Sjarmøretappen inn til Budapest.
Sykla 62 km + tog 22 km
Vi forlot klosteret og basilikaen(bilete) i Esztergom i fin stil, gjennom mange kilometer gjennom park, litt ut på ein lite trafikkert veg, for så å ta ferja (sjå bilete) over til venstresida av Donau igjen til Szob. Men denne gongen var venstresida også i Ungarn.
Kjekke stadnamn: Szob, Vác, Göd, Kocs, Ács og Pecs (det siste er i austre Ungarn) - var det herfrå dei kom dei som kalla ein stad på Høle for Ims?
Men det fins også lange namn i Ungarn. I nærleiken av Györ heiter stader Györság, Györújbarát, Györújfalu og Györzabadhégy, langs Donau (Duna i Ungarn) finn i Dunakiliti, Dunaremete og Dunasziget. Min teori er at på same måten som ein seier Frankfurt am Main og Stoke on Trent, plasserer ein stadene geografisk ved byen eller elva dei ligg ved ved å henge på eit prefiks. Masonmagyarovar er og eit namn: Mason er ei elv byen ligg ved, Ovar er ei borg i byen, og Magyar? Ungarn? Ungarsk er eit kasusspråk, og i kasusspråk heng ein bestemmingar på orda. Eg skal sjekke denne teorien!
Nedover venstre side av Donau er det bare fryd å sykle: Heilt super sykkelsti, markert med gul stripe på begge sider. Kvar gong han kryssar ein veg, stor eller liten, er det tydeleg merking. Kvar gong ein må dele sykkelstien med fotgjengarar, og det er sjeldan, er det også merka.
Landsbyane ligg tett, naturen er vakker, slettelandet er avløyst av ein dal, og Donau svingar 90 grader sørover. Vi syklar "yttersvingen", og finn etterkvart ut at vi skal følgje rådet om å ta tog eller båt siste strekket til Budapest, det hadde blitt langt elles, og regnet truar. Det blir toget. Båten går ein gong til dagen, toget går kvart kvarter. Fordelen med hyppige avgangar oppveg problema med billettkjøp på utanlandsk og strabasiøst slit på stasjonane med trapper ned og opp for å kome til rett spor, i tillegg til fire bratte trapper opp i togkupeen med sykkel, sykkeltasker og hjelm dinglande. Her er det ikkje mykje universell utforming, nei.
Også i Budapest er det fine, gulmala sykkelstriper langs Donau. Men det er meir folksomt, turistar går og dinglar i vegen, og farten må haldast nede av den grunn. Flamencohotellet vårt låg litt utanfor det mest sentrale strøket, men etterkvart var vi blitt så flinke på "ungarsk" at vi fekk spurt oss fram (Folk er veldig hjelpsame). - Og igjen var det eit verkeleg luksushotell vi var plasserte i, pengane våre rakk langt, konstaterte vi igjen.
Middag i Budapest etter anbefaling på Sir Lancelot, middelalderrestaurant med heilt spesiell atmosfære og stoore porsjonar.Vi har ete godt heile vegen på turen, særleg i Ungarn. Undervegs har det blitt lunsj på enkle serveringsstader i landsbyane. Kålsuppe var godt det, sjå biletet. På dei gode restaurantane hadde dei utsøkt mat av alle typar, mykje kjøtt, og store porsjonar.
Så var også denne turen over. Det var kjennskap til sykkelrutene langs Donau som sette i gang turistsyklinga vår for seks år sidan, og endeleg har vi prøvd Donau!
søndag 16. mai 2010
lørdag 15. mai 2010
Donau: Tata - Komarom - Esztergom
På første del av turen fraå Tata var det anbefalt å bruke tog. Interessant å kjøpe togbillett når du ikkje kan språket, og ekspeditøren bare kan ungarsk. Ved hjelp av tegn og fakter fekk eg kjøpt billettar for to personar og to syklar frå Tata til Komarom, fått to alternative avgangstider og kva spor toget gjekk frå. Og det er billig på jernbanen i Ungarn, ca NOK 30 for strekket på 20 km for alt. Vi måtte hale syklane opp og ned brua over jernbanen for å kome til rett spor, og heis, kva er det? Men er vi spreke, så er vi spreke!
I Komarom sykla vi raskt over til Sloavkia, venstresida av Donau var anbefalt denne dagen fordi det var fredeleg og lite trafikk. Eg valde i tillegg alternativet på grus. Det var ikkje bare grus, men ogsaa singel og sorpe på grunn av regnet dagen før, men ikkje like populært hos alle! Det gjekk seint, men det var vakker natur, nydelege blomar og fred og ro! Kva er gale daa? Dessutan passerte vi romerske ruinar i Kelemantia, romarane var her før oss, sjå bilete.
Men kanskje det hadde vore betre å bruke vegen, det var ikkje saa stor trafikk paa denne sida av elva. Då vi kom inn på hovudruta blei underlaget paa Donaudiket fastare, og til slutt sykla vi paa veg. Hadde det ikkje vore for toreveret og regnetvi fekk over oss, hadde det vore ein super dag. Men vi hadde ikkje fullt regnutstyr med oss i sekken, det låg i kofferten, og var ganske våte daa vi endeleg kryssa grensa til Ungarn igjen og fann vaar plass i herberget i Esztergom. Hotellet vaart var ein del av klosteret Szent Adalbert, ganske diskret plassert, og ikkje saa lett aa finne i regnet.
Vi saag byen lenge paa grunn av den enorme basilikaen plassert paa ein bakketopp over byen. Ganske flott! Ungarn blei kristna like seint som Norge, paa 1000-talet, og Esztergom spela ein viktig rolle i landet daa.
Sykla ca. 60 km, inkl vegen fraa hotellet i Tata til jernbanen. Lengdene stemmer ikkje med reisebeskrivingane, fordi vi vel alternative ruter.

fredag 14. mai 2010
Donau: Györ - Tata
Ei av dei store utfordringane når ein syklar tur på eiga hånd, er å finne vegen ut og inn av byar. Inn i Györ gjekk det strålande, sykkelvegen gjekk rett fram til hotellet, og var tydeleg merka på kartet. Men ut av byen neste dag sleit vi. Å lese vegbeskrivelsar på dårleg engelsk medan ein syklar kan vere utfordrande, vi tok feil i ei rundkjøring og vi fekk oss nokre ekstra kilometer før vi fann rette vegen ut.
Etappen mellom Györ og Tata hadde både positive og negative sider: Idylliske landsbyar, hus med sirlege kjøkkenhagar, men også lange strekk på bilveg. Totalt er ikkje sykkelvegnettet i Ungarn like godt utbygd som i Tyskland og Østerrike, det kan vi nok slå fast. Hovudruta var også skilta frå Györ til Komarom, ikkje til Tata. Men vi forsto kvifor vår operatør hadde valt Tata, trass i at vi måtte sykle på bilveg:
Tata er ein nydeleg, liten by ved ein sjø. Ei gammal borg i eine enden, fleire hotell og flotte hus, skog. Folk som padla på sjøen, spaserte og jogga. Vi sykla og sykla gjennom skogen på leit etter hotellet, trudde vi hadde sykla feil, men fann til slutt Hotel Gottwald etter nesten 3 km. Det var lønn for strevet: Flott hotell, god service og god mat. Og meget god vin. Ungarsk vin er utmerka, også kvitvinen. Vi oppdaga mange viner som dei kalla cuvée. Fekk forklaring på det: Cuvée er namnet på vin blanda av fleire druesortar (Cuvée kjem av tank, vin på tank). Pannonhalma cuvée, var for eksempel ein svært god vin, god nok til fødselsdagen min, som blei feira med eit godt måltid i Tata. - Alle restaurantar vi var på hadde bare ungarsk vin, svært mange hadde også eigen husvin, med eige merke. Ikkje nokon simpel vin, men god vin som dei kjøpte direkte frå vinbonden etter nøye utprøving.
Strekket mellom Györ og Tata blei 71 km, inkl. feilsykling ut av Györ og vegen gjennom skogen til Hotel Gottwald. Om ettermiddagen sykla vi 9 km sightseeing. Måtte jo få med oss litt!!
Donau: Masonmagyarovar - Györ
Ungarn. Eg tar tilbake det eg sa om holete landevegar. Mellom Masonmagyrovar og Györ sykla vi bare på sykkelsti, heilt flott, og takka vere ein kroatisk syklist som tok oss igjen og ga gode råd. Han anbefalte oss å ta alternativ rute, den nye, som han sa, og det var lurt, som sagt var det ei rein sykkelstirute. Vi rulla inn i Györ i god form, tidleg paa dagen, og hadde deilig lunsj paa La mareda før vi tok inn paa Hotel Raba (fekk suite).
Om ruta: Vi tar Donaurute 6, Ungarsk rapsodi. Når vår rute folgjer den offisielle Donau Radweg, er den veldig godt skilta, men av og til har løypa vår ein annan vri, då er det å følgje kartet. Til forskjell frå tidlegare turar, er det ikkje eiga skilting for vår reise, her er det offisiell Donau Radweg 6 som blir brukt, og det er trykt opp ferdige kartbøker for dei ulike etappane langs elva. Dermed slepp operatøren Rad & Reisen å bekymre seg for merking, men det betyr og at dei heller ikkje kjenner løypa så godt. For eksempel burde dei gitt råd om å velje den alternative ruta som vi tok (er vist som alternativ i kartboka).
Naar vi stadig har rapportar frå Norge om kaldt ver, er det ein fest å sitje ute og ete middag om kvelden, igjen på La mareda på grunn av kvaliteten på maten, og etterpå vandre heim gjennom gamlebyen i Györ, sjå bilete over.

Etiketter:
Donau,
Györ,
Masonmagyarovar,
Ungarn
Donau: Bad Deutsch-Altenburg til Masonmagyarovar via Bratislava
67 km gjennom tre land: Østerrike, Slovakia og Ungarn. Nedlagde grensestasjonar, ei grense såg me ikkje, og me lurte på kva alle tollarane og grensevaktene gjer nå! Vi skifta frå supre sykkelstiar i Ősterrike til greie sykkelvegar i Slovakia til holete landevegar med biltrafikk i Ungarn (faa bilar, men dei kjőrte fort). Litt av kvart altså.
Bratislava hadde fortent meir enn den timen me brukte der. Noen som starta parallelt med oss, hadde ekstra natt der, sikkert bra, byen saag flott ut. Vi hadde ogsaa deilig sommarver der, samtidig med at vi fekk melding frå Norge om skraping av bilruter, null grader og nordavind.
Denne dagen var vi flinke til aa halde laagt tempo og hadde mange pausar, men paafyll av mat og drikke. Det var lurt, vi blei ikkje saa utmatta, og var i fin form daa me rulla inn paa kurbadhotellet Thermalhotel i Masonmagyarovar. Daa me kom inn, gjekk gjennomsnittalderen paa gjestene der betydeleg ned. Det seier litt. Me tok ikkje for oss av tilboda, massasje, kurbad eller forstørring/ forminsking av det meste. Men hotellet var flott, store rom, luftige gangar, fint og byen ogsaa fin (liten by). - Prisnivået i Ungarn er så lågt at vi med sterk norsk krone har råd til ganske bra luksus.

Bratislava,
Donau,
Masonmagyarovar,
Ungarn
tirsdag 11. mai 2010
Donau: Wien - Bad Deutsch-Altenburg
Vi er på turisttur, vi syklar Wien - Budapest, meir eller mindre langs Donau. Reisa, med hotell, bagasjetransport, kart, sykkel og oppfølging om nødvendig er kjøpt via Pedalo, som vanleg.
Vi hadde ein ekstradag i Wien, og skulle vi på sykkeltur, så skulle vi på sykkeltur: Tre timar sykkelsightseeing i Wien med www.pedalpower.at. (tur 3). Det er noko av det luraste vi har gjort naar det gjeld byferie: Vi fekk sett store delar av Wien, nokre av turistfellene, bl.a. Hundertwasserhaus - sjå foto til venstre, men ikkje minst kor store og flotte grőntomraade Wien har. Prater er ein kjempestor park, Donau er delt opp i mange lőp, og mellom er det őyer som vi sykla fram og tilbake til. Det var eigne sykkeletasjar på fleire av bruene, og når ein skulle sykle av brua, var det eigne avkjøringar, forma som spiralar, sjå bilete 2.
Ei őy mellom ulike elveløp er Donauinsel, ei smal, men 21 km. lang øy som er brukt som friområde midt i byen. Vi var der lőrdag, familiar grilla, ungar sykla, folk sto paa vannski etter streng (som skitrekk), osv. Heilt flott. Vi hadde god guide som snakka akkurat passe, og fekk veldig god oversikt over Wien. Kjem truleg tilbake!! - Det fins også fleire sightseeingvariantar i byen, sjå nettsida.
Neste dag sykla vi til Bad Deutsch-Altenburg. Ősterrike har eit supert utbygd sykkelvegnett. Og langs Donau er det offisiell sykkelrute. Ikkje noko tull med merking og piler i forskjellig farge, her er det solide skilt. Ut av Wien var ingen problem, bortsett fraa ei omkjőring, men vi fann vegen, litt på grunn av at vi hadde vore i området på sightseeing dagen før. Her er spesielle avkjőringar for sykkel fraa bruene over Donau, imponerande. - Vi sykla paa sykkelveg heile tida.
Etter Wien var det litt meir monotont, ein kan også kalle det fredeleg, vi sykla paa diket som var bygd som flomvern. Mange km var det absolutt rett fram, og ingen problem med å finne vegen. Det var nydelig vaar/sommar, med blomster og grőnt, men vi sykla etterkvart litt fort, og blei ganske trőytte, sjőlv om det bare var ca. 50 km. til Bad Deutsch-Altenburg. Dette var ein fredeleg kurbad-by. Pension Stőckl var veldig ősterriksk! Wienerschnitzel til middag. Sovna tidleg.
50 km

tirsdag 4. mai 2010
England på tvers i juli
Sommarferien er bestilt: Nord-England på tvers, Whitehaven - Whitby, 7 dagar sist i juli. England på sykkel blir ei ny erfaring. Denne turen verkar lovande, gjennom store naturområde som The Pennines, Yorkshire Dales og North York Moors. Turen blir avslutta i Whitby, ein bade- og ferieby på austkysten. Der tar vi ei veke ekstra i ei "cottage" i byen, saman med barn og barnebarn.
søndag 2. mai 2010
Randaberg og Stavanger mest på grus.
Fantastisk tur søndag føremiddag. Starta på
parkeringsplassen i Mekjarvik og følgde Nordsjøruta heile vegen til Hafrsfjordbrua. Verkeleg ei turistrute: Store delar heilt ute ved havet, på sti. Passerte Alexander Kiellandmonumnetet (plattformulykka 1980) og Svarthola på Viste (steinalderbuplass). Vil ein sykle fort, er ikkje dette rette løypa, men vil ein sjå vakker natur, havet og lyset,så er denne ruta verkeleg å anbefale. Etter å ha passert Hafrsfjordbrua sykla vi på turstien langs fjorden til Fluberget, framleis Nordsjøruta, forbi helleristningar mot Madla. Der skar vi inn mot golfbanen. Kryssa golfbanen med fare for å bli golfa ned, og fortsatte på sørsida av Store Stokkavann. Hadde eg ikkje gløymt kartet heime, hadde vi nok følgt Stokkavatnet til Tasta og sykla Tasta- eller Byfjordruta tilbake til Mekjarvik. I staden fekk vi ein fin tur gjennom Sandal, Eiganes - mange herskapelege bygg framleis, bispebustaden, Ledaal, Breidablikk, og nesten bilfritt i sidegatene - til sentrum, gjennom Gamle Stavanger og ut Byfjordruta derfrå. Siste del var den kjedelegaste: I Dusavikveien måtte vi bruke bilvegen. Ikkje bra. Betre på Grødem, der vi sykla gjennom byggefelt og søndagsstengde industriområde. Tilbake på Mekjarvik ville vi kjøpe is, men bua hadde lunsjpause! Fire ferjer til dagen gir vel rom for det.
Heile turen tok 3,5 timar i rooleg tempo, og med mange pausar. Har ein sprekt besøk, er dette ein flott dagstur, særleg for innlandsfolk.

Abonner på:
Innlegg (Atom)