søndag 24. januar 2016

2016 Haustferie på Sicilia

Når januar er på sitt tristaste; julelysa er pakka ned, snøen er regna bort og det er grått ute, så passar det å kose seg med å planleggje ein sykkeltur på Sicilia til hausten. Valet sto mellom Sør-Frankrike, Andalucia og Sicilia, og det blei Sicilia. Litt fordi Italia er eit fint land å sykle i, og litt fordi me ikkje har vore i denne delen av Europa før, nokon av oss. Øya ligg svært langt sør, nesten på høgd med Afrika, og middeltemperaturen i oktober er over 20 grader om dagen. Det skulle vere veldig bra.

Han der har funne flybillettar til og frå Catania, den nest største byen på Sicilia. Frå flyplassen ved Catania vil turen ha denne ruta: Caltagiorne - Piazza Amerina - Caltagiorne - Modica - Pozallo - Marzamemi - Noto - Siracuza. Det blir korte strekk på mellom 25 og 55 km, men mykje kultur. Attraksjonar frå UNESCOs verdsarvliste står i kø, og me vil ha god tid til å sjå på dei.

For eksempel kan me sjå på bikinijentene og mykje annan mosaikk i Villa Romana del Casale i Piazza Amerina. Mosaikken stammar frå ein herskapseigendom frå romartida, men har vore dekt av jord frå eit skred i mange hundre år.

Ein annan attraksjon på UNESCO-lista er Noto. Byen blei fullstendig øydelagd i eit stort jordskjelv i 1693, men blei bygd opp på nytt i stilen som gjaldt då, og er blitt ein svært vakker barokkby. Sjå balkongen på biletet, til og med under er balkongen barokk.

Jordskjelv og vulkanutbrot har samanheng med at Sicilia ligg der den afrikanske og den eurasiske kontinentalplata møtest. Vulkanen Etna er framleis aktiv, og høgda varierer på fjellet, fordi utbrot formar toppen på ny og på ny. Men Etna er det høgaste italienske fjellet sør for Alpane, over 3000 moh. Siste utbrot var i desember 2015, me får håpe me får sykle utan jordskjelv, lava eller oskeutbrot. Lavaen skal visstnok vere seintflytande, så det er visstnok råd å kome seg unna. Me får sykle veldig fort...







søndag 11. oktober 2015

Haustferie 2015 i Provence

F
Haustturen i år går til Provence, eit område vi har sykla i tidlegare, men både ruta og selskapet vi kjøper turen gjennom, France Bike, er nytt.

Traseen er Avignon - Arles - Saintes-Marie-de-la-Mer, St. Gilles, Pont du Gard - Uzès - Pont du Gard (sløyfe) - Avignon. Det vil seie at tre monument på UNESCO si verdsarvliste fins på turen: Pavepalasset i Avignon, heile byen Arles med mange manument frå romartida og middelalderen, og aquadukten Pont du Gard.
Blir flott å oppleve dette igjen!

Vi kjem til Avignon med direktefly til Paris, dette blir ein av dei siste turane for direkteruta Stavanger - Paris med Air France. Frå Paris tar vi hurtigtog, TGV, til Avignon. Tre timar frå Paris til Avignon er ikkje verst, det er ganske langt.

Pilfinner og Lille rektor er med, og denne gongen er det ikkje noko GPS-tull, så Pilfinnar vil kunne utfalde seg igjen.

Hotel Bristol ligg i sentrum i Avignon, ein by med 90 000 innbyggarar (300000 med omland). Byen er mest kjend for at han var paveby på 1300-talet, og pavepalasset ruvar godt i bybiletet. At paven flytta frå Roma i ein periode, gjekk sjølvsagt inn i eit spel om makt. Kongen av Frankrike var med, dei rike Tempelriddarane og. 

Denne gongen har me bestilt halvpensjon. Me har gode erfaringar med at operatøren finn restaurantar. Det slo til, No 26 med 11 bord var svært bra, både på mat, miljø og service.



Rundtur Pont du Gard - Uzès 40 km

Hu der hugsar eit bilete av eit flott byggverk frå romartida i geografiboka si frå barneskolen på sekstitalet, og tenkte vel aldri at ho ein gong skulle sykle over brua på biletet! Men slik har det blitt med dei rike nordmennene, dei flaksar rundt i verda og ser det meste.
 - Pont du Gard er bare eit fantastisk byggverk. Lille Rektor og Hu der sykla både fram og tilbake over brua, og fekk med seg både film og multimedieshow med god del opplysningar om bygginga og korleis forholda var då brua blei bygd.
 Viadukten over elva Gard er den største, men bare ein av mange dalpasseringar for den 50 km lange vannrenna som gjekk frå Usèz til Nimes. Vatnet blei ført til Nimes slik at romarane som hadde flytta dit kunne bade, og alle i byen kunne få drikkevatn. Kanalen blei ferdig nokre år før null, og blei brukt i over 500 år. Sjølve Pont du Gard er 360 m lang og 50 m høg. Steinane blei hogde til i området og så heiste på plass. Når siste stein i bogen blei kilt på plass, skulle bogen bere seg sjølv og stillaset under kunne takast bort. Her måtte det reknast og hoggast nøyaktig!
Elles gjekk turen i dag fram og tilbake til Usèz i ei sløyfe, i nordaustskråning til byen og i sørvestskråning frå byen. Det betydde god utsikt over det frodige, bølgande lanskspet med sypressar og vinmarker. Uzès er ein fin by, kjend for å teke imot både jødar og protestantar i tider dei har vore upopulære. Dessutan ein fin by med vakre bygningar og plassar.

