I Holland syklar "alle". Dei syklar som danskane rett opp og ned i alle slags klede, typiske sportsklede er det bare konkurransesyklistar på trening som har. Det same gjeld hjelm. Hjelm er altså noko dei stort sett ikkje bruker. Sykkeloppstillingsplassane er fulle, det er underjordisk sykkelparkering med betening og betaling.
Haag er den tredje største byen i Nederland med 500.000 innbyggjarar. I byen finn vi den nederlandske regjeringa og parlamentet, kongens residens og mange land sine ambassader, sjølv om det er Amsterdam som er hovudstaden. Den internasjonale domstolen ligg også i Haag.
Den vesle byen Haag (Graven Hage - grevens hage) blei valt til administrativet sentrum av dei mektigare byane rundt, mellom anna Leiden, Delft og Dordrecht. For å halde byen liten, fekk han ikkje byrettigheitar eller lov å byggje bymur.
Byen har to system for bysyklar. Det eine er knytta til kollektivsystemet og brikka dei bruker å betale med. Same brikka kan dei leie sykkel for, så sykkelleiga er ein del av det kollektive transportsystemet, som består både av trikk, buss og tog og er veldig godt. Turistar som oss har ikkje brikke og må leie bysyklar i Scheveningen. Det sto litt andre opplysningar på nett og i brosjyrer, med mange utleigestader i Haag også. Men våre undersøkingar førte oss til Du Nord Rijwiewn sykkelutleige i Scheveningen. Trikk 1 førte oss dit. For 10 euro fekk me kvar vår tipp-topp tregirs sykkel med bagasjebrett framme, godt og bredt sete og sittestilling rett-opp-og-ned. Og kart og forklaring kor med kunne sykle.
Haag er den tredje største byen i Nederland med 500.000 innbyggjarar. I byen finn vi den nederlandske regjeringa og parlamentet, kongens residens og mange land sine ambassader, sjølv om det er Amsterdam som er hovudstaden. Den internasjonale domstolen ligg også i Haag.
Den vesle byen Haag (Graven Hage - grevens hage) blei valt til administrativet sentrum av dei mektigare byane rundt, mellom anna Leiden, Delft og Dordrecht. For å halde byen liten, fekk han ikkje byrettigheitar eller lov å byggje bymur.
Riddarsalen frå 1200-talet |
Sykkelstrekk er skilta. Men sidan me sykla ruta vår, Hagsche Bluf rute i omvend retning av beskrivelsen, hadde me god nytte av dei såkalla knooppunkten. Det var skilta på svært gode og idylliske sykkelvegar mellom eit knutepunkt og eit anna, uansett retning ein sykla på. Me måtte bare lese ruta vår baklengs.
Me valde ein rundtur nordover i Schweningen. Ein lang tur langs stranda nordover, så inn i skogen, inn i eit strøk med store flotte hus, først hus med såg frå vegen, deretter meir tilbaketrekte hus i parkar. Nokre ambassadar. Me passerte ein golfbane, eit langt strekk langs ein kanal, forbi prinsesse Beatrix sin residens "i skogen", sykla gjennom parkar, og plutseleg var me inne i sentrum i Haag. - Pannekakelunsj i parken i Haag, så på kryss og tvers i byen, gamle og nyare bygningar, butikkar og bustader, gatetun - og overalt er det lett å sykle.
Her i strøket er det eigen sykkelveg som gjeld. På strandpromenaden får syklistar og gåande kvar sin del. I skogen er det forskjellige stiar, nokre for syklistar og mange for gåande, og i byen er det sykkelvegar langs dei fleste vegar, med eigne lys for syklistar i lyskryssa. Syklar kan konsekvent også sykle mot einvegskjøring, men vere forsiktig i gågater. På sykkelvegane må fotgjengarar vere tilsvarande forsiktige. Bare utlendingar går og vasar i sykkelvegen, det er farleg.
Tilbake til Scheweningen sykla me nokså raskt langs ein kanal, kikka litt på yatchhamna og båthamna før me tok siste stopp på kafe på stranden det det yra og krydde av liv: Kitarar og vindsurfarar var spesielt synlege, spesielt kjekt var det å kikke på nybegynnarar som på land skulle øve seg å få opp dragen sin, bodydragging har eg funne ut at det heiter, når dei får opp dragen i sterk vind, og motstrebande blir dratt avgarde over parasollar og volleyballnett når vinden er sterk. Hu der hadde sans for det, der ho sat trygt på sin kafe og leska seg.
God sykkelferie! Skal følge med dere. Vi starter mandag 3.juli i Rennes. Hils.
SvarSlettGod sykkelferie! Skal følge med dere. Vi starter mandag 3.juli i Rennes. Hils.
SvarSlett