Fortsettelse England og mat. I Crawley hadde han der funne ein restaurant på Trip Advisor som heitte Happy Meeting. Då me endeleg fann lokalet, på baksida av eit varehus, ved vareleveringa, såg det ut til å vere ei take-away-sjappe med to triste bord i eit hjørne. Heldigvis fekk ikkje Hu der viljen, som var å finne noko anna, for då me gjekk inn, viste det seg å vere ein flott kinesisk restaurant i andre etg. God mat, og ikkje så dyrt.
Holiday Inn Gatwick Crawley var også greit. Turen er legt opp med fine hotell som arrangøren må ha fått god rabatt på. Crawley er ein ryddig soveby for London, med ganske uskjønne delar utbygde i nittenseksti- og sytttiåra. Men då me sykla ut mot London, kom me gjennom fine, litt eldre bustadstrøk. Me passerte Gatwick flyplass, på sida og delvis under, elles gjekk turen denne dagen gjennom nokre mindre byar (Horley, Redhill, Coulsdon, Carlshalton, Croydon) og ein stor, men svært mykje av traseen var i parkar, commons og greens, kilometervis og heilt nydeleg, sjå over.

Det er imponerande korleis engelskmenn held seg med parkar og grøne anlegg, på vegen på 66 km sykla me gjennom: Riverside Garden Park, Farthing Downs Tree Belt, Figgs Wood, Sparkle Wood, Devilsden Wood, Woodcote Park, Clockhose Recreation Ground, Woodmansterne Park, The Oaks Park (lavendel, sjå under), Tha Grove, Poulter Park, Deen City Farm, Ravensbury Park, Wandsworth Common, Battersea Park, Clapham Common og i sentrum St. James Park, Green Park og Hyde Park. Syklinga i London sentrum gjekk overraskande bra, men tok tid, så me var ikkje framme ved hotellet før 17.45, sjølv om me starte før 9 og hadde pik-nik.
Eg hadde ikkje venta lavendelmark i London!
Traseen hadde ei stigning på 110 m på litt over 1 km, og ei litt skikkelig stignng til, elles var det nokså flatt og lettsykla. Me sykla på Nasjonal sykkelrute 20 og 21, deretter Londonrute 3 og 4 til Westminster Abbey. Bysyklinga i London gjekk overraskande bra, kanskje fordi det var lørdag ettermiddag? At me var ei større gruppe (me samla kvarandre opp på vegen) var sikkert også ein fordel i byen, Frå Westminster Abbey hadde Verde Natura merka veg gjennom parkar til hotell Premier Inn Kensington Olympia, og med kom fram kl 17.45, eit kvarter før innleveringsfrist for syklane.
På Chez Partick hadde me fin middag saman med Joanne og Harold, Canada, for å feira at me klarte det. Ein ganske krevande tur, variert, spennande. Nokre heilt strålande bra delar, nokre strekk langs trafikkert veg, variert ver (siste dag var svært bra), god vegbeskriving. Personalet i www.verde-natura.com var også svært hjelpsomme.
gratulerer med gjennomført tur! Skal ha denne turen i boksen for aktuelle turer. Har heldigvis en sykkeltur nær forestående i Danmark og den får du nok rapport fra. God sommer videre! Hilsen Rigmir
SvarSlett