Tilbake las Hu det kart, og lokka dei andre inn på ein veg utanom løypa for å unngå trafikk. Den alternative vegen var også merka som sykkelveg. Det gjekk veldig fint ei lita stund, men plutseleg fekk me svaret på kvifor me skulle ha sykla på hovudvegen, det meste av sykkelstien var rast ut, sikkert i ein flaum, og ikkje bygd opp at. Det gjekk trass alt å få syklane over avgrunnen og inn på betre veg. Deretter gjekk det susande tilbake til Pilfinnar som måtte stå over denne dagen på grunn av sjukdom. Greit av vi ikkje skifta hotell akkurat denne dagen.


søndag 27. september 2015

Pont du Gard - Avignon 51 km

L
I Provence er det minimalt med sykkelvegar, det fekk vi erfare i dag. Bortsett frå fin tovegs sykkelsti over brua inn i Avignon, gjekk svært mykje av ruta på trafikkerte vegar. Det var mykje trafikk, noko trafikk, litt trafikk og lite trafikk. Til tider farleg. Me lige det ikkje.

Pilfinnar var også litt sjuk, så vi sykla nokså seint. Når Hu der kjem på trafikkerte vegar, pleier ho å speede opp, men ikkje denne gongen. - Landskapet vi sykla i var vakkert, lauvskog og vinmarker, for det meste. Uendelege vidder med vinstokkar, verden treng mykje vin. Landsbyane heitte Remoulins, St. Hilaire d'Ozilhan, Valliguières, Tavel (rosévin) og Pujaut. Det er sikkert vin frå alle områda.
I dag hadde France Bike laga ei felle. Både turbeskrivelse og pilmerking lurte både oss og eit kanadisk par som sykla same vegen i ei felle i St. Hilaire. Det hjalp med kart og mobil. Då fann vi vegen ut. 
På slutten sykla vi på fine og fredelege øyer i Rhône. Herleg! Og kjekt gjensyn med Avignon, 
Hotel Bristol og pavepalasset frå 1300-talet.
Oppsummering for turen: Variert tur, frå sumplandet i Camargue med frittspringande hestar og okser, samt flamingoar til vinmarkene og dei gamle byane med med minne frå romartida og mellomalderen. Htoella og utvalde restaurantar var frå bra til svært bra. Det er synd vi må sykle så mykje på veg som vi gjorde denne turen. Nokre stader et det svært lite trafikk, og då går det bra, men særleg siste dag var det ganske mykje trafikk, og då kan det vere farleeg.

Det var trykt opp eigne kart for turen, eitt ark kvar dag. Veldig greit på landeveg, for grovt i byar. Det låg ved eit par bykart i pakken som var til god hjelp. Elles hadde vi rutrbeskrivelse og piler til å hjelpe oss med. Til saman var dette godt nok, men det var nødvendig med alt. Brukt saman. Av og til måtte vi fram med ein mobiltelefon for å sjekke kor vi var, også. Men det gjekk greit å finne vegen.

Oktober?  Mykje av det som veks er hausta inn, solsikkene var svarte, druerankene utan druer, og verken lavendel eller valmuer blomstra lenger. 

Veret er også litt usikkert, det er regn på denne tida, og det var også ganske vindfullt. Temperaturen var fin, mellom 15 og 25 grader. Det blei aldri for varmt, og det var fint å sykle i ein tynn, vindtett sykkeljakke og halvkorte bukser. Fleecen var framme ein dag. 




Saint-Gilles - Remoulins (Pont du Gard, 52 km)

Regnet forsvann, men nordavinden kom. Og me sykla nordover, ein ganske krevande dag, altså.
Først litt meir  sykling på flatmarkene med mange kanalar, mellom anna kanalen frå Sete til Rhone / Camargue (98 km). Det var herleg med kaffe ved kanalen etter å ha sykla gjennom svære floar som låg igjen etter gårsdagens regn (det vi aldri såg noko til) 
Under - siste rest av floane, fekk ikkje tatt bilete midt i sorpå, men eg skal lova det spruta. 

Straks landskapet begynte å stige, møtte vi vinmarkene, og byane kom tettare og var meir velstelte enn nede på flatlandet. Velstanden følgjer vinen, og vinranker er det mange kvadratkilometer av, sjå under.
Det var også litt fruktmarker i området, for eksempel kirsebær, eple og granateple. 

Men, vi har i dag måtta revidere forestillinga vår om at det er lett å få kjøpt mat i tida mellon 12 og 14 i alle byar i Frankrike. Jonquieres St-Vincent låg akkurat passe til i løypa for lunsj. Nå hadde vi hatt pique-nique to dagar, og ville gjerne sitje ved eit bord i ein restaurant og ha god lunsj. Vi fekk sitje, ved eit lite bord utanfor ei salsvogn midt i markedshallen utanfor Jonquieres saman med dei to søte barna til han som laga hamburgarar for oss. Og det var verkeleg herlege hamburgarar, men ikkje akkurat slik vi hadde tenkt, med serviettar og plastbeger som måtte reddast etterkvart som dei fauk av i vinden.

Så plutseleg var vi framme. Dei varsla 60 km hadde blitt 52, det passa godt. 
Hotellet Le Colombier er gammalt, men velhalde, og serverer ikkje vin utanom måltida. Spesielt i Frankrike. Velkomstdrikken blei kaffi og vatn. Like godt det, midt i vinlandet. 

Saintes-Maries-de-la-Mer - Saint-Gilles 40 km

PVermelding som sa tungt regn utpå dagen, gjorde at me la i veg nokså tidleg frå Saintes-Maries og nordover. Ein ting er å sykle når det regnar, ein annan ting er når det høljar ned og kanskje også lynar. Hu der drog visst godt avgarde denne dagen, tok ingen hensyn til ømme rumper. 
Saintes-Maries ligg ved Middelhavet og har sandstrender, elles er alt vatmet me ser laguner, Etang de Vaccares, Etang de Malagray, Etang Dit l'Imperial og så vidare, skilt frå havet med ei tynn landstripe. Elva Lille Rhone renn også ut i havet like ved Sainte-Maries, så det er på alle måtar mykje vatn. Området må vere svært utsett dersom havet stig. 

Kl 09 var vi på vegen litt vest og så nordover med noko større marsjfart enn vanleg. Vi måtte vente ei stund på ferjeleiet, men kryssar Lille Rhone i god tid før lunsjpausen til ferjemannskapet som er mellom 12 og 13.30. 
Overalt er det flatt. Det er svært grissgrendt, men her og der dukkar det opp eit Mas, ein gard.,Det er ein del hesteturisme, og så er det massevis av flate åkrar. Mykje er hausta inn, men vi ser gamle solsikker og noko vi trur er ris fordi vi veit at det veks ris i området. Vi passerer også ein stad dei lagar eau de vie. Vi ser også hestar, mange fuglar og ein skorpion?




Vi kom til St. Gilles litt etter kl 13, like tørre. Det har regna i området, ser vi, men det verste regnet skulle kome seinare. Så vi går inn og ventar på det. Kjem det? Nei, det blir ganske fint ver utover ettermiddagen. Kva var det vi stressa etter? Vi finn lett hotellet Le Cours like etter at vi har kome inn i byen. Vi har tid til ein tur i byen. Det er eit gammalt kloster i byen, og ei flott kyrkje, men elles er gamlebyen i St Gilles ganske slitt og lite spennande.

Denne dagen har vi kun sykla på asfalt. Det er vegar, ikkje sykkelstiar. Men det er svært lite trafikk. På to mil møtte me fem bilar og ein traktor. Bilar møter vi  når vi skal inn og ut av byar. Det er ikkje så veldig sikkert her, men vi er veldig synlege i tydelege neonfargar, og bilistane tar hensyn. Dei fargerike:



Arles - Saintes-Maries-de-la-Mer 45 km

Landskapet sør for Arles er eit paddeflatt våtmarksområde på 930 km2 sørover mot Middelhavet. Delvis er landet drenert og oppdyrka med mellom anna grønnsaker og ris, men store område ligg der likevel som marker for flamingoen og meir enn 400 andre fugleartar, og for kvite hestar og svarte oksar som går fritt. Ser ut som eit herleg dyreliv! Og det var mange fuglar, okser og hestar å sjå i den regionale naturparken. Elles var området også prega av eit rikt utval innsekt, også kalla mygg. Til tider var det viktig å sykle med munnen igjen.



Melom Arles og Saintes Maries de la Mer er det over fire mil og ingen landsbyar eller byar. Det viste seg likevel at det var ein liten turiststad midt på, laga av Paul Ricard, som brukte inntekt på brennevin til å lage ein stad i øydemarka med hestar, tyrefekting, eit miniatyrtog, restaurant med meir. Men me kom dit etterat me hadde hatt picnic på taket til eit lite bygg laga for å bevare flaggermusa. Det var litt mindre mygg oppå taket der enn nede i graset. Eit blikk på kartet før start gjorde at me kjøpte med oss god niste frå Arles.

Nede ved havet fann me lett overnattinga  Mas de Salicornes. Mas betyr hus eller eiendom. Lurer på om det er ei oksitansk form av maison (hus på fransk) og det italienske masseria? Salicorn er urter som tåler salt. Byen med dei tre heilage Mariaene er kardemommeby. Ein turistby langt frå folk, men ut mot Middelhavet. Sesongen er i oktober i avslutningsfasen, med god plass i alle restaurantar. Spesielt god fiskesuppe på vår reataurant Le Fournelet, som var vårt tilbod denne gongen, resten av maten var godt den og.