Ei av dei store utfordringane når ein syklar tur på eiga hånd, er å finne vegen ut og inn av byar. Inn i Györ gjekk det strålande, sykkelvegen gjekk rett fram til hotellet, og var tydeleg merka på kartet. Men ut av byen neste dag sleit vi. Å lese vegbeskrivelsar på dårleg engelsk medan ein syklar kan vere utfordrande, vi tok feil i ei rundkjøring og vi fekk oss nokre ekstra kilometer før vi fann rette vegen ut.
Etappen mellom Györ og Tata hadde både positive og negative sider: Idylliske landsbyar, hus med sirlege kjøkkenhagar, men også lange strekk på bilveg. Totalt er ikkje sykkelvegnettet i Ungarn like godt utbygd som i Tyskland og Østerrike, det kan vi nok slå fast. Hovudruta var også skilta frå Györ til Komarom, ikkje til Tata. Men vi forsto kvifor vår operatør hadde valt Tata, trass i at vi måtte sykle på bilveg:
Strekket mellom Györ og Tata blei 71 km, inkl. feilsykling ut av Györ og vegen gjennom skogen til Hotel Gottwald. Om ettermiddagen sykla vi 9 km sightseeing. Måtte jo få med oss litt!!
Vi har nok noen forslag til turoperatøren for å forbedre vegbeskrivelsen, for eksempel går det an å bruke avstander i beskrivelsen (syklene var utstyrt med sykkelcomputere).
SvarSlett