Båt og sykkel denne gong med https://boatbiketours.com
Etter noko strev med kansellerte tog gjekk vi kl 14.10 ombord på MS Gandalf som låg i Osterdok 2 like ved sentralstasjonen i Amsterdam. Der sat alt dei fleste deltakarane klar, alle tyske, utanom mannskapet og oss. Og alle ganske vaksne, Hu der er nokså ung i denne gjengen. Men presentasjonerunden viste at dei fleste er ganske spreke og sykkelvane. Ein av dei "yngre" spring halvmaraton (har gått ned til halv frå heil). Før kl 15 starta båten i retning Wijk bij Duurstede, for ankring og overnatting.
Vi fekk kart og liste over knutepunkt. Det fungerte strålande. På vår tur på 40 km passerte vi 27 knutepunkt. Nokre var det 200 meter mellom, andre var det 4 km mellom. Eit par gonger måtte me litt tilbake, men saman med kart var vi heile tida på sporet. Eit av dei beste systema vi har hatt på slike turar. Systemet er 7 - 8 år gammalt, det begynte i Belgia, er nå over heile Nederland og begynner å bli brukt i Tyskland også.
Turen i dag starta på dike (over både elva og terrenget også), inn i skog, over lynghei, og gjennom Wageningen, Renkum og Arnhem. På vegen la me spesielt merke til minnesmerke etter ein flyktiningeleir frå 1914 - 1918. Dette sto midt i ei lynghei
Det nederlandske friluftsmuseet i Arnhem var også interessant. Ei stor samling av hus frå heile landet, ikkje minst vindmøller. I gardshusa gjekk det igjen at husa var kombihus, både for folk og fe.

Gandalf, ombygd lastebåt, opprinneleg frå 1932, har 10 lugarar, med plass til 20-22 personar, og både middag og frokost blir servert på båten. Vi smører også lunsjpakke, så all mat er inkludert. Drikke kjem utanom.
Lugaren vår er liten, men det er plass til det vi treng. Det er to dekk og kombinert etesal og opphaldsrom.
Første stopp Wijk bij Duurstede ligg ved elva Nederrijn som er ei sideelv til Rhinen. Reiseleiar Rikki tok oss på ei kveldsleg byvandring.
Navnet 'Wijk bij Duurstede' betyr 'nabolag ved Duurstede'. Duurstede er namnet til slottet hvor biskopen av Erkebispedømmet Utrecht i tidligare tider budde. Wijk bij Duurstede er plassert omlag der Dorestad tidlegare var. Mellom år 600 og 850 var Dorestad ein viktig internasjonal handelstad, kor dei kristne frankarane møtte dei ikkje-kristne frå nord, og grensa for romarriket gjekk gjennom Dorestad.
Det blei laga mynt i Dorestad, av ulike typar. Rundt 850 blei byen plyndra og øydelagd av vikingar. Byen mista også betydning på den tida, og blei ein liten jorbruksstad. Mykje av den gamle byen er vaska bort av elva, og dagens Wijk bij Duurstede ligg ein litt annan stad.
I Wijk bij Duurstede er den einaste drive-through vindmølle i verda. Ho ligg på det som tidlegare var bymurane ut mot elva. Vindmølla blir ofte forveksla med mølla som ble gjort kjent av Ruisdaels maleri fra 1670, Vindmølla ved Wijk bij Duurstede. Men av denne mølla er det kun grunnmuren igjen av, dei er eit lite stykke unna den eksisterande mølla. Wijk bij Duurstede fekk bystatus i 1300.
Båten låg fint natta over i Wijk, men neste morgon kl 07.30 starta motoren og turen gjekk vidare til Wageningen kor vi kom ca kl 10. Vi hadde felles frokost, så orientering om dagens tur for oss "individuelle", og utdeling av syklar.
Båten låg fint natta over i Wijk, men neste morgon kl 07.30 starta motoren og turen gjekk vidare til Wageningen kor vi kom ca kl 10. Vi hadde felles frokost, så orientering om dagens tur for oss "individuelle", og utdeling av syklar.
Vi fekk kart og liste over knutepunkt. Det fungerte strålande. På vår tur på 40 km passerte vi 27 knutepunkt. Nokre var det 200 meter mellom, andre var det 4 km mellom. Eit par gonger måtte me litt tilbake, men saman med kart var vi heile tida på sporet. Eit av dei beste systema vi har hatt på slike turar. Systemet er 7 - 8 år gammalt, det begynte i Belgia, er nå over heile Nederland og begynner å bli brukt i Tyskland også.
Turen i dag starta på dike (over både elva og terrenget også), inn i skog, over lynghei, og gjennom Wageningen, Renkum og Arnhem. På vegen la me spesielt merke til minnesmerke etter ein flyktiningeleir frå 1914 - 1918. Dette sto midt i ei lynghei
Det nederlandske friluftsmuseet i Arnhem var også interessant. Ei stor samling av hus frå heile landet, ikkje minst vindmøller. I gardshusa gjekk det igjen at husa var kombihus, både for folk og fe.
Ser koseleg ut. Trur me har eit slikt kombihus (hadde ei lur høne på besøk i dag).
SvarSlettJa, men de har misforstått. Dyr og folk har kvar sin del av huset, ikkje begge delar saman over heile huset.
SvarSlett