Kort løype, men gode muligheter for forlengelse på over to mil tur - retur Rostock.
Som vermeldt, det regna denne dagen. Det passa godt med kort etappe, og den foreslåtte ekstraturen inn til Rostock blei gjennomført med buss, S-bahn, til fots og i taxi tilbake. Veldig fint å oppleve Rostock, flott gamleby (Unesco) og fin kjellarrestaurant, men det aller finaste var ein skobutikk, som vi uheldigvis ikkje kom oss til å kjøpe sko i. Schade. Damene drøymde om denne butikken om nettene.
Denne regnversdagen var det også godt med regnklær. Det fins jakke, bukse, trekk til sko, til hjelm osv. Det finnes også billige plasovertrekk, til ein billig penge på Rema, ifølge Pilfinner. Gode som segl i medvind, held kanskje ein halv tur... Pilfinner var også svært flink til å utnytte ressursane elles: Dusjhette på hotellrommet blei tatt i bruk som hodeplagg når det regna, pose for damebind blei beskyttar for lommebok.
Til sjølve løypa. Vi treng ikkje bekymre oss for å finn fram. Vegen er godt skilta heile tida, og ofte er det bare eit val.frå Kuhlungsborn gjekk turen "bak" stranden, vidare langs klippekysten i skog som gjekk heilt ut til havet. Synd at det regna og var så dårleg sikt. Ostseebad Heiligendam, kor det første kurbadet blei anlagt i 1790-åra, såg flott og ryddig ut med fine bygg og velstelte plenar.
Vi kom fram til hotellet i Diedrickshagen til lunsj, og fekk rom med ein gong. Då lunsjen var spist, var også koffertane komne, og vi kunne ta fatt på orienteringsløpet "å finne rommet". Ringhotel Warnemünder Hof var litt "huset på landet", flott, med stråtak og fleire påbygg. Men litt kjedeleg å bare vere der, dersom vi måtte det, men både Warnemünde og Rostock er gode alternativ om ettermiddagen.

Gode råd for sykkelturar: forbered rumpa på sykkelsetet!
Beste råd er å sykle mykje på forhånd. Nest beste råd er å ha med ekstra padding. Må ei ty til tredje beste råd, er sinksalve eit alternativ, men på denne turen blei det oppfunne ein ny metode også: Compeed plaster. Dermed var det full rulle, Compeedy Gonzales Pettersen var plutselig i tet!Pilfinner i Rema-ponch saman med Compeedy Gonzales i Heiligendamm. |
Denne regnversdagen var det også godt med regnklær. Det fins jakke, bukse, trekk til sko, til hjelm osv. Det finnes også billige plasovertrekk, til ein billig penge på Rema, ifølge Pilfinner. Gode som segl i medvind, held kanskje ein halv tur... Pilfinner var også svært flink til å utnytte ressursane elles: Dusjhette på hotellrommet blei tatt i bruk som hodeplagg når det regna, pose for damebind blei beskyttar for lommebok.
Til sjølve løypa. Vi treng ikkje bekymre oss for å finn fram. Vegen er godt skilta heile tida, og ofte er det bare eit val.frå Kuhlungsborn gjekk turen "bak" stranden, vidare langs klippekysten i skog som gjekk heilt ut til havet. Synd at det regna og var så dårleg sikt. Ostseebad Heiligendam, kor det første kurbadet blei anlagt i 1790-åra, såg flott og ryddig ut med fine bygg og velstelte plenar.
Vi kom fram til hotellet i Diedrickshagen til lunsj, og fekk rom med ein gong. Då lunsjen var spist, var også koffertane komne, og vi kunne ta fatt på orienteringsløpet "å finne rommet". Ringhotel Warnemünder Hof var litt "huset på landet", flott, med stråtak og fleire påbygg. Men litt kjedeleg å bare vere der, dersom vi måtte det, men både Warnemünde og Rostock er gode alternativ om ettermiddagen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar