Om ruta: Vi tar Donaurute 6, Ungarsk rapsodi. Når vår rute folgjer den offisielle Donau Radweg, er den veldig godt skilta, men av og til har løypa vår ein annan vri, då er det å følgje kartet. Til forskjell frå tidlegare turar, er det ikkje eiga skilting for vår reise, her er det offisiell Donau Radweg 6 som blir brukt, og det er trykt opp ferdige kartbøker for dei ulike etappane langs elva. Dermed slepp operatøren Rad & Reisen å bekymre seg for merking, men det betyr og at dei heller ikkje kjenner løypa så godt. For eksempel burde dei gitt råd om å velje den alternative ruta som vi tok (er vist som alternativ i kartboka).

Naar vi stadig har rapportar frå Norge om kaldt ver, er det ein fest å sitje ute og ete middag om kvelden, igjen på La mareda på grunn av kvaliteten på maten, og etterpå vandre heim gjennom gamlebyen i Györ, sjå bilete over.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar