Otranto er også grunnlagd av grekarane. Opprinnelege heitte byen Hydrus, Hydruntum ... I romartida var byen ei viktig hamn, nesten det austlegaste punktet i Italia. I tillegg til grekarane og romarane, har bysantinarar, normannarar, ottomanar og franskmenn hatt interesser i byen. Byen har mellom 5 og 6000 innbyggjarar. Ein liten by med ein liten og koselig gamleby med ei borg.
Puglia skulle vere eit fattig område. Det var ganske rett noko slite. Mange stader var det dårleg vedlikehald av vegar, humpete og lappa asfatl, og badebyane såg noko fordums ut også. Men Lecce såg ganske fin ut, og det var aktivitet, og jorda var i bruk.
Litt om hotellet i Otranto. Hotel San Guiseppe har vore hotell sidan 1600- talet, men er nyoppussa. Vårt rom hadde eigen inngang på bakkeplan, det var bua tak og høgt under taket. Gammal stil. Slik var det også i frokostrommet. Fantastisk.
Sidan det var 17. mai, sykla vi med norske flagg stikkande ut på bagasjebrettet. Sykkelturen gjekk først nordover langs austkysten. Deretter skar han innover i landet. Det meste på småvegar mellom olivenlundane, men av og til ut på trafikkerte vegar. Trafikk, men aldri mykje trafikk. Det er i det heile lite folk og lite bilar i Puglia. Vi hadde med mat til piknik, og det var lurt. Vi kunne kanskje funne ein lunsjstad, kanskje ikkje.
Puglia skulle vere eit fattig område. Det var ganske rett noko slite. Mange stader var det dårleg vedlikehald av vegar, humpete og lappa asfatl, og badebyane såg noko fordums ut også. Men Lecce såg ganske fin ut, og det var aktivitet, og jorda var i bruk.
Men i Lecce var det folk, ganske mange. Lecce er ein over 2000 år gamal by med 95000 innbyggjarar. Byen er kjent for barokkarkitekturen sin og restar etter dei grensk grunnleggjarane. Byen eksporterer kalkstein (leccestein) som er god til skulpturar, oliven, vin og keramikk. Det er to amfiteateret frå romartida der, og flotte barokkyrkjer.
Vi blir kjent med folk på turar. Denne siste kvelden åt vi middag med Mikael og Dani frå Berlin. Interessante folk. -
Og så var denne interessante og flotte turen over. Vi kjøpte turen av Pedalo. som vi alltid er nøgde med. Operatør på staden var Fun Active, eit italiensk firma. - Koffertane var alltid på plass på rommet når vi kom!!!
Blogginga blei delvis gjort undervegs på turen på Ipad. Bileta blei tekne på Iphone og Ipad, og innlegga skrive på Ipad når det var stabil nettdekning på hotella, noko som ikkje alltid var tilfelle. Det passar godt å produsere undervegs.