tirsdag 11. mai 2010

Donau: Wien - Bad Deutsch-Altenburg

Vi er på turisttur, vi syklar Wien - Budapest, meir eller mindre langs Donau. Reisa, med hotell, bagasjetransport, kart, sykkel og oppfølging om nødvendig er kjøpt via Pedalo, som vanleg.

Vi hadde ein ekstradag i Wien, og skulle vi på sykkeltur, så skulle vi på sykkeltur: Tre timar sykkelsightseeing i Wien med www.pedalpower.at. (tur 3). Det er noko av det luraste vi har gjort naar det gjeld byferie: Vi fekk sett store delar av Wien, nokre av turistfellene, bl.a. Hundertwasserhaus - sjå foto til venstre, men ikkje  minst kor store og flotte grőntomraade Wien har. Prater er ein kjempestor park, Donau er delt opp i mange lőp, og mellom er det őyer som vi sykla fram og tilbake til. Det var eigne sykkeletasjar på fleire av bruene, og når ein skulle sykle av brua, var det eigne avkjøringar, forma som spiralar, sjå bilete 2.

Ei őy mellom ulike elveløp er Donauinsel, ei smal, men 21 km. lang øy som er brukt som friområde midt i byen. Vi var der lőrdag, familiar grilla, ungar sykla, folk sto paa vannski etter streng (som skitrekk), osv. Heilt flott. Vi hadde god guide som snakka akkurat passe, og fekk veldig god oversikt over Wien. Kjem truleg tilbake!! - Det fins også fleire sightseeingvariantar i byen, sjå nettsida.


Neste dag sykla vi til Bad Deutsch-Altenburg. Ősterrike har eit supert utbygd sykkelvegnett. Og langs Donau er det offisiell sykkelrute. Ikkje noko tull med merking og piler i forskjellig farge, her er det solide skilt. Ut av Wien var ingen problem, bortsett fraa ei omkjőring, men vi fann vegen, litt på grunn av at vi hadde vore i området på sightseeing dagen før. Her er spesielle avkjőringar for sykkel fraa bruene over Donau, imponerande. - Vi sykla paa sykkelveg heile tida.

Etter Wien var det litt meir monotont, ein kan også kalle det fredeleg, vi sykla paa diket som var bygd som flomvern. Mange km var det absolutt rett fram, og ingen problem med å finne vegen. Det var nydelig vaar/sommar, med blomster og grőnt, men vi sykla etterkvart litt fort, og blei ganske trőytte, sjőlv  om det bare var ca. 50 km. til Bad Deutsch-Altenburg. Dette var ein fredeleg kurbad-by. Pension Stőckl var veldig ősterriksk! Wienerschnitzel til middag. Sovna tidleg.

50 km

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar