Overnatting i Masseria Grotella, hotellet som ligg i ein flott park. Masseria er namnet på ein stor gard som produserer olivenolje, vin eller grønnsakerr, og som ein gong mellom 1600 og 1900 blei forsternak for å motstå angrep frå tyrkarar og sjørøvarar. trilla vi fort nordover til det joniske hav. Turen er veldig variert. Første dag i høgda med trullihus og byar på høgder med tronge gater og små pizzaer, andre dag gjennom det slake jordbrukslandskapet, kor husa etterkvart skifta karakter. Så tredje dag langs azurblått hav. Dei første byane minna om Mexico, seinare kom byar i Hellas i tankane.
Langs kysten er turisme ikkje å unngå. Det er ennå før sesongen, og mykje stengt i dei mindre byane. Dei små turistbyane er sletne og svært lukka, sjølv om det nå er mai. Det er faktisk ikkje heilt lett å finne opne serveringsstader.
Vegen langs havet er nydeleg, flat, og framleis er det medvind. Så etappen på vel 60 km går greit unna. Gallipoli er endestasjon for oss, og vi har hotell i gamlebyen som ligg på ei eiga øy, tett bygd med gamle hus. Må bare vere ei turistfelle i sesongen.
Hotellet er Palazzo Mosco Inn, vi budde på hibiscusrommet, ikkje nummer, men blomar her. Frokost på takterrassen.
Og middagen i Angolo Blu, Via Muzio 45, i gamlebyen på øya var heilt fantastisk: Bare heilt fersk sjømat.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar