På første del av turen fraå Tata var det anbefalt å bruke tog. Interessant å kjøpe togbillett når du ikkje kan språket, og ekspeditøren bare kan ungarsk. Ved hjelp av tegn og fakter fekk eg kjøpt billettar for to personar og to syklar frå Tata til Komarom, fått to alternative avgangstider og kva spor toget gjekk frå. Og det er billig på jernbanen i Ungarn, ca NOK 30 for strekket på 20 km for alt. Vi måtte hale syklane opp og ned brua over jernbanen for å kome til rett spor, og heis, kva er det? Men er vi spreke, så er vi spreke!
I Komarom sykla vi raskt over til Sloavkia, venstresida av Donau var anbefalt denne dagen fordi det var fredeleg og lite trafikk. Eg valde i tillegg alternativet på grus. Det var ikkje bare grus, men ogsaa singel og sorpe på grunn av regnet dagen før, men ikkje like populært hos alle! Det gjekk seint, men det var vakker natur, nydelege blomar og fred og ro! Kva er gale daa? Dessutan passerte vi romerske ruinar i Kelemantia, romarane var her før oss, sjå bilete.
Men kanskje det hadde vore betre å bruke vegen, det var ikkje saa stor trafikk paa denne sida av elva. Då vi kom inn på hovudruta blei underlaget paa Donaudiket fastare, og til slutt sykla vi paa veg. Hadde det ikkje vore for toreveret og regnetvi fekk over oss, hadde det vore ein super dag. Men vi hadde ikkje fullt regnutstyr med oss i sekken, det låg i kofferten, og var ganske våte daa vi endeleg kryssa grensa til Ungarn igjen og fann vaar plass i herberget i Esztergom. Hotellet vaart var ein del av klosteret Szent Adalbert, ganske diskret plassert, og ikkje saa lett aa finne i regnet.
Vi saag byen lenge paa grunn av den enorme basilikaen plassert paa ein bakketopp over byen. Ganske flott! Ungarn blei kristna like seint som Norge, paa 1000-talet, og Esztergom spela ein viktig rolle i landet daa.
Sykla ca. 60 km, inkl vegen fraa hotellet i Tata til jernbanen. Lengdene stemmer ikkje med reisebeskrivingane, fordi vi vel alternative ruter.
"Det var ikkje bare grus, men ogsaa singel og sorpe, ikkje like populaert hos alle! Det gjekk seint, men det var vakker natur, nydelege blomar og fred og ro! Kva er gale daa?"
SvarSlettMen det tok jo hele dagen!!!!