Wismar - Drevenkirchen - Stove - Rurik - Insel Poel - Kühlungsborn
Ostseeradweg gjer det til piece of cake å vere kartlesar på denne turen. Såpass lett at Pilfinner fekk med seg Fluefangersken og Han der på eit utbrudd frå gruppa, utan kart. Dei fire karta var hos dei andre, meir sindige typane som tok seg tid til kartlesing. Pilfinnar & co sykla rett og slett frå dei andre etter siste rast, då dei skulle konsultere kartet og finne den rette vegen. Etter ei tid var dei så greie å ringe dei andre og varsle at dei var "her", og det var jo til stor nytte for dei andre. Så det blei til at begge gruppene måtte finne fram på eiga hand, og det gjekk ganske fint for begge, alle visste dei skulle til Kühlingsborn. (kanskje var det litt konkurranse om å kome først...)
Men nå var det meir enn eitt hotell i Kühlingsborn, ganske mange, faktisk, og det skulle litt kløkt til for å finne fram til mål. Alle klarte det til slutt... Ringhotel Strandblick i Kühlungsborn
Hotella på turen: Alle tre hotella til nå har vore strålande, alle har vore firestjerners, med store, fine rom, god beliggenhet og god service. Vi får svært mykje for dei norske kronene våre i denne delen av Europa. Vi får også veldig god mat til ein rimeleg penge. Han der har vore på Trip Advisor og peila inn restaurantar på forhånd, og det har klaffa skikkeleg, Schippergesellschaft i Lubeck, Brauhaus am Lohberg i Wismar var to gode representantar for nordtysk tradisjon, kjekk, gammal innredning i gamle hus, og god mat. Matjesild og øl er typiske rettar for området, godt. I Kuhlungsborn var det også Trip Advisor som sende oss til pizzarestauranten Gallo Nero. Svært godt, men store porsjonar.
Elles innførte vi ein ny rett på kafe i Rurik, utanom menyen bestilte vi jordbær med is og krem, og då vi gjekk hadde det kome skilt i hagen om at dei hadde ein slik rett!
Folket som syklar er kjekke og har det fint saman. Noen har fått sykkelrumper, noen kne slarkar litt, det er litt hoste, Velte-Petter veltar litt, men stort sett går det veldig bra.
Ruta: Fin ekstratur ut på øya Poel for dei med friske rumper. Det blei litt langt mellom lunsjstader i lunsjtida. Elles heilt fin, det aller meste på sykkelvegar for dei som hadde kart og følgde det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar