tirsdag 27. juni 2017

Deventer - Hattem - (Kampen)

Deventer er for oss litt vaksne nordmenn skøyteløp. VM for menn i gullalderen, 1969 og 1973, då vi sat med skjema og noterte rundetider til og med på 10.000 meter. Men Deventer er så mykje meir. Dei har styltefestival, stor bokfestival og Charles Dickens-festival. Byen er kjend for honningkakene sine, og Deventer er ein hansaby. Rikko tok oss på byvandring, og viste oss kyrkja, med opne rom der helgenane skulle ha vore. Forklaringa kunne vere dårleg råd, men truleg var det reformasjonen som tok statuane som skulle ha vore der. Bildet under viser Erasmus Rotterdamus som gjekk på latinskole i Deventer, og var avbileta i eit vindauge over døra til skolen. 


Igjen ein fin dag med sykling fra knutepunkt til knutepunkt. Små, idylliske byar, sykling på dike, jordbruk og skog. Og ferje over Ijssel:

Det mest interessante i dag var å passere eit stort område som er i ferd med å bli eit område med reserveplass for vatnet når det blir ekstrem vannstand. Det blir gjort på den måten at det blir bygd nye demningar på 8 og 7 kilometer som rammar inn eit område som blir liggjande som ei øy mellom elva Ijssel og det nye reservereservoaret Vallei en Veluwe, mellom landsbyane Veessen og Wapenveld. Arbeidet er i avslutningsfasen, og me sykla over to fine bruer som såg ut til å gå over tørt land, men som med berekna frekvens 1 gong pr 100 år vil blir bruer over vatn, inn til gardane som då blir liggjande som øyer. Fordelen med ei slik ordning er heilt klar å unngå flaumar. Når det blir gjort på denne måten, er det også slik at landskapet er i bruk til jordbruk og fuglar alle dei andre 99 åra. - Men for eit strev! Og dette er bare eitt av 30 tiltak mot flaum.

Skipperen fortalde om alle demingane Nederland har bygt mot havet, og det nye landet som er "tatt" frå havet. Ikkje utan omkostningar, grunnvatnet i tilgrensande område sig når det ikkje er kanal mellom gammalt og nytt land, for eksempel. Men mange har flytta inn i områda som før låg under vatn, og det ser ut til å gå bra. 


Me kom fram til den vesle byen Hattem i fin form. Hattem er også ein idyll med alt på plass: Vindmølle, gamle hus, stor kyrkje og koseleg torg. - Vi gjekk ombord, og kl 18.00 tøffa båten vidare til Kampen.






mandag 26. juni 2017

(Arnhem) - Doesburg - Zutphen 44km - (Deventer)

Arnhem er ein by med ca 150 000 innbyggjarar, 13 meter over havet. Opprinneleg var dette ein landsby i eit vegkryss, ikkje ved ei elv. Ca. år 1500 endra innbyggjarane løpet til elva, og Arnhem fekk tilknytning til vassvegane. På 1800-talet var Arnhem ein fasjonabel by for hollandsk elite, men byen er mest kjend for slaget om Arnhem i 1944, om brua over Rhinen. Innbyggjarene blei evakuerte, og byen blei øydelagd og plyndra.

Arnhem gamle rådhus 1850

Den store kyrkja i Arnhem er under restaurasjon, men det sto ein byport og eit hus som såg gammalt ut: Duivelhuis, som vel må bety djevelhuset, sjå bilete.

Gandalf la ut frå Arnhem kl 0700 neste dag, og tok vegen opp elveløpet til den tredje største greina til Rhinen som heiter Ijssel. Den er mykje rolegare enn dei andre elvene må ha vore på. Då frokosten var ferdig, og matpakken klar, sykla me inn i den søte byen Doesburg. Doesburg er ein liten stad med historie tilbake til 1237. Byen låg strategisk til, og var beskytta av bymur. Men elva Ijssel blei grunnare etter 1500-talet, og Doesburg mista makt. Doesburg var med i hansaforbundet.


Ut av Doesburg var løypa vår stengd av vegarbeid. Det var skilt omkjøring, men ikkje godt nok skilta for oss, så me valde ei alternativ rute - godt hjelpte av ein mann som kunne engelsk, to damer som ikkje kunne det og kart/knooppunkten. Mest det siste. Drempt låg på denne alternative ruta, og der var hagane eit syn.

Vidare gjekk vegen gjennom landbruksland. Det er flatt, men det er ganske mange tre som bryt flatheita. Det blir dyrka mykje mais, gras (og kyr), poteter i området. Vi møtte gruppa med Rikko i spissen, og takka vere det fekk me kome inn i Bronkhorst vindmølle som framleis var i drift. Dei malte spelt og mais til dyrefor i dag. Landsbyen Bronkhorst var ein idyll som turismen ennå ikkje har tatt, men bare vent.


Sola kom, og utan regn blei dette ein herleg dag. Litt vind, men me sykla ikke same retningen lenge, så det var ikkje noko større problem. Første dag sykla me vel utelukkande på sykkelsti. Siste del i dag måtte me dele vegen med bilar. Kva har dei gjort i Nederland når bilar og syklar må dele vegen: Dei har gitt syklistane halve vegen ved hjelp av maling. Det er plass til ein bil i midten.


Zutpen er også ein liten by ved Ijssel som var ein hansaby. Walburgiskerk (kyrkje) ligg på Unescos verdsarvliste.


søndag 25. juni 2017

Båt og sykkel: Hansatur ut frå Amsterdam: Wijk bij Duurstede - Arnhem.

Båt og sykkel denne gong med https://boatbiketours.com 

Etter noko strev med kansellerte tog gjekk vi kl 14.10 ombord på MS Gandalf som låg i Osterdok 2 like ved sentralstasjonen i Amsterdam. Der sat alt dei fleste deltakarane klar, alle tyske, utanom mannskapet og oss. Og alle ganske vaksne, Hu der er nokså ung i denne gjengen. Men presentasjonerunden viste at dei fleste er ganske spreke og sykkelvane. Ein av dei "yngre" spring halvmaraton (har gått ned til halv frå heil). Før kl 15 starta båten i retning Wijk bij Duurstede, for ankring og overnatting.

Gandalf, ombygd lastebåt, opprinneleg frå 1932, har 10 lugarar, med plass til 20-22 personar, og både middag og frokost blir servert på båten. Vi smører også lunsjpakke, så all mat er inkludert. Drikke kjem utanom.


Lugaren vår er liten, men det er plass til det vi treng. Det er to dekk og kombinert etesal og opphaldsrom. 
Første stopp Wijk bij Duurstede ligg ved elva Nederrijn som er ei sideelv til Rhinen. Reiseleiar Rikki tok oss på ei kveldsleg byvandring. 
Navnet 'Wijk bij Duurstede' betyr 'nabolag ved Duurstede'. Duurstede er namnet til slottet hvor biskopen av Erkebispedømmet Utrecht i tidligare tider budde. Wijk bij Duurstede er plassert omlag der Dorestad tidlegare var. Mellom år 600 og 850 var Dorestad ein viktig internasjonal handelstad, kor dei kristne frankarane møtte dei ikkje-kristne frå nord, og grensa for romarriket gjekk gjennom Dorestad. 

Det blei laga mynt i Dorestad, av ulike typar. Rundt 850 blei byen plyndra og øydelagd av vikingar. Byen mista også betydning på den tida, og blei ein liten jorbruksstad. Mykje av den gamle byen er vaska bort av elva, og dagens Wijk bij Duurstede ligg ein litt annan stad. 
I Wijk bij Duurstede er den einaste drive-through vindmølle i verda. Ho ligg på det som tidlegare var bymurane ut mot elva. Vindmølla blir ofte forveksla med mølla som ble gjort kjent av Ruisdaels maleri fra 1670, Vindmølla ved Wijk bij Duurstede. Men av denne mølla er det kun grunnmuren igjen av, dei er eit lite stykke unna den eksisterande mølla. Wijk bij Duurstede fekk bystatus i 1300.

Båten låg fint natta over i Wijk, men neste morgon kl 07.30 starta motoren og turen gjekk vidare til Wageningen kor vi kom ca kl 10. Vi hadde felles frokost, så orientering om dagens tur for oss "individuelle", og utdeling av syklar.


Vi fekk kart og liste over knutepunkt. Det fungerte strålande. På vår tur på 40 km passerte vi 27 knutepunkt. Nokre var det 200 meter mellom, andre var det 4 km mellom. Eit par gonger måtte me litt tilbake, men saman med kart var vi heile tida på sporet. Eit av dei beste systema vi har hatt på slike turar. Systemet er 7 - 8 år gammalt, det begynte i Belgia, er nå over heile Nederland og begynner å bli brukt i Tyskland også.

Turen i dag starta på dike (over både elva og terrenget også), inn i skog, over lynghei, og gjennom Wageningen, Renkum og Arnhem. På vegen la me spesielt merke til minnesmerke etter ein flyktiningeleir frå 1914 - 1918. Dette sto midt i ei lynghei

Det nederlandske friluftsmuseet i Arnhem var også interessant. Ei stor samling av hus frå heile landet, ikkje minst vindmøller. I gardshusa gjekk det igjen at husa var kombihus, både for folk og fe. 






fredag 23. juni 2017

Opptakt: Bysykling i Den Haag

I Holland syklar "alle". Dei syklar som danskane rett opp og ned i alle slags klede, typiske sportsklede er det bare konkurransesyklistar på trening som har. Det same gjeld hjelm. Hjelm er altså noko dei stort sett ikkje bruker. Sykkeloppstillingsplassane er fulle, det er underjordisk sykkelparkering med betening og betaling.

Haag er den tredje største byen i Nederland med 500.000 innbyggjarar. I byen finn vi den nederlandske regjeringa og parlamentet, kongens residens og mange land sine ambassader, sjølv om det er Amsterdam som er hovudstaden. Den internasjonale domstolen ligg også i Haag.

Den vesle byen Haag (Graven Hage - grevens hage) blei valt til administrativet sentrum av dei mektigare byane rundt, mellom anna Leiden, Delft og Dordrecht. For å halde byen liten, fekk han ikkje byrettigheitar eller lov å byggje bymur.
Riddarsalen frå 1200-talet
Byen har to system for bysyklar. Det eine er knytta til kollektivsystemet og brikka dei bruker å betale med. Same brikka kan dei leie sykkel for, så sykkelleiga er ein del av det kollektive transportsystemet, som består både av trikk, buss og tog og er veldig godt. Turistar som oss har ikkje brikke og må leie bysyklar i Scheveningen. Det sto litt andre opplysningar på nett og i brosjyrer, med mange utleigestader i Haag også. Men våre undersøkingar førte oss til Du Nord Rijwiewn sykkelutleige i Scheveningen. Trikk 1 førte oss dit. For 10 euro fekk me kvar vår tipp-topp tregirs sykkel med bagasjebrett framme, godt og bredt sete og sittestilling rett-opp-og-ned.  Og kart og forklaring kor med kunne sykle.


Sykkelstrekk er skilta. Men sidan me sykla ruta vår, Hagsche Bluf rute i omvend retning av beskrivelsen, hadde me god nytte av dei såkalla knooppunkten. Det var skilta på svært gode og idylliske sykkelvegar mellom eit knutepunkt og eit anna, uansett retning ein sykla på. Me måtte bare lese ruta vår baklengs.

Me valde ein rundtur nordover i Schweningen. Ein lang tur langs stranda nordover, så inn i skogen, inn i eit strøk med store flotte hus, først hus med såg frå vegen, deretter meir tilbaketrekte hus i parkar. Nokre ambassadar. Me passerte ein golfbane, eit langt strekk langs ein kanal,  forbi prinsesse Beatrix sin residens "i skogen", sykla gjennom parkar, og plutseleg var me inne i sentrum i Haag. - Pannekakelunsj i parken i Haag, så på kryss og tvers i byen, gamle og nyare bygningar, butikkar og bustader, gatetun - og overalt er det lett å sykle.

Her i strøket er det eigen sykkelveg som gjeld. På strandpromenaden får syklistar og gåande kvar sin del. I skogen er det forskjellige stiar, nokre for syklistar og mange for gåande, og i byen er det sykkelvegar langs dei fleste vegar, med eigne lys for syklistar i lyskryssa. Syklar kan konsekvent også sykle mot einvegskjøring, men vere forsiktig i gågater. På sykkelvegane må fotgjengarar vere tilsvarande forsiktige. Bare utlendingar går og vasar i sykkelvegen, det er farleg.


Tilbake til Scheweningen sykla me nokså raskt langs ein kanal, kikka litt på yatchhamna og båthamna før me tok siste stopp på kafe på stranden det det yra og krydde av liv: Kitarar og vindsurfarar var spesielt synlege, spesielt kjekt var det å kikke på nybegynnarar som på land skulle øve seg å få opp dragen sin, bodydragging har eg funne ut at det heiter, når dei får opp dragen i sterk vind, og motstrebande blir dratt avgarde over parasollar og volleyballnett når vinden er sterk. Hu der hadde sans for det, der ho sat trygt på sin kafe og leska seg.








søndag 18. juni 2017

I tettbygde strok - men lite bilveg - Rundtur Sandnes - Stavanger

Det er bygd mykje bra av gang- og sykkelvegar dei seinaste åra. Vi hadde ein fin runde i dag, med innlagd sosial vaffelstopp i Våland kolonihage, og fantastisk fin kunstutstilling på Rogaland kunstmuseum - Kitty Kielland. Runden var på 42 km, kart nede på sida.

Det herlege, utan trafikk, starta på Lura, sykkelstien langs Gandsfjorden blir vi aldri leie av. Sidan vi skulle til Tjensvoll, tok vi av ved Hillevåg, kryssa bussvegen (Rv 44) og Kildensenteret og kom opp til sjukehuset og vidare til Våland kolonihage på småvegar. I Våland kolonihage var Anton med foreldre, ein liten stopp der.

Vi sykla ut av kolonihagen like ved inngangen til Ryfast-tunnelen, over motorvegen på gangbru, og på sørsida av Mosvatnet og rundt det til kunstmuseet.
Tun på Kvalbein - Kitty Kielland

Kitty Kielland-utstillinga blir ståande til litt utpå hausten. Eg anbefaler alle, med eit snev av kunstinteresse, å ta turen innom. Mange flotte maleri, mange frå Jæren, samt kunsthistorie og litt kulturhistorie på veggene. Og dekor for Egersund Fayanse, bekkeblomst av Kitty Kielland.



Turen gjekk vidare gjennom det store utstillingsområdet til Stavanger forum, ned til gangvegen som går langs bekken gjennom Madla (Madlabekken?) til Møllebukta. Der var det vikingmarknad og mykje folk. Vi kom oss forbi, sjølv om bilane også hadde parkert i sykkelstien. Turen langs Hafrsfjord er også flott, og sykkelstien har utmerka kvalitet. Derfrå over Grannes til "Rumagkrysset" ved motorvegen, til Sørnes og igjen: Over ein sykkelveg i det grøne til Forus. På Forus er det mange sykkelvegar å velje mellom, og det er gjort ein del arbeid med det som sikkert skal bli sykkel-motorvegen. - Vi kryssa motorvegen ved kollektivbrua ved Statoil, og derfrå var det inn på diverse bilvegar heilt til vi kom opp Austråttvegen og kunne sykle på gang- og sykkelvegen nedanfor Austrått og Høyland skole.

Ein kjekk tur med fine sykkelstiar!



torsdag 25. mai 2017

Nærmiljø Moivika: Egersund Granite - Hellvik 15 km

I dag gjorde me ei kjekk oppdaging: Det går an å sykle opp frå Sannarnes mot Egersund Granite, ta til høgre når ein kjem til bommen til steinbrotet og kome inn på ein skogsveg som fører til eit større turområde aust for jernbane og Rv44. Dette området er lett å kome til med bil dersom ein kjører inn til venstre like før Hellvik Joker. Mange av stiane er nok først og fremst for fotgjengarar, men vi kunne sykla heile vegen frå bommen og ut til riksvegen i fin skog. Eit stykke gjekk den vegen vi sykla på tydeligvis på den gamle jernbanetraseen.  Då var vegen god å sykle på.

Biletet er frå ein annan tur, då vi stakk opp til steinbrotet til Egersund Granite - på eige ansvar.

For å gjere sykkelturen litt lengre, sykla vi inn i Hellvik og ut i Trosavika. Veldig fint, og lite trafikk på vegen. Då blei samla tur 15 km.

onsdag 17. mai 2017

Elsykkel i hus

Å sykla elsykkel er bare for pyser, har Hu der lenge tenkt. Skal ein først sykla, må det vere rein og rå muskelkraft. Sjølv for ei kone på 63. - Men i løpet av dei første vårturane med "Sykle til jobben", blei det merkeleg nok til at ho tenkte meir og meir på elsykkel, spesielt i kuling motvind på Lura. Hu der kom til å tenka på Moste, som i åttiårsalderen ennå nekta å bli trilla i rullestol, fordi då "såg ho så gammal ut". 63 er vel gammalt nok til elsykkel når ein har 14 - 15 km til jobben? Og sjølv om ho skulle få seg elsykkel, ville det ikkje vere forbod mot å sykle på vanleg sykkel, eller?


Eit søk på Finn.no, lite brukt elsykkel til sals på Gramstad, så god som ny, den hadde trilla 56 km. Hu der tok med seg Han der, og sykkelen skifta eigar. Han der kjørte bilen heim, Hu der sykla. Etter to dagar hadde sykkelen trilla 120 km. Dobling!

Bortsett frå at batteria ladar grusom seint, og straumen nesten blir brukt opp på eine strekket av jobbsyklinga, har elsykkelen vore ein suksess. (Trur batteriet må gå seg til...) På ein god dag med vanleg sykkel tar det 50 - 52 min til jobben, nå tar det 35 - 38 min med elsykkel. Det hender det tar like lang tid å kjøre bil. Og det blir nokre sykkelturar meir enn med bare vanleg sykkel, både nordvesten og sørausten kan taklast, sjølv etter ein arbeidsdag. - Og dersom ein vil, kan ein legge krefter i trøinga og få god trening med elsykkel også.