Siste etappe, som me klarte å ta veldig rolig, med alle mulige typar pausar, og ein skikkeleg tysk lunsj i ein biergarten. Min rett var pasta, sauerkraut og speck. Det var godt, og eg blei veldig mett.
På slutten i dag var det slutt på Main (og slutt på turen) for Main rann ut i Rhinen, og i møte med Rhinen ser vi kor lita Main er. Men elva er 400 km lang, ikkje verst det. Og sjølv om turen i dag har gått via ei rekkje byar, med Frankfurt som den største, har det likevel vore ein tur i det grøne. Langs elva er det store område kor vatn kan breie seg i tilfelle flaum, Det er nok ikkje tidlegare tiders omsorg for syklistar på 2000-talet som har gjort at ned mot elva er det store område med gras, parkar, kolonihagar, campingplassar og idrettsbanar, samt gang- og sykkelvegar. Det har nok vore nødvendig å gi vatnet plass, slik at dei sjølv ikkje blei våte på beina.
Elvebuarane har også andre måtar å beskytte seg mot vatnet på: Mellom elva og busetnaden er det nokre stader jordvollar, og einskilde byar har bymurar og flaumportar, på same måten som i Nederland, sjå bilete under. Så for å sikre seg mot flaum, har ein altså skapt eit grønt rom for mange folk i dette landet, og slike som oss frå andre land som finn fram til desse vegane.
Heile Main Radweg er skildra i Bikeline si bok, som er brukt flittig heile vegen. Frå Bayreuth til Mainz er det 554 km, me sykla frå Bamberg til Mainz, som er 424 km. Elva går frå aust mot vest, men når elva svingar, har det gått både mot nord og sør også. Me kjenner herleg prikking i låra kvar kveld, Han der har hatt litt rumpevondt, men fekk god salve og gode råd på eit apotek i Gemunden, Men nå kan det vere godt med eit par dagar utan sykling!