Rett og slett ein herleg dag. Turen i dag starta med ein tur med hurtigbåt, waterbus, frå Dordrecht til Alblasserdam, deretter var det ein kort sykkeltur til dei 19 berømte vindmøllene i Nederland, Kinderdijk. Vindmøllene blei laga på 1700-talet for å pumpe ut vatn frå Ablasserward-polderen, og er delvis i bruk i dag, når det er mykje regn og dei motoriserte pumpene ikkje held unna. Kvar vindmølle løfter vatnet opp eit nivå, og etter fleire slike kjem vatnet over havnivået og kan pumpast ut i elva som går til havet. Nederlanda har godt land, så folk begynte tidleg å slå seg ned der. Men det blei for knapt med det tørre landet, og dei drenerte det med kanalar. Resultatet var at vatnet sokk, og det måtte gjerast noko. Resultatet var kanalar, dike og pumper. Veldig imponerande, og noko som bare kan gjerast når mange samarbeider. Det kan vere ei forklaring på det velorganiserte landet Nederland er. Gud skapte jorda, men hollendararne skapte Holland.
På kartet ser vi kor lite Nederland hadde vore utan arbeidet mot vatnet, bare det kvite er over havnivå heile tida. Me sykla og såg, kanal på kanal, på kanal. Kanal mellom jordstykka, kanal rundt eigedommane og kanalar langs vegane me sykla på. Nokre stadar var det stor høgdeforskjell mellom kanane på venstre side av sykkelstien og høgre. Sist på turen sykla me også på diket ut mot elva Lek, ei sidegrein av Rhinen.

Det var lunsj i Schoonhoven og slutt på etappen i Vianen, men inntrykka frå denne dagen var frå turen; det store kanalarbeidet som er gjort, dei fantastiske hagane ut mot kanalen eller sykkelstien eller begge delar. Me var med i flokken denne dagen. Ein fordel når det var motvind ein del av strekket, og så fekk me med oss eit besøk på ein ostegard.
Me kjem også meir med i det sosiale når me er med i gruppa, og det er mange kjekke folk med. Det er veldig greit med engelsktalande, sosialt innstilte personar. I dag avslutta me med fødselsdag og sjampanje!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar