Sjarmøretappen inn til Budapest.
Sykla 62 km + tog 22 km
Vi forlot klosteret og basilikaen(bilete) i Esztergom i fin stil, gjennom mange kilometer gjennom park, litt ut på ein lite trafikkert veg, for så å ta ferja (sjå bilete) over til venstresida av Donau igjen til Szob. Men denne gongen var venstresida også i Ungarn.
Kjekke stadnamn: Szob, Vác, Göd, Kocs, Ács og Pecs (det siste er i austre Ungarn) - var det herfrå dei kom dei som kalla ein stad på Høle for Ims?
Men det fins også lange namn i Ungarn. I nærleiken av Györ heiter stader Györság, Györújbarát, Györújfalu og Györzabadhégy, langs Donau (Duna i Ungarn) finn i Dunakiliti, Dunaremete og Dunasziget. Min teori er at på same måten som ein seier Frankfurt am Main og Stoke on Trent, plasserer ein stadene geografisk ved byen eller elva dei ligg ved ved å henge på eit prefiks. Masonmagyarovar er og eit namn: Mason er ei elv byen ligg ved, Ovar er ei borg i byen, og Magyar? Ungarn? Ungarsk er eit kasusspråk, og i kasusspråk heng ein bestemmingar på orda. Eg skal sjekke denne teorien!
Nedover venstre side av Donau er det bare fryd å sykle: Heilt super sykkelsti, markert med gul stripe på begge sider. Kvar gong han kryssar ein veg, stor eller liten, er det tydeleg merking. Kvar gong ein må dele sykkelstien med fotgjengarar, og det er sjeldan, er det også merka.
Landsbyane ligg tett, naturen er vakker, slettelandet er avløyst av ein dal, og Donau svingar 90 grader sørover. Vi syklar "yttersvingen", og finn etterkvart ut at vi skal følgje rådet om å ta tog eller båt siste strekket til Budapest, det hadde blitt langt elles, og regnet truar. Det blir toget. Båten går ein gong til dagen, toget går kvart kvarter. Fordelen med hyppige avgangar oppveg problema med billettkjøp på utanlandsk og strabasiøst slit på stasjonane med trapper ned og opp for å kome til rett spor, i tillegg til fire bratte trapper opp i togkupeen med sykkel, sykkeltasker og hjelm dinglande. Her er det ikkje mykje universell utforming, nei.
Også i Budapest er det fine, gulmala sykkelstriper langs Donau. Men det er meir folksomt, turistar går og dinglar i vegen, og farten må haldast nede av den grunn. Flamencohotellet vårt låg litt utanfor det mest sentrale strøket, men etterkvart var vi blitt så flinke på "ungarsk" at vi fekk spurt oss fram (Folk er veldig hjelpsame). - Og igjen var det eit verkeleg luksushotell vi var plasserte i, pengane våre rakk langt, konstaterte vi igjen.
Middag i Budapest etter anbefaling på Sir Lancelot, middelalderrestaurant med heilt spesiell atmosfære og stoore porsjonar.Vi har ete godt heile vegen på turen, særleg i Ungarn. Undervegs har det blitt lunsj på enkle serveringsstader i landsbyane. Kålsuppe var godt det, sjå biletet. På dei gode restaurantane hadde dei utsøkt mat av alle typar, mykje kjøtt, og store porsjonar.
Så var også denne turen over. Det var kjennskap til sykkelrutene langs Donau som sette i gang turistsyklinga vår for seks år sidan, og endeleg har vi prøvd Donau!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar