Nytt hus får stråtak |
Frå huset på landet, gjennom Warnemunde by kor dei opna Warnemundeveka, under jernbanen (ned og opp trapper), med ferje over til Hohe Dune, det blei ein svært variert start på denne etappen. Deretter kom det lange strekk: Først på sykkelsti langs militæranlegg (tenkte vi DDR?), på grusvegar i lauvskog, på dike langs stranden, og til slutt gjennom ulike ferieanlegg. Noen svært enkle, sikert frå DDR - tida, noen svært fine, bygd i gammal stil med stråtak.
Stråtaka ser ut til å vere karakteristiske for Mecklenburg. Også nye hus får slike tak, og dei held i 40 år, i følgje ein takleggar vi spurde. Sidan det er så mange hus med stråtak, må det vere konkurransedyktig, og ikkje bare noko for turistane. Råvarer, strå, er det i alle fall nok av i området.
Buntar med strå til tak. |
Veret i Nord - Tyskland i juli: Ganske mildt, ca. 20 grader, vekslande ver med sol og regn. Kan blåse, men varierer. Ingen solgaranti, tydeligvis, men behagelig sykkelver.
God spiseplass i Dierhagen Dorf: Restaurant Schipperhus, Strandstrasse 6 (Også frå Trip Advisor, sjåøvste bilde). Kjempegod fisk. Dei fleste hotella ligg på stranden, men dette altså der fastbuande heldt til, i landsbyen i motsatt retning.
Hotellet vårt, Ostseehotel Dierhagen var spesielt. Kjempestor hall, breie gangar, store bad (tilrettelagt for rullestol), i det heile tatt stort, kaldt og firkanta. Her var det mykje DDR igjen, sjølv om ein hadde prøvd å mjuke opp. - Men greit å bu der, ingenting å klage på.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar