Ostuni er ein gammal, gammal by, gjenoppbygd av grekarane - og fekk namnet Astu Neon - den nye byen på gresk.
Ostuni er også eit turistmål, han er kalla den kvite byen, etter dei kvite bymurane frå mellomalderen rundt det sentrale citadellet. I byen finn vi ei flott kyrkje og palassa til mange rike familiar. Hotellet var også eit palass: Ostuni Palace. Veldig flott, inklusiv frokosten. Frå hotellrommet kunne vi sjå Adriatarhavet langt der nede.

Med hendingane frå dagen før i friskt minne: Dette var dagen då alt klaffa. Løypa ut av byen krevde nøyaktig kartlesing, eit belgisk par brukte 1,5 time ut, vi brukte 10 min. Det var sykling (leiing av syklar) mot kjøreretning i tronge gater. Litt spesielt, og det kunne gjerne vore betre markert i reisebeskrivinga. Men hu der var ute morgontur og rekognoserte, så det var full klaff.
Vidare var dagen ein dag for slak nedstigning mot kysten, i tillegg var det ganske sterk medvind. Så vi trill fort dei 62 kilometrane det eigentleg var. Det var klaff med piler, løypebeskrivelse og GPS. Og løypa tok oss gjennom olivenlundar, vinmarker og kornåkrar. Mest oliven. Langs vegen blømer det ville blomar. Vi reiste frå ein kald og sein vår i Noreg, her har vi følelse av fin norsk juli.
Når vi syklar ei slik rute, treffer vi jevnt og trutt dei andre som syklar same løypa. I dag har vi ca snakka med alle 14 som tar same turen: To tyske (Dani og Mikael), to sveitsiske, eit tysk/walisisk par, fire belgiske (som snakka flamingo i følgje ein kvinneleg taxisjåfør).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar