, og det er trygt å gå frå sykkelen. Heilt flott.
Dagen avslutta i ølkroa De Garre, med øl ein ikkje får andre stader.
Følger med dere. Fine byer og godt tilrettelagt ser det ut som. God tur videre.
SvarSlett