Hotel Wilder Mann er eit familiedrive hotell ved brua over Main og opp til sjølve byen Aschaffenburg. Hotellet har tydelegvis kjøpt opp bygningar i området, og for å kome til vårt rom, Lille Afrika, måtte me kome oss gjennom ein labyrint, opp nokre trapper og ein liten bakke inne i huset, Utanfor romet var det ein giraff-figur, inne på romet var det sebrasofa og elefantbilete.
Då me skulle reise, sa me farvel til våre tyske reisefeller, som skulle avslutte reisa der i Aschaffenburg etter ei veke på hjul frå Bamberg. Nokre av dei skulle sitje på med bilen tilbake, bilen som henta syklane til dei som avslutta turen, hadde også plass til passasjerar og deira bagasje, Det som då kunne ha vore eit lite problem, var at sjåføren hadde pakka alle syklane det sto Pedalo på - alle var fint plasserte på tilhengaren hans, OGSÅ VÅRE SYKLAR, som skulle vere med oss to dagar til. Heldigvis var me ute i tide før bilen kjørte, og syklane var merka med namn, så dei måtte sjåføren plukke av bilen, sjølv om dei sto langt inne i rekka. Og sykkeltaskene hadde han også tatt. Ny leiting, og finning, heldigvis.
Alle dei andre avslutta turen der, og me fekk ein mistanke om at kanskje kunne det vere ein risiko for at koffertane våre heller ikkje kom fram, når det bare var våre to. Men Pedalo har orden, framme i Offenbach sto koffartane fint og venta på oss.
Nå er me i bymessige strøk. Offenbach er som ein bydel av Frankfurt. I dag var det søndag, og familiar var ute og grilla, eller var på sykkel- eller biltur. Ein og annan rullator, rulleskøyter, mange folk på tur, rett og slett! Kjekt å sjå at søndagen blir brukt så fint.
Og så tenkte eg at når med nærma oss Frankfurt ville det vere slutt på alle slotta og dei romantiske byane. Men feil igjen. Me ville ha kaffe, og tok tilfeldigvis inn i ein by som heitte Seilingenstadt, som viste seg å vere ein heilt fantastisk, romantisk by. Og då me ville ha lunsj, stakk me inn til Steinheim, og det same skjedde der, bare rundt hjørnet, så var det bindingsverkhus og slott! - I tillegg god lunsj på plassen, salat med herleg sprøsteikt kylling.
I Offenbach måtte me sykle over ein km i bygater for å finne hotellet, som ligg i ein ombygd fabrikkbygning i eit bustadområde (blokker). Veldig forskjelling frå det andre me har opplevd, men interessant. Og når det i tillegg var ein god restaurant i nærleiken, Il Calderone, var det bra, sjølv eit stykke frå sentrum. - Me har ennå ikkja hatt eisbein, sauerkraut eller wurst. Det får vere i morgon i Mainz.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar