Gallipoli (Gresk: Kallipoli - vakker by) har ein ny og ein gammal del. Gamlebyen ligg på ei kalksteinsøy, knytta til fastlandet med ei bru frå 1500-talet.
Frå Gallipoli sykla me sørover til sørspissen av hælen til Italia. For første gong hadde me motvind, og pilfinnaren, som blei send i tet, merka at det blei meir slit. Fint at dette var kortaste etappen. Under ser vi målet, Santa Maria di Leuca.
Sesong: Mai er fin å sykle ved Middelhavet fordi det er passe varmt, rundt 20 grader. Det er også friskt og blømande, det er kvite, gule, oransje, rosa, men mest lilla, lilla, ulike nyanser av lilla langs vegen. Innhaustinga har begynt, men ikkje turistsesongen, noko som betyr lite trafikk. Det er viktig, for det ein god del av denne ruta går på vegar. At turistsesongen ikkje hadde begynt, betydde også at badebyane nærmast var stengde, og utvalet av kafear og matutsal var lite.
Her har vi stoppa på ein av dei opne kafeane vi fann. Piknik kunne vore eit alternativ, men vi fann omsider spiseplassar.
Og så var vi i Santa Maria de Leuca, der det joniske havet møter Adriaterhavet. Hotell Terminal.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar