torsdag 10. juli 2014

Forges-les-Eaux - Dieppe 56 km + ferje til Newhaven

Hotel le Continental i Forges-les-Eaux. Gammalt spahotell, men heilt bra inni. Gammal storhet i resepsjonen, nyoppussa rom og bad. 
Mat er ein viktig del av opplevinga, og i Frankrike er det ofte håp om at matopplevinga blir god. Derfor førebur Han der ofte turane med å finne gode restaurantar på Trip Advisor. Gjestene vurderer og skriv om restauranten, og Han der plukkar ut, og det har alltid vore vellukka. Men denne gong ei. Måndag var utvald restaurant i Maison Laffitte stengd fordi det var måndag (mykje i Frankrike er stengt måndagar). Tysdag var det Gisors, der var restauranten nedlagd, og onsdag i Forges-les-Eaux hadde den utvalde bare lunsjope må-ty-on, middagstid var han stengd. Det blei pizza! Neste blir middag på ferja!

Forges kjem av at det blei laga jern der, så langt tilbake som i romartida, eaux kjem av vatn som hadde helseverknad, det har vore spa der langt tilbake i tida. Kjeldene med vatn som hadde god verknad blei oppdaga på 1500-talet, men først i 1820-åre blei det fart på spaverksemda. Nå er det største spaer omgjort til kasino.

Sykkelvegen frå Forges følgjer den gamle jernbanen frå hotellet vårt 45 km til utkanten av Dieppe. Det er ganske flott å gli avgarde på sporet på jernbanefyllingar, bruer og av og til grovne ned i landskapet.  Ikkje opp og ned, ned og opp slik det hadde vore om me hadde følgt landskapet. Dessutan vaks det tre langs den gamle linja, som var godt ly mot nordavinden som måtte blåse denne dagen me sykla nordover. Kvar stad ein veg kryssa sporet/Avenue Verte sto det eit lite hus som me først trudde var stasjon, men dei låg for tett til det, så vi tippa på hus for vaktaren av jernbaneovergangen.  Nå var tydelegvis alle husa selde til private, det same med dei fleste stasjonsbygningane.

Banen gjekk mellom Paris og Dieppe, og blei bygd i 1873. Folk brukte denne når dei reiste til England, og banen frakta jordbruksvarer frå Normandie til Paris. Banen blei nedlagd i 1988. 

Landskapet har gardar med kyr og eplehagar, og Normandie er kjent for dei gode ostane frå melka, og sider og calvados laga av epla. I ruta ligg også og renessanseslottet Mesnières-en-Bray, sjå under. 
Dessutan mange forskjellige blomar, mellom anna mange bjørnebærbuskar, ennå med blomar her. Det er grønt og frodig, og vi merkar at landskapet får nok regn, også denne dagen. Investeringa mi i god Gore Tex-bukse ga avkastning i dag, det var herlig å ha den i yren. I regn går det lett fortare framover enn elles, og vips så var det slutt på sykkelstien. Frå Arques-des-Batailles til Dieppe var det sykling på veg. Forbetringspotensiale for Avenue Verte akkurat på den delen med trafikk, men etter den flotte jernbanetraseen tållte me det.  På vegen samla me opp Harold og Joanne, frå Canada, og hadde lunsj med dei i Dieppe.


Dieppe er ein viktig havneby med ferje til England. Namnet Dieppe kan kome av norrønt djupr, og viser til havna som er djup, og var på 1500-talet den viktigaste hamna i Frankrike. Byen blei øydelagd i 1694 av ein engelsk-nederlandsk krigsflåte og ein stad kor britisk-kanadiske styrker gjennomførte eit stort raid i 1942 som ga mange erfaringar til planlegging av D-dagen i 1944.


Heldigvis hadde me hotell like ved havnen, Premier Inn var lett å finne, sjølv om det begynte å mørkne då me hadde kome oss ut av båten og gjennom passkontrollen. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar