onsdag 15. mai 2013

Gallipoli - Santa Maria di Leuca 48 km

Gallipoli (Gresk: Kallipoli - vakker by) har ein ny og ein gammal del. Gamlebyen ligg på ei kalksteinsøy, knytta til fastlandet med ei bru frå 1500-talet.

Frå Gallipoli sykla me sørover til sørspissen av hælen til Italia. For første gong hadde me motvind, og pilfinnaren, som blei send i tet, merka at det blei meir slit. Fint at dette var kortaste etappen. Under ser vi målet, Santa Maria di Leuca.


Sesong: Mai er fin å sykle ved Middelhavet fordi det er passe varmt, rundt 20 grader. Det er også friskt og blømande, det er kvite, gule, oransje, rosa, men mest lilla, lilla, ulike nyanser av lilla langs vegen. Innhaustinga har begynt, men ikkje turistsesongen, noko som betyr lite trafikk. Det er viktig, for det ein god del av denne ruta går på vegar. At turistsesongen ikkje hadde begynt, betydde også at badebyane nærmast var stengde, og utvalet av kafear og matutsal var lite. 

Her har vi stoppa på ein av dei opne kafeane vi fann. Piknik kunne vore eit alternativ, men vi fann omsider spiseplassar.

Og så var vi i Santa Maria de Leuca, der det joniske havet møter Adriaterhavet. Hotell Terminal. 

mandag 13. mai 2013

Avetrana - Gallipoli 60 km

Overnatting i Masseria Grotella, hotellet som ligg i ein flott park. Masseria er namnet på ein stor gard som produserer olivenolje, vin eller grønnsakerr, og som ein gong mellom 1600 og 1900 blei forsternak for å motstå angrep frå tyrkarar og sjørøvarar.  trilla vi fort nordover til det joniske hav. Turen er veldig variert. Første dag i høgda med trullihus og byar på høgder med tronge gater og små pizzaer, andre dag gjennom det slake jordbrukslandskapet, kor husa etterkvart skifta karakter. Så tredje dag langs azurblått hav. Dei første byane minna om Mexico, seinare kom byar i Hellas i tankane.


Langs kysten er turisme ikkje å unngå. Det er ennå før sesongen, og mykje stengt i dei mindre byane. Dei små turistbyane er sletne og svært lukka, sjølv om det nå er mai. Det er faktisk ikkje heilt lett å finne opne serveringsstader. 




Vegen langs havet er nydeleg, flat, og framleis er det medvind. Så etappen på vel 60 km går greit unna. Gallipoli er endestasjon for oss, og vi har hotell i gamlebyen som ligg på ei eiga øy, tett bygd med gamle hus. Må bare vere ei turistfelle i sesongen. 

Hotellet er Palazzo Mosco Inn, vi budde på hibiscusrommet, ikkje nummer, men blomar her. Frokost på takterrassen. 

Og middagen i Angolo Blu, Via Muzio 45, i gamlebyen på øya var heilt fantastisk: Bare heilt fersk sjømat.

søndag 12. mai 2013

Ostuni - Raum Avetrana 62 km


Ostuni er ein gammal, gammal by, gjenoppbygd av grekarane - og fekk namnet Astu Neon - den nye byen på gresk.

Ostuni er også eit turistmål, han er kalla den kvite byen, etter dei kvite bymurane frå mellomalderen rundt det sentrale citadellet. I byen finn vi ei flott kyrkje og palassa til mange rike familiar. Hotellet var også eit palass: Ostuni Palace. Veldig flott, inklusiv frokosten. Frå hotellrommet kunne vi sjå Adriatarhavet langt der nede.

Med hendingane frå dagen før i friskt minne: Dette var dagen då alt klaffa. Løypa ut av byen krevde nøyaktig kartlesing, eit belgisk par brukte 1,5 time ut, vi brukte 10 min. Det var sykling (leiing av syklar) mot kjøreretning i tronge gater. Litt spesielt, og det kunne gjerne vore betre markert i reisebeskrivinga. Men hu der var ute morgontur og rekognoserte, så det var full klaff. 

Vidare var dagen ein dag for slak nedstigning mot kysten, i tillegg var det ganske sterk medvind. Så vi trill fort dei 62 kilometrane det eigentleg var. Det var klaff med piler, løypebeskrivelse og GPS. Og løypa tok oss gjennom olivenlundar, vinmarker og kornåkrar. Mest oliven. Langs vegen blømer det ville blomar. Vi reiste frå ein kald og sein vår i Noreg, her har vi følelse av fin norsk juli. 

Når vi syklar ei slik rute, treffer vi jevnt og trutt dei andre som syklar same løypa. I dag har vi ca snakka med alle 14 som tar same turen: To tyske (Dani og Mikael), to sveitsiske, eit tysk/walisisk par, fire belgiske (som snakka flamingo i følgje ein kvinneleg taxisjåfør).

lørdag 11. mai 2013

Alberobello - Ostuni ca. 45 km



Sykkeltur i Puglia, Italias hæl. Puglia har 4 mill innbyggjarar, og produserer oliven, vin (Primitivo-drue) og kveite til pasta. Hovudby er Bari.

Turen startar i Alberobello, ein liten by (11 000) med ein flott ting: Trulliane. Ein trulli er eit steinhus med konisk tak, og det er bygd utan bindemiddel, slik at det kan demonterast. Det var visst aktuelt ein gong i tida, nå er husa innreda moderne. Veggene er tjukke og isolerer godt. Vi starta med å sykle inn i Alberobello, og det krydde av trullihus, den eine gata tøffare enn den andre. Vi trudde at nå hadde vi sett det som var av slike hus, men der tok vi feil. På heile turen fram til Ostuni var det nye og gamle trullihus. Dei nye hadde gjerne også tak med annan fasong i tillegg, men mengden skulle tilseie at det er ein levande byggjemåte.


Heile landskapet er fantastisk. Steingjerder langs vegar og jordlappane kor det først og fremst er dyrka oliven, men også druer og korn. Vi sykla mykje på småvegar, nokre veldig  små, så små at det eigentleg ikkje var veg. Då hadde vi sykla feil! Plutseleg var vi tilbake i byen Cisternino, som vi hadde sykla ut av meir enn ein time tidlegare. Kva var problemet?

Når vi syklar, finn vi vegen sjølv. Vi bruker kart, beskrivelse og merking (piler). Denne gongen hadde vi også GPS. Korleis kunne vi så sykle feil? På ein strekning i øydemarka dvs utan byar og stadnamn, fann vi plutseleg ingen fleire piler. Litt vanskeleg å finne på kartet, det kunne vete rett, det kunne vete feil, ein raud strek som svinga seg avgarde. Beskrivelsen blei veldig sparsommelig, men då hadde vi GPS, som fortalde at vi var på rett veg. Så utan piler og med usikker kartlesing lot vi den finne fram, og det gjekk tilsynelatande godt, sjølv om det var litt rart på kartet. Nokon hadde bygt nøyaktig likt hus son vi hadde sett tidlegare, nokon hadde mista ein sko ein stad, og den andre skoen midt i vegen ein annan stad, eller hadde vi vore der før? Det hadde vi. Vi trudde vi var framme, men vi var altså tilbake til nest siste by, Cisternino, og ganske langt frå mål. Javel, vi snudde og fann fram etter kvart og kom fram til nydelige Ostruni. Kvit by på ei høgd med utsikt mot Adriaterhavet. Ser ganske gresk ut på avstand. Vel framme etter over 60 km møtte vi andre på same tur som også hadde slite med vegen.

Litt meir om GPSen. Han der fekk ikkje til å montere han på styret, så det blei til at han sykla med han i handa i førsten. Plutseleg måtte han bremse, og med ei hånd blei det løysing håndbrems, og hard håndbremsing medfører stup over styret. Det såg ganske alvorleg ut, med pusten slått ut..., sjukehuset neste? Vi fekk han der over i stabilt sideleie, så fekk han pusten igjen. Litt skrubbsår på lår,kne og albue, og vondt i ribbeina... Ikkje noko det for ein vaksen mann. Men: Begge hender på styret heretter!



Reell sykling denne dagen var over 60 km.

fredag 10. mai 2013

Bysykling i Trondheim


Flott å bli kjent i Trondheim ved hjelp av syklene til Clarion Hotell & Kongress Trondheim. Ingen reservasjon av sykler, men første mann til mølla, og det var oss som var det. Vi sykla frå hotellet på Brattørkaia, over Lade og kikka på Lade herregård. Vidare innom hagen på Ringve, over Persaunet, Tyholt, Øya og gjennom sentrum og kaffekopp på Dromedar. I alt 22 km, og med god tilrettelegging for syklister.

Vi brukte kart på nettbrett (Statens vegvesen) og mobilkart. En ny verden når det gjelder å finne fram.
Fint i Trondheim, ikkje sant. Godt tilrettelagt for syklister, og mange som sykla til jobben, på kryss og tvers.

søndag 14. april 2013

Planetstien Sandnes

Lørdagens kosetur gjekk langs Planetstien. Den begynner nord i Sandvedparken ved Mega, og går langs Storånå gjennom parken (som er 3,6 km), vidare rundt Stokkelandsvatnet, der dei ytste planetane ligg, m.a. Neptun. Planetmodellane er plassert innbyrdes i rett avstand i målestokken 1:1milliard, og heile løypa er 5,95 km. Sjå kart i lenka over.- Kvar planet er markert med ei støtte, slik som Neptun på biletet.

Etter Stokkelandsvatnet sykla vi opp Kleivane, som har fått god gjennomgåande veg til Austrått fordi Sandnes tomteselskap skal byggje 500 bustader der.

Rundturen Austrått - Sandnes - Gandal - Høyland - Kleivane - Austrått var 15 km. Kan vere ein flott tur med barn, mykje å sjå, og nesten ikkje på bilveg. 

søndag 3. mars 2013

Nye sykkelvegar på Forus og Sola




Målet var å sykle på den flotte sykkelvegen langs Solastrand, nesten ute i havet, og det var like flott som tenkt. Sjå bilete.

Men for å kome dit, tok vi vegen over Forus, Skadberg og Åsen, som var ei openbaring av nye sykkelbruer og vegar. Først såg vi den uferdige kollektiv-/sykkelbrua over motorvegen ved Statoil, deretter nyasfaltert sykkelveg vestover frå brua i retning Sola sentrum, og jamen så dukka det opp ei luftig sykkelbru mellom industriområdet og bustadområdet på Skadberg, bilete to.

Den neste positive overraskinga var brua over den nye nye vegen Solasplitten, som gjer det ganske trygt å kome seg på sykkel frå indre strok av Sola til flyplass- og strandområdet.

Skulle gjerne finne eit oppdatert kart over sykkelvegnettet på Forus. Det er mykje bra som skjer, håper dei snart blir ferdige med alt vegarbeidet.

Kvilepause ved Sola ruinkyrkje, så det flotte strekket langs stranda, men så var det slutt på herlegheita. Sykkelstiens missing link ved Sola golfbane til Rv 509. Resten til Sandnes var igjen OK.

Runden var 32 km. Herleg vårver.

Ruta fins her på Runkeeper - Rundt flyplassen