Fischland frå lufta. |
Dagen kom med fint ver, opp mot 25 grader, og det var ein veldig interessant tur. Også denne dagen var det lange strekk, men med mange flotte og koselege landsbyar og byar innimellom.
Vi veksla mellom dei to sidene av landtunga, Wustrow, Ahrenshoop, Prerow og Zingst var badebyar ved Østersjøen, og Born, Wieck og Barth som låg ved fjordane (bodden). Det var påtakeleg forskjell på temperaturen mellom dei to sidene av landtunga, sjø betyr friskare luft, sjølv når det er snakk om Østersjøen.
Andre lange strekk var gjennom myrland med strå ved bodden, og tredje lange strekk gjennom løvskog.
Pølsebua røykte fisk sjølv. |
Vi hadde tenkt å ha picnic, men det blei Imbiss-lunsj med fisk på havna i Born. (Imbiss er ei avansert pølsebu, her røykte dei fisk sjølv). Vidare gjennom skog og mark, heilt flatt, over ei bru over åpningen mot havet og inn til Barth langs ein nedlagd jernbane.
Barth var like livlig som Vigrestad ein mandagskveld, men hotellet var bra. Hotel Speicher Barth, eit ombygd (1995 - 1997) pakkhus på kaien. Veldig fint ombygd, med hotellrom i to etasjar, og gjennomgåande rom i andre etasje, slik at alle får havutsikt. Svært god restaurant, og hyggelig kelner. Om kvelden blei det torever og kraftig nedbør, men det gjekk fort over.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar