Midt i Europa, med vannvegen til Nordsjøen via Rhinen, med godt jorbruksland og eit fint klima. Her har det vore rom for velstand, og velstand er det i dag også. I tillegg til alt kornet, er det også store område med druer i området mellom Volkach og Wurzburg, og vinen dei lagar er svært god. Eg visste ikkje om vin frå Maintal før, alltid noko å lære.
Me korta ned turen i dag, likevel blei ha over 63 km. Det merkes på kroppen, litt trøytt, og litt sår bak. I morgon kjøper med sinksalve. Me fekk oss ein bedre middag i Rathauskeller, deretter var det tilbake til hotellet, me fekk nok ikkje med oss alt i Wurzburg denne gong.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar