Sykkeltur i Puglia, Italias hæl. Puglia har 4 mill innbyggjarar, og produserer oliven, vin (Primitivo-drue) og kveite til pasta. Hovudby er Bari.
Turen startar i Alberobello, ein liten by (11 000) med ein flott ting: Trulliane. Ein trulli er eit steinhus med konisk tak, og det er bygd utan bindemiddel, slik at det kan demonterast. Det var visst aktuelt ein gong i tida, nå er husa innreda moderne. Veggene er tjukke og isolerer godt. Vi starta med å sykle inn i Alberobello, og det krydde av trullihus, den eine gata tøffare enn den andre. Vi trudde at nå hadde vi sett det som var av slike hus, men der tok vi feil. På heile turen fram til Ostuni var det nye og gamle trullihus. Dei nye hadde gjerne også tak med annan fasong i tillegg, men mengden skulle tilseie at det er ein levande byggjemåte.
Heile landskapet er fantastisk. Steingjerder langs vegar og jordlappane kor det først og fremst er dyrka oliven, men også druer og korn. Vi sykla mykje på småvegar, nokre veldig små, så små at det eigentleg ikkje var veg. Då hadde vi sykla feil! Plutseleg var vi tilbake i byen Cisternino, som vi hadde sykla ut av meir enn ein time tidlegare. Kva var problemet?
Når vi syklar, finn vi vegen sjølv. Vi bruker kart, beskrivelse og merking (piler). Denne gongen hadde vi også GPS. Korleis kunne vi så sykle feil? På ein strekning i øydemarka dvs utan byar og stadnamn, fann vi plutseleg ingen fleire piler. Litt vanskeleg å finne på kartet, det kunne vete rett, det kunne vete feil, ein raud strek som svinga seg avgarde. Beskrivelsen blei veldig sparsommelig, men då hadde vi GPS, som fortalde at vi var på rett veg. Så utan piler og med usikker kartlesing lot vi den finne fram, og det gjekk tilsynelatande godt, sjølv om det var litt rart på kartet. Nokon hadde bygt nøyaktig likt hus son vi hadde sett tidlegare, nokon hadde mista ein sko ein stad, og den andre skoen midt i vegen ein annan stad, eller hadde vi vore der før? Det hadde vi. Vi trudde vi var framme, men vi var altså tilbake til nest siste by, Cisternino, og ganske langt frå mål. Javel, vi snudde og fann fram etter kvart og kom fram til nydelige Ostruni. Kvit by på ei høgd med utsikt mot Adriaterhavet. Ser ganske gresk ut på avstand. Vel framme etter over 60 km møtte vi andre på same tur som også hadde slite med vegen.
Litt meir om GPSen. Han der fekk ikkje til å montere han på styret, så det blei til at han sykla med han i handa i førsten. Plutseleg måtte han bremse, og med ei hånd blei det løysing håndbrems, og hard håndbremsing medfører stup over styret. Det såg ganske alvorleg ut, med pusten slått ut..., sjukehuset neste? Vi fekk han der over i stabilt sideleie, så fekk han pusten igjen. Litt skrubbsår på lår,kne og albue, og vondt i ribbeina... Ikkje noko det for ein vaksen mann. Men: Begge hender på styret heretter!
Reell sykling denne dagen var over 60 km.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar