Dagens bakke, med vindmøller |
På kafe i Hohendorf slott |
Nær historie, plate på hus i bruk. |
Slik hadde eg eigentleg trudd eg skulle sett meir av i gamle DDR. I byane finn vi ruskete hus, tomme tomter og renoveringsobjekt. Før 1989 var det 80000 innbyggjarar i Stralsund, nå er det 67000. Så det er ein del tome hus og ubrukte tomter, sjølv midt i byen. Men mykje er bygd opp i gammal stil, mykje er friska opp med maling, og dei lange blokkene har fått fargerike verandaer. EU-middel er brukt til oppussinga, seiest det. Det må ha vore ganske store middel. I Stralsund er ei side i ei av hovudgatene i ferd med å bli bygd opp på nytt, det blir flott. Eit kvartal er også på UNESCO si verdsarvliste. Hotellet: Arcona Hotel Baltic
Like i nærheten av hotellet går vi forbi eit bygg med ei minneplate for Karl den 12., svenskekongen som invaderte staden på 1700-talet. På andre sida av vegen er det minneplate over alle dei som døydde under tortur i bygningen, under Stazi. Byen har hatt ein mangfoldig historie.
Oppsummering heile turen, Ostseeradweg 2: Løype på sykkelsti eller sykkelveg nesten heile turen - kjempebra. Kart og beskrivelse heilt topp. Fine og varierte hotell, og ekstremt god mat i forhold til kostnad. Lettsykla, interessante byar, søte landsbyar og interessant natur. Stork og ørn m.m. Diker, innlandshav og sandstrender. Mykje å sjå.
Trekk for eit par vel korte etappar og skiftande ver. Turen er ein sommartur, sjølv om veret i Østersjøområdet er varmare enn i Noreg. Total: Vil gjerne sykle fleire strekk langs Østersjøen, både i Tyskland, Polen og Danmark.
Gruppetur med åtte var ei ny oppleving. Det som gjeld med to og fire, gjeld endå sterkare med med åtte:
- Halde lågt tempo slik at turen blir behageleg for alle, og alle makter å sykle heile dagen (Hu der passar på når mennene tar ut).
- Zusammenbetaling ved fellesmåltider med blokk. Med blokk vil seie at regnskapsfører fører det den enkelte eller som her det enkelte par betaler på ei notatblokk, og så utjevnes det til slutt. Enten i euro og kroner, eller i oppvaskkostar, vinflasker og kaffemaskinar.
- Den siste regelen, ingen sutring, kom ikkje til virksomhet denne turen. Det virka som at ingen hadde legning for å klage, og det var lite å klage på.
- Vise tegn ved stopp, det lærte vi etter eit par bråstoppar med nestenulykker.
- La det vere mulig å passere for andre ved stopp, sjølv små stoppar.
- Parkere samla og ryddig. Tyskarane sjølv er flinke til å bruke sykkelstativ. Ordnung muss sein